Norsk Tipping-ligaen avd.4: Kampfakta og reaksjoner.

665

Litt om den siste runden i NT-ligaen avd.4: 

Varegg-Førde: 
Måla til Varegg vart scora av: 
Hermann Mellesdal Haukeland,Marius Hodne Sivertsen,Nils-Erik Engen,Asgrim Tangen Farnes.
Måla til Førde vart scora av: 
Oskar Roti,Daniel Kvalvågnes.
Slutt resultat: 4-2.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Varegg trenar Hiep Tran: 
Gjorde ein god 1.omgang og scora nokre flotte mål. i andreomgang verkar det ut som at vi var vel komfortable med 3-0 leiinga og slapp dei litt inn i kampen igjen.
Heldigvis så hadde vi roen til å punktera kampen med 4-2 scoringa.
Førde trenar Bjørn Totland: 
Vi var ikkje klare til kamp! Var på etterskot i duellar og var for svake i eigen boks. Kom seg i 2.omgang som vi vinn 2-1. Det var kjekt å gje Sagevik og Aamelfot speletid. Ungguttene klarte seg bra!

Spjelkavik-Aalesund2: 
Måla til Spjelkavik vart scora av: 
Mathias Eikenes,Andreas Glomseth Olsen.
Slutt resultat: 2-0.

- Annonse -

Sotra-FK Fyllingsdalen: 
Målet til FKF vart scora av:
Kaspar Bergset.
Slutt resultat: 0-1.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Sotra trenar Tommy Knarvik:  
Spelte ein veldig god 1.omgang der vi bør leda med eit par mål. Jamnare i 2.omgang der FKF scorar på eit klabb å klabb mål 10 minutt før slutt.
Det har uansett vore ein god sesong for våres del,synd me ikkje nådde 3 plassen til slutt. Men det har vore ein flott sesong med eit heilt nytt ungt lag. Absolutt noko å byggja vidare på inn i mot neste sesong.
FK Fyllingsdalen trenar Roar Fredriksen: 
Det var ein jamn kamp der vi klarar å få uttelling mot slutten av kampen. Fornøgd med innsatsen til gutta.

Os-Brattvåg: 
Målet til brattvåg vart scora av: 
Torbjørn Grytten.
Slutt resultat: 0-1.

Spelande dagleg leiar i Os Endre Brenne: 
Det var ein ok kamp frå vår side. Solide defensivt, men slepp inn eit enkelt mål på slutten. Utruleg kjedeleg utfall med Stord sin siger i Haugesund. Trist dag for Os Fotballen.
Brutalt!

Haugesund-Stord: 
Målet til Haugesund vart scora av: 
Kevin Martin Krygaard.
Måla til Stord vart scora av:  
Jacob Hjellestad Iversen,Petter Hilton,2*Viktor Smari Segatta,Kristoffer Kleven.
Slutt resultat: 1-5.

Assistent trenar Stord Jon Andrè Røyrane: 
Det var ein fortjent siger. Best i frå start til slutt!

Brann2-Lysekloster: 
Målet til Brann2 vart scora av: 
Jonas Tillung Fredriksen.
Måla til Lysekloster vart scora av: 
Kristoffer Østervold,Ole Thomas Herrem.
Slutt resultat: 1-2.

Brann2 trenar Morten Kalvenes: 
Det var ein fysisk kamp med mykje langpasningar og duellar. Lysekloster vant ein jamn kamp og bildet blir slik som det har vore for oss siste halvdel av hausten.

Fjøra-Herd: 
Målet til Fjøra vart scora av: 
Karsten Bjelde.
Raudtkort Herd spelar Vegard Bruland etter 2 gulekort.
Slutt resultat: 1-0.

Assistent trenar Fjøra Sondre Skrede:
Det var deilig med seier før me tar nokre veker ferie. Det var fortjent i dag i ein nokså jamn kamp.
Føler at vi har dei største sjansane,kjekt å få revansje etter tap mot dei på bortebane.

Det var ein brutal siste runde i Norsk-Tipping-ligaen avd.4: 
Os såg lenge ut til å klara seg i divisjonen men det gjekk ikkje. Stord måtte scora 5 mål for å få betre målforskjell enn Os for å havna på sikker plass. Dei vant kampen 1-5 mot Haugesund2.
Lysekloster hadde lenge opprykket i lomma. Men med eit seint mål av Brattvåg spelar Torbjørn Grytten gjorde det til at det var Brattvåg som rykka opp.
Lysekloster og Brattvåg enda på daudtløp. Brattvåg rykker opp med bedre målforskjell.

Opprykk:
Brattvåg.
Nedrykk:
Aalesund2,Os,Haugesund2,Fjøra.
Toppscorar: 
Brattvåg spelar Torbjørn Grytten.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -