Norsk Tipping-ligaen avd.4:Kampfakta og reaksjonar.

275

Litt om den 25 serierunden i NT-ligaen avd.4: 

Førde-Fjøra: 
Måla til Førde vart scora av: 
Daniel Kvalvågnes,Øystein Myrkaskog,Vegard Savland.
Målet til Fjøra vart scora av: 
Malvin Gjerde.
Slutt resultat:3-1.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Førde trenar Bjørn Totland: 
Var  gode framover og vi kunne nok ha laga fleire mål.Fjøra gjorde god motstand på ei rask og glatt bane.
Gutta ville vinne og det lyste av dei!
Fjøra trenar Knut Almås:
Det var ein tøff og tett kamp på ei regnfull bane.Førde starta kampen best og dei fekk ei tidleg leiing.Fjøra spelte seg meir og meir inn i kampen og produserte fleire store sjansar. At det stod 3-1 til Førde til pause gjev eit feil bilete av kampen.Det kunne likegodt ha vore 3-3.  
2.omgang vart ein parodi av ein fotballkamp på ei dårleg bane.

Aalesund2-Os:
Måla til Aafk2 vart scora av:
Anders Waagan,Jørgen Hatlehol. 
Måla til Os vart scora av:
Rafael Villén Villén,Torgeir Lunde. 
Slutt resultat:
2-2. 

- Annonse -

Spelande dagleg ledar Os Endre Brenne:
Elendig fyrste omgang. Virker nervøse og vi fekk ikkje spelet til å sitte. Etter 2-0 hever me oss og får fortjent utlikning på overtid. Kan vise seg å være heilt avgjerande når ein tel opp til slutt.

Brattvåg-Haugesund2:
Måla til Bratvåg vart scora av:
Emil Dahle,Kristian Strande,Prince Mambouana,Sondre Sandnes Beite,2*Håkon Bjørdal Leine,Willy Zamble.
Sjølvmål av Haugesund2 spelar:
Kaj-Stian Pedersen Apeland.
Slutt resultat:8-0.

Haugesund2 trenar Espen Langøen Bull-Tornøe: 
Det var ein ok 1.omgang og ein fryktelig 2.omgang.
Fekk oss ein leksjon mot eit godt lag.

FK Fyllingsdalen-Varegg: 
Målet til FKF vart scora av: 
Mathias Raum.
Måla til Varegg vart scora av: 
Petter Knudtsen,Henrik Nyland,Kristoffer Valsvik.
Slutt resultat:1-3.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
FK Fyllingsdalen trenar Roar Fredriksen:  
Kom tidleg under og måtte henta inn 0-2.
Resultatet prega kampen der vi jagar utligninga.
Varegg var gode og heldige som holder unna og i tillegg får avgjort med sitt 3 mål mot slutten av kampen.
Varegg trenar Hiep Tran:
Vi gjorde ein god fyrsteomgang og leda fortjent til pause.Andreomgang mysta vi litt struktur defensivt slik at Fyllingsdalen tok over med vedvarande press.
Litt mot spelet sin gang punkterar vi kampen med eit flott frispark!

Herd-Spjelkavik: 
Målet til Herd vart scora av: 
Ingolfur Örn Kristjansson.
Slutt resultat:1-0.

Spjelkavik trenar Frode Fagermo: 
Det var ein tett kamp som vi var hakket bedre i. Burde minst ha hatt 1.poeng.

Lysekloster-Sotra: 
måla til Lysekloster vart scora av: 
Stian Dyngeland,Kasper Hjørngaard,Espen Birkeland.
Målet til Sotra vart scora av: 
Kristoffer Stava.
Slutt resultat:3-1.

Sotra trenar Tommy Knarvik: 
Spelte ein god 1.omgang der vi hadde kontroll og skapte ein del godt spel.Kampbiletet endrar seg i 2.omgang.Lysekloster var det beste laget og vinn kampen fortjent til slutt.

Stord-Brann2: 
Måla til Stord vart scora av:
2*Viktor Smari Segatta,Jacob Hjellestad Iversen.
Målet til Brann2 vart scora av:
Håkon Gjerstad.
Slutt resultat:3-1.

trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Assistent trenar Stord Jon Andrè Røyrane: 
Det var ein fortjent siger,Brann2 yppa seg i periodar.Men heime på ei dårleg grasbane var vi best.
Brann2 trenar Morten Kalvenes:
Vi åpna klart best med å ta leiinga 0-1.Vart straffa på ei kontring, ein dødball før pause og ei kontring etter pause.
Kampen avvikles i ei my og Stord løyser forholda best.  

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -