1.runde i cupen:Førde-Florø intervjuer før kampen.

286
google

På torsdag så brakar det laust i Førde by. Då blir det eit ekte by derby Førde-Florø kl:18:00 Sharp på torsdag.
Kan Førde klare å karre seg vidare til 2.runde? kven veit det får vi først vite på torsdag.  

- Annonse -

Stefan Alexander Aase Florøspelar har dette å seie om by derbyet på torsdag:
Eg gledar meg til å spela slike derbykampar,sjølvom divisjonsforskjellen aldri har vore større. Vi har vel vore ubeseira dei siste 4 åra mot lyskrysset Førde og det vil vi forlenga.
Slike cupkampar kan leve sitt eige liv,så vi tek ikkje lett på det.
Eg håpar på eit stort oppmøte i frå supportarar i frå begge laga,så skal eg/vi sørgje for god underhaldning.
Han avsluttar med tilslutt: Heia Florø.
Stefan Alexander Aase sitt personlege mål for sesongen er:
Mitt mål for sesongen er å vinna alle kampar,så får sjå korleis vi endar opp tilslutt.
Mitt personlege mål er å bidra med målpoeng i kvar kamp!

Førdespelar Ruben Holsæter har dette å seie om cupkampen på torsdag:
Nei eg har ikkje så masse eigentleg,einaste er at vi gleda oss veldig til den kampen.
Men det blir ein meget tøff kamp for vår del.

Med andre ord så kan vi vente oss ein ordentleg knokkel kamp på torsdag når to byar barka i hop i første runde av cupen.
Kven veit kanskje vi får ei cupbombe med at Førde slår ut Florø men det får  vi først vite på torsdag kl:18:00 Sharp.

 

Kommentarer

kommentarer