Det var klart for første runde i Norgesmesterspaket. Det var Bergen Nord som inviterte til fest på Flaktveit Stadion. Åsane var storfavouritt før kampen og det tok bare 8 minuttar før ballen var i mål. Det var Belly som slo eit innlegg inn til Henrik Udahl som sendte ballen vidare til Magnus Nybakken Bruun-Hansen som sette ballen i mål. Og man kunne sjå at det var stor forskjell på laga. Åsane dominerte kampen og dei fekk eit fortjent mål etter 39 minutt. Det var eit hjørnespark, ballen blei slått perfekt til Elias Brox som stanga ballen i stolpen og på returen sto Simen Hopsdal klar for og sette den i mål. 2-0 til Åsane. Nå kunne dei gå til pause med ein god følelse.

Etter pause var Bergen Nord litt meir med i kampen men det var fortsatt Åsane som sette det neste målet. Det var Udahl som blei tatt innanfor sekstenmeteren. Straffe, det var han som skulle ta den sjølv. Og han sette den solid i mål. 3-0. Men det skulle ikkje bli ein heilsvart dag for Bergen Nord. Fordi plutselig var dei igjennom og sette inn 3-1 målet. Det var Steffen Egesund som skåra. Men gleden var kortvarig, for 5 minuttar etter sette Henrik Udahl sitt andre mål for dagen. 4-1 og kampen var avgjort. Men det var ikkje det siste målet som skulle komme i denne kampen, i det 87. minutt sette Elias Rognstad Brox ballen i mål. Og Åsane vant fortjent og gjekk vidare til andre runde av cupen.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

- Annonse -
[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -