Det var klart for eit spennande oppgjør i PostNord-Ligaen. Det var Mjølner mot Åsane. Mjølner hadde 3 poeng før denne kampen mens Åsane hadde dobbelt så mykje med 6. Mjølner hadde tapt 1-0 mot Melbo onsdag 1.Mai, Åsane hadde knust Bergen Nord 5-1. Det var tydelig at Åsane var favoritt. Men dei svarte ikkje til forventningane dei første minutta. Mjølner styrte kampen. Etter 8 minuttar blei Eirik Wollen Steen ut med skade. Det var ikkje bra for Morten Røsslands menn, at ein så viktig speler blei skada. Men det var ikkje det einaste problemet til Åsane. Etter 20 minutt var stillinga 1-0 til Mjølner. Det var Elias Uppheim som sette ballen i mål. Det såg vanskelig ut for Åsane. Dei kom seg meir inn i kampen men det var vanskelig og sjå at dei skulle snu dette. Men det fekk seg ein positiv opplevelse rett før pause. Det var Joakim Hammersland som slo ballen inn til Stian Bogetveit Nygard. 1-1.

Men det var eit heilt anna Åsane lag som kom ut i andre omgang. Og det tok bare fire minuttar før ballen låg i målet bak Daniel Dehnes Ravneng. 1-2. Og Åsane hadde snudd kampen. Det var Stian Nygard som skåra igjen. Og det var ikkje siste gang Ravneng måtte plukke ballen ut av målet. For tre minuttar etter var det Håkon Holmefjord Lorentzen som var sist på ballen. Det var ein kontring til Åsane der Lorentzen blei spelet åleine igjennom frå Kristoffer Valsvik. I det 58 minutt var det 1-4 til Åsane. Denne gangen var det Joakim Vatle Hammersland som fekk muligheita til å sette ballen i mål. Og laget frå Åsane var ikkje ferdig. For etter 78 minuttar sette Håkon Lorentzen inn sitt andre mål for kvelden. 1-5 og Åsane hadde skåra 4 mål på ein omgang. Og det var det siste målet som kom i kampen. Åsane har nå 9 poeng på 4 kamper. Mens Mjølner fortsatt bare hadde vunne ein kamp.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

- Annonse -
[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -