– I dag fekk vi testa oss mot det beste av det beste

217

Even Hovland hadde ikkje sin aller beste dag på jobben i Norges midtforsvar, men så er det kanskje ikkje så rart når ein ser motstandaren, Tyskland. Det var ein sliten og skuffa Hovland som prata med fotballnerd etter kampen.

– Det er ein kamp som viser at Tyskland vann VM. Dei spelar ball og vi blir springande i mellom, til slutt finn dei rom og då er dei kliniske. Vi får nokre kontringar, men dei tek vi ikkje godt nok vare på, fortel Nürnbergspelaren.

Men Hovland tek med seg den verdifulle erfaringa vidare inn i kvaliken, neste kamp står Aserbadsjan på motsatt banehalvdel.

– I dag fekk vi testa oss mot det beste av det beste. No må vi ta med oss erfaringa vidare og vise oss fram dei neste kampane. Denne kampen var det ingen som forventa at vi skulle ta poeng, men det bør vi i kampane framover, fastslår midtstopparen.

- Annonse -

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -