Ein odyssé om norsk fotballs historie.

1286
Bronselaget 1936
Bronselaget 1936. Wikimedia

Ein odyssé om norsk fotballs historie.

Då ein ung matros kom heim til Stavanger på 1890-talet hadde han med seg eit viktig objekt. Det var ein rugbyball. Matrosen hadde fått pengar av den lokale fotballklubben Viking, som sårt trengte ein fotball. At det var ein rugbyball matrosen hadde fått tak i kunne jo ikkje han vite. Ingen i klubben hadde sett ein fotball før. At ballen spratt litt rart fekk nå være.

Men fotballen i Noreg vart betre etter kvart, til tross for den treige starten. I 1936 var Europas idrettsutøvarar samla i Berlin for å tevle. Tyskarane hadde gjort byen praktfull og feiemaskinane hadde på forhand tømt byen for både boss og «ureine» menneskar. Så dei norske utøvarane kunne på ingen måte bekrefte dei onde (sanne) ryktane om tyskarane som hadde sirkulert i norske og utanlandske avisar før OL byrja.

Ein mislykka målar frå Austerrike med millimeterpresis bart og ein fascinasjon for å gå i militærklede med flotte ridebukser var sjef for leikane, på eit vis, men om han ikkje hadde vore begeistra for å måtte vere vert for leikane på forhand, so vart han definitivt ikkje meir fornøgd i etterkant. Ein ung sprintar med fornamn som ein amerikansk togrøvar og etternamn som ein tidlegare England-spiss, øydela grundig for tyskarane. Jesse Owens var rett og slett forløparen til Fantomet.

Freidige nordmenn hadde i tillegg tatt seg den friheit å knuse tyskarane i spel med ball. Og når nordmennene først var i gang, var det vanskeleg å stogge dei. Men Italia klarte det så vidt og vann 2-1 i semifinalen. Dermed måtte Noreg ta til takke med bronsefinale, men medalje skulle det bli. Gutta var toppmotiverte for medalje og slo Polen 3-2 i bronsefinalen. Dermed vart det ganske fine bronsemedaljar på dei staute norske karane. Det er og blir den einaste medaljen Noreg har vunne i fotball.

- Annonse -

Nokre år seinare, i Italia, kunne observante herrar ikkje unngå å feste augene på ein lyslugga herre som gikk ned flytrappa. I eit land av krølltoppa brunneter, er det nokså uvanleg å sjå ein mann med både lyst hår og meget lys hud. Om dei ikkje viste kven han var då, så fekk dei snart funne det ut. Lysluggen var Per Bredesen, ein nokså beskjeden herremann frå Horten. På 4 år i Ørn-Horten hadde han scora brukbare 16 mål på 49 kamper frå sin midtbaneposisjon. Han spelte Indre Høgre, ein posisjon som ikkje gjer noko spesielt meining med dagens taktikkar.

I ein kamp mot Jugoslavia i juni 1949 fekk han sin debut for Noreg då han erstatta legenda Reidar Kvammen. Kampen har gått ned i historiebøkene av to grunner: det var Reidar Kvammens siste kamp. Og Per Bredesens første.

Reidar Kvammen var ein verkeleg legende. Han var del av det berømte og tidlegare nemnte Bronselaget, og han var den første spelaren som fikk meir enn 50 kampar for Noreg. Han spelte stort sett for Viking og held klubbrekord med sine 202 scoringar. Under krigen vart han for øvrig arrestert for å nekte å bli med på nazifiseringen av politiet. Han ble sendt på Grini og deretter den tyske leiren Stutthof. Der hadde han nok av tid til å tenke over om politimann kanskje ikkje var det beste valet han kunne gjort når han skulle velje yrke.

Men tilbake til Per Bredesen!

Ingen kan seie noko på at Per Bredesen er ein av tidenes beste norske spelarar. Då han endeleg kom fram etter åper bredesen kjørt heile vegen til Roma var det fordi han no skulle spele for det mellomstore laget Lazio. Då han reiste heim til sitt elskede Ørn-Horten i 1961 hadde han spelt fotball i 5 forskjellige klubber i Italia. Han begynte med 3 år, 93 kampar og 19 mål for Lazio. Då la ein annan mellomstor klubb, Udinese frå Udine, pengar på bordet (og sikkert i nokre madrassar også) for å hente Bredesen. Nordmannen sa ikkje nei. Men etter berre 1 sesong i Udinese med pene 15 mål på 34 kamper kom stor-storklubben Milan for å kjøpe Bredesen.

AC Milan var ein av de største klubbene i Europa på den tida og har stort sett vore det sidan, sjølv om dei har skuffa stort dei siste åra. Han fekk 2 sesongar i den raud-svart-stripete drakta. 27 kamper og 6 mål vart det. Han var blant anna med når AC Milan møtte Manchester United i ein spesiell kamp i den Europeiske Cupen (datidens Champions League). Manchester United hadde i februar det året (1958) mista halve laget i ein forferdeleg flyulykke i München. Kampen ble ein av de siste for Bredesen i Milans vakre trøye, som eg sjølv elskar høgt. Bari vart neste stoppested på Italia-reisa. Han fekk berre ein sesong med 21 kampar og 5 mål. Som siste stoppested før heimreise tok Bredesen 2 år i Messina. 38 kamper og 5 mål seinare satt han seg på flyet tilbake til Noreg. Med 212 kampar og 49 mål i bagasjen. Eit opphald i sin første klubb, Ørn-Horten, skulle avslutte karrieren.

Men kor god var eigentleg Bredesen? Det veit nok berre italienarane. I følgje Bredesen sjølv er han i kvart fall langt meir populær og verdsatt der enn her i landet. Han har uttalt at kvar gong han drar ned til Italia skriver han ned og kopierer ein haug med autografar. Og gratis middag skal heller ikkje vere noko problem.

Sjølv stiller eg meg sjølv ofte spørsmålet: Går det an å samanlikne datidens spelarar med dei me har i dag? Eller: Kunne eg gjort det bra på eit lag i 1950-åra med dei ferdighetane eg har no? Det er ikkje so lett å seie.

 

«Enkelte trur fotball er eit spørsmål om liv og død. Eg kan forsikre deg om at det er langt viktigare enn det.». Bill Shankly hadde produsert det eine minneverdige sitatet etter det andre mens han var manager for Liverpool, men ingen vart meir populære og hugsa enn denne. Og det var ein liten sannhet i det også, var det ikkje? I fotballgale England, der ein ikkje har stort mykje anna å glede seg over var det i kvart fall slik.

Men i Noreg skulle fotball vere leik. Slik hadde det alltid vore og slik skulle det fortsette å vere. Så når enkelte norske spelarar bestemte seg for å forlate landet og dra til Sør-Europa og ta seg betalt for å spele fotball, nei då tok det av i fotballforbundets lokalar. Men å gje etter for krava om moglegheit for å lønna spelarane, det var uaktuelt. Så då bestemte dei seg heller for at ingen som mottok eller hadde mottatt pengar for å spele fotball skulle få spele for det norske landslaget. Kanskje var det moralsk riktig, men plutselig måtte Noreg klare seg utan alle dei beste spelarane sine.

Så då måtte Noreg klare seg utan Per Bredesen og dei andre Italia-proffane. 18 kamper rakk han nå likevel å spille for A-landslaget. Men forbundet hadde bestemt seg. Amatørbestemmelsane vart ikkje fjerna før i 1969.

Då ein runda 1960 var dei fleste Italia-proffane reist heim og dei italienske klubbane slutta å sjå på norske spelarar som mulige forsterkningar. Deretter følgde ein 30 årsperiode der det ikkje skjedde spesielt mykje interessant.

Bortsett frå i Bergen. Selvfølgeleg. I Bergen skjer det alltid noko. Og i 1960 skjedde det mykje. Då debuterte ein 17-åring som stort sett berre vart kalla «Kniksen». Han vart visstnok kalla «Kniksen» fordi «Han é god til å knikse». Bergensarane hadde nemlig ikkje fått med seg at vanlege nordmenn brukte ordet «drible» for å beskrive situasjonen kor ein spelar fører ballen forbi ein eller fleire. Så i Bergen var det «knikse».

Og Kniksen levde verkeleg opp til namnet. Aldri før hadde Noreg sett ein slik spelar. Han debuterte på landslaget som 17-åring mot Austerrike og at Austerrike hadde eit solid lag på den tida, det hadde ikkje Kniksen fått med seg. Han vart like godt banens beste. I neste landskamp scora han, og mot naboane Sverige scora han 2 mål. Med Kniksen på laget vant Brann to ligatitlar på 3 år. Då dei spelte mot Rosenborg i 1962 ville Kniksen vise seriemestranes overlegenheit. Så han tok av seg skoa og spelte dei siste minutta utan sko. Han var fortsatt best selvfølgeleg. Han slapp unna ekstra stygge taklingar frå Rosenborg-spelarane, men etter kampslutt kom ein av dei lokale innbyggjarane og slo han med ein paraply. Det var den einaste måten ein kunne stogge han på.

Kva skulle ein elles gjere mot eit slikt balltalent?

KNIKSEN  ROALD JENSENSå tok Kniksen seg ein tur til Skottland for å spele for Hearts of Midlothian, som merkelig nok speler i Gorgie, ikkje Midlothian som ein skulle tru. Det gjekk brukbart for Kniksen i Hearts, men likevel ikkje som Kniksen hadde håpa på. Når han reiste til Hearts var det fordi han håpte det ville verte enklare å komme seg til Engelsk førstedivisjon på eit seinare tidspunkt. Den moglegheiten kom aldri for Kniksen. Han måtte berre spele vidare i Hearts og fortsette med å terrorisere rav gale skottar som gjerne ville klippe bergensaren ned for ein kvar pris. Kniksen gjekk lei.

Etter 6 år i Hearts drog han heim til sitt elskede Brann. Utan Kniksen hadde Brann vore middelmådige, men no som han kom tilbake på laget igjen vart dei plutselig gode igjen. I 1972 ble dei Noregsmester då dei slo Rosenborg 1-0. Driblefanten Kniksen var Noregs svar på brasilianaranes Garrincha. Kniksen gav seg i 1973, sjølv om han berre var 30 år. Men fotballen i Noreg mista ikkje all underholdninga likevel.

For i Lillestrøm hadde ein ikkje brydd seg noko særleg om Kniksen og Brann. Der hadde ein allereie fått sin eigen trollmann. Og han var av den gode sorten. For Tom Lund hadde intet anna enn gode intensjonar og ein uknuseleg sterk kjærleik til sitt kjære Lillestrøm. I sterk kontrast til pøblane frå erkerivalen Vålerenga som spraymalte og kutta hovudet av statuen hans før ein kamp mellom Lillestrøm og Vålerenga.

Lund var eit multitalent innan idrett, og spelte ishockey og handball, gjekk på ski og deltok i mange friidrettsgreiner, frå sprint til langhekk og stav. Det var nesten eit under at han ikkje gjekk inn for å delta i 10-kamp. Men det var i fotball han utmerka seg aller mest.

Då han slo gjennom med 10 kamper i 1967-sesongen var det nok ingen som drømte om at denne unge guten med lange lokkar skulle bli ein av dei beste spelarane i Noregs historie. Då Nederlands største klubb, Ajax, selde den beste spelaren i verda på den tida, Johan Cruyff, til Barcelona, tok dei seg god tid for å leite etter ein passeleg erstattar. Ein finn ikkje ein erstattar for verdens beste spelar over natta liksom. Etter vel og lenge søking og speiding i 13 land,  fann Ajax spelaren som kunne erstatte Johan Cruyff. Hans namn var Tom Lund og han spelte i norsk tredjedivisjon avdeling Østland/nordre for Lillestrøm. Tom Lund var da 23 år gamal og allereie ein etablert profil på landslaget. Ajax oppdaga han 12. september 1973 då Noreg spelte mot Nederland på Ullevaal. Noreg tapte 2-1, men i Nederland jubla dei for meir enn seier. Ajax hadde funnet gull. Eller rettare sagt: Lund. Noen dagar seinare var forhandlingane i gang i Amsterdam.

Lund har sjølv uttalt seg om dette: «Jeg fikk mange tilbud med årene, men var aldri så nær ved å skrive under som den gangen med Ajax. Jeg hadde faktisk så godt som bestemt meg for å si ja, men forhandlingene var ikke sluttført da jeg reiste hjem. Det gjorde nok utslaget. Jeg fikk noen dager til å tenke meg om. Det ble mye for og mot de dagene. Økonomisk var tilbudet veldig bra. Men Solveig og jeg hadde en liten datter, LSK var endelig på vei mot opprykk, kontraktstiden på to og et halvt år var lenger enn jeg ønsket. Så jeg sa nei». Ajax hadde då nettopp vunne 3 cupvinnarcuptitlar på rad (stort europeisk trofé), men det hadde ikkje so mykje å seie for Tom Lund. Flyskrekken hans hadde nok også noko å seie…

Seinare sa han også nei til Aurskog, Vålerenga, Skeid, Drafn, Fet, Strasbourg, Bayern München, Feyenoord, Real Madrid, Leeds United, Sunderland, Twente, Go Ahead Eagles og Middlesbrough.

For Tom Lund likte seg best i Lillestrøm: «Jo da, men jeg er veldig stedbundet. Men jeg har aldri angret på at jeg ikke ble proff. Jeg gikk helt sikkert glipp av penger og opplevelser i utlandet, men tviler på om det kunne erstattet all gleden jeg fikk med Lillestrøm»

Lagkameraten Frank Grønlund mente nå at det godt kunne hende at Lund reiste utanlands, så lenge han fikk det rette tilbodet: «Tommy ville blitt proff om han hadde tatt med seg kiosken i Storgata og noen kamerater»

1973 var også året då Lillestrøm endeleg rykka opp til andredivisjon. I 1974, i sin første sesong i andredivisjon rykket dei likegodt rett opp til førstedivisjon. Tom Lund? Han scora 21 av lagets 44 mål den sesongen. Men i  førstedivisjon gjekk det tråare. Då Tom Lund vart skada vart det total katastrofe. Lillestrøm tapte alle kampane utan ham. Til slutt, med Lund tilbake på laget, berga dei likevel plassen. So slutta året 1975.

I 1976 nådde dei toppen av isberget. Då vann dei førstedivisjon. Berre 3 år etter at dei hadde rykka opp til andredivisjon. Lillestrøm vant riktignok mest fordi dei var gode på dødball. Av lagets 62 mål kom vanvittige 50 på dødball. Så det er ikkje vanskelig å tenkje seg til kva trener Joseph Hooley likte å gjere på treningsfeltet. Kven var dødballtakar? Tom Lund selvfølgeleg! Så god var Lunds dødballfot at VG skrev: «Ingen andre lag har Tom Lund, som kan legge ballen på samme centimeter 20 ganger på rad.». Lillestrøm kom også til Cupfinalen og kven andre enn Tom Lund kunne avgjere finalen? Nissen? Lillestrøm vant både cup og liga den sesongen.

Etter ein landskamp borte mot Wales, der han var banens suverent beste spiller, trakk Wales’ manager Mike England Noregs landslagtrenar Tor Røste Fossen til side. «Gutta har ikke dusjet ennå. De sitter og snakker om Tom Lund. Jeg har aldri opplevd noe lignende» fortalde Wales landslagstrenar med det ironiske namnet. Blant spelarane var blant anna legender som Ian Rush og Mark Hughes. Lund scora også det første målet i den legendariske 2-1-seieren over England i 1981. Det fikk kommentator Bjørge Lillelien til å komme med ein tirade som har gått ned i norsk fotballs historiebøker med både gull- og løkkeskrift:

«Der blåser han! Der blåser han! Norge har slått England 2-1 i fotball! Vi er best i verden! Vi er best i verden! Vi har slått England 2-1 i fotball! Det er aldeles utrolig! Vi har slått England! England, kjempers fødeland – Lord Nelson, Lord Beaverbrook, Sir Winston Churchill, Sir Anthony Eden, Clement Attlee, Henry Cooper, Lady Diana, vi har slått dem alle sammen, vi har slått dem alle sammen. Maggie Thatcher, can you hear me? Maggie Thatcher, jeg har et budskap til deg midt under valgkampen, jeg har et budskap til deg: Vi har slått England ut av verdensmesterskapet i fotball. Maggie Thatcher, som de sier på ditt språk i boksebarene rundt Madison Square Garden i New York: –Your boys took a hell of a beating! Your boys took a hell of a beating! Maggie Thatcher: Norge har slått England i fotball! Vi er best i verden!»

(Link til tiraden: https://www.youtube.com/watch?v=JtbZWIcj0bk )

Lillelien har også eit anna kjent sitat der Tom Lund er involvert:

«Tom Lund dribler av to engelskmenn. Han blir felt! Han blir felt av grisen Phil Neal. Rampen Phil Neal sparkerTom Lund Tom over ende bakfra. Phil «Gris» Neal. Begynn å ta igjen, gutter. Begynn å ta igjen. Engelskmennene har ramp både på banen og på tribunen. Tom Lund gikk forbi to engelskmenn. Phil Neal overfalte han bakfra. For en gris. For en fotballramp Phil Neal er. Dette skal han ha igjen, gutter. Ta han ved første anledning.»

Tom Lund endte med 336 kamper og 193 mål for Lillestrøm. Han vant Cupen i 1977, 78 og 81 og vant ligaen i 1976 og 1977. Han fikk 47 landskamper og 12 mål. Som trenar vant han cupen i 1985 og ligaen i 1986. Men Tom Lund trengte ikkje sjølv seie kor god han var. Det kunne han overlate til andre (utdrag frå Wikipedia):

Joe Hooley (trener i Lillestrøm på slutten av 1970-tallet)

«Tommy kunne som proff vært i klasse med Cruyff og Beckenbauer».

Tor Røste Fossen (tidligere landslagssjef)

«Tom Lund er verdens beste fotballspiller inntil det motsatte er bevist».

Ron Greenwood (tidligere landslagssjef for England)

«Tom Lund er norsk fotballs Messias».

Willie Ormond (tidligere skotsk landslagssjef)

«Tom Lund er god nok for et hvilket som helst lag i verden».

So då er det klart.

Det høyrer med til historia at der Tom Lund slapp unna med eit avhogd statuehove for sin kjærleik for Lillestrøm, så gjekk det mykje verre med Kniksen og hans kjærleik for Brann.  Her er eit utdrag frå den strålande boka «Vi er best i Verden»:  «6. oktober 1987 trente Kniksen på Brann Stadion med Branns Old Boys-lag. Han var blitt lansert som Branns redningsmann, 14 år etter at han la opp, og hevdet selv at han var god nok til å spille på A-laget. Veteranene spilte internkamp, og iført sin gamle landslagsdrakt og med fotballsko på beina sørget Kniksen mer eller mindre på egen hånd for å hente inn forsmedelige 0-5 for sitt lag til 5-5. Idet han puttet det femte målet, segnet han om og døde av hjertesvikt. Kniksen ble 44 år gammel, men har for evig tid satt sitt merke på hjembyen og resten av fotballnorge.»

Så sjølv dei største eventyrforteljingar har ikkje alltid ein lykkeleg slutt.

 

 

Kjelder:

Alle lasta ned i intervallet mellom kl.11 og kl. 20  04.12.14

http://no.wikipedia.org/wiki/Fotball_under_Sommer-OL_1936

http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Bredesen

Boka Vi er best i verden av Thomas Aune og Aleksander Schau. Utgitt av Gyldendal forlag 21.09.2010. 248 sider.

http://gammel.josimar.no/2012/04/03/den-glemte-legenden/

http://no.wikipedia.org/wiki/Reidar_Kvammen

http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1379287&CatId=934033

http://no.wikipedia.org/wiki/Roald_%C2%ABKniksen%C2%BB_Jensen

http://no.wikipedia.org/wiki/Tom_Lund

http://www.nrk.no/video/julekalender_roald_jensen/936E9A18B354A2C8/emne/Sportens%20julekalender/

http://www.tv2.no/a/4080090

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -