Tilbakeblikk
Vi kan sjå tilbake på ein runde med lite mål. Bare 12 mål fordelt på 8 kamper. Så det var mange som hold nullen denne runden. Alexander Stølås forsette og skåre på frispark, han fekk 18 poeng. Moldegutta forsette og levere, med Eikrem som den som fekk flest poeng, med 14. Han bør alle ha innpå nå. Rosenborg har endå ikkje levert noko spesielt offensivt.
Eg er fornøgd med denne runde. Eg fekk 61 poeng, snitte var 48. Eg valgte som vanlig Magnus Wolff Eikrem som fekk 28 poeng som kaptein. Brochmann fekk 8 poeng, det var bra. Men utanom at Haralseid og Rossbach som begge holdt nullen, var det ikkje mange og snakke om.

Ein du kan utelukke
Kristoffer Barmen (6,5)
Han var god mot Vålerenga. Han skåra eit mål. Han hadde 3 avslutningar mot Vålerenga, men bare eit av dei var på mål. Han hadde ein xG på 0,43 forgje kamp. Men han er ikkje fast i laget. Han har aldri vert ein storskårar og kommer nok ikkje til og skåre noko meir enn 5 mål denne sesongen.

3 spelarar man kan vurdere og ta inn

Tonny Brochmann (6,0)
Brochmann er spennande. Eg har han sjølv inne på mitt lag og er fornøgd med det. Han har fått 22 poeng på 4 kamper noko som er bra til den prisen. Han speler på midtbana på eit spennande Mjøndalen lag. Han leverte 123 poeng i 2017 så vi veit at han holder bra Eliteserien nivå. Han hadde ein xG på 1,29 forgje kamp.

- Annonse -

Geir Andre Herrem (5,8)
Herrem er ein av dei store formespelarane så langt. Han har 26 poeng på 4 kamper. Og da har dei møt lag som RBK og Molde. Til denne prisen bør dei fleste vurdere han. Og eg kjem til og ta han inn for Tommy Høiland.

Ylldren Ibrahimaj (5,3)
Det er også prisen som gjer han så spennande. Han har også 26 poeng på 4 kamper, og har sett veldig bra ut. Viking har eit ganske greitt program dei neste kampane. Eg trur at visst han forsette og spele fast for Viking kan han forsette med dei gode poengsummane.

Joker – ein under 5 mil
Christoffer Aasbak (4,5)
Han har sett ekstremt bra ut dei første kampane. Var nære på og skåre mot Ranheim. Han har bare 16 poeng, men han spelte ikkje brannkampen. Kristiansund har to kamper nå som eg trur dei kan skåre mange mål i, mot Godset og mot Tromsø.

3 kapteinalternativer
Magnus Wolff Eikrem(11,5)
Eikrem kan man vurdere uansett kven dei møter. Dei møter eit Rosenborg lag som ikkje har sett veldig bra ut. Han har 48 poeng på 5 kamper, så alle bør eigentlig få han inn på laget. Han er ein ekstremt viktig speler frå Molde så han kommer nok til og spele det meste for Molde. Han hadde 3 avslutningar mot Sarpsborg, 3 mot Stabæk og 5 mot Vålerenga.

Jørgen Strand Larsen (6,5)
Han har vert litt skuffande dei første fire rundane. Bare 13 poeng og bare eit mål. Men Sarpsborg skal møte Mjøndalen. Mjøndalen har sloppe inn 10 mål på fire kamper. Det vil betyr at Sarpsborg vil få sjansar til og skåre.

Veton Berisha (9,5)
Berisha har ikkje komet heilt i gang denne sesongen. Men mot Tromsø kan det fort snu. Han er valgt av bare litt over 5 % så kan være ein spennene speler som ikkje så mange kommer til å ha han som kaptein.

Mine bytter
Eg sparte bytte forgje runde. Så eg hadde tre bytter. Så eg brukte 1 minus fire, og fekk ut Adekugbe, Haralseid og Høiland. Eg fekk inn Psyche, Stølås og Herrem.

Min kaptein
Min kaptein denne runden kjem til og være Magnus Wolff Eikrem. Han er det tryggaste valet denne runden.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -