– Forsvarer ein kompis som nesten blir myrda

177

Etter kampen var det ein fornøgd Lars Arne Nilsen som snakka med TV 2.

– Vi startar bra og får ein kanonstart. Etter at vi vert redusert til ti mann blir det ein forsvarskamp. Akkurat no er eg strålande fornøgd med eit poeng. All ære til gutane som jobbar på, fortel Nilsen. Men når Helene Husvik og «Mini» Jacobsen drar fram situasjonen der Acosta vart utvist, forandrar Nilsen lynne.

–  Eg synest det er raudt kort. Det er eit overfall, det er så stygt. Han måka han rett ned, det er ikkje nokon duell. Han måka han berre rett ned. Og så får han raudt kort der. Han kjem inn å forsvara ein lagkamerat som nesten blir myrda, rasar Brann-trenar, Lars Arne Nilsen til TV 2 etter kampen.

«Mini» seier seg einig med Nilsen og legg til følgjande. – Sjå korleis sonen din drar Furebotn opp og korleis han spretter opp. Han overspiller der. Der må han vise at han er eit mannfolk, held Tv2-eksperten fram.

- Annonse -

Også Henrik Furebotn fekk svare for seg, i intervju etter kampen. Slik forklarar han situasjonen.

– Acosta snur seg, eg får ei flat hånd av han og får fingrar i auget. Eg synest det er eit klart raudt kort. Eg har aldri filma før. Det ser vel ut som det er eit passe hardt slag, så det raude kortet er vel heilt greit, fortalde Furebotn då Tv2 viste han bileta frå situasjonen som fekk Acosta utvist.

Eirik Bakke: – Vi tok poeng mot nummer to på tabellen. Det var nytt for oss å spele så mykje mot etablert, det er ikkje vi vande med. Dette var slikt eit derby skal vere, mykje gule kort og raude kort. Eg måtte oppildne gutane litt frå sida i starten, eg synast det var litt daudt utpå der. Eg skulle ynskje det var meir trøkk i oss i dag. Vi skulle hatt Azar (Karadas) på topp, humrar Bakke. Som var i godt humør etter kampen.

Bakke sa følgjande om situasjonen som gav raudt kort.

– Den duellen med Ramsland er gul. Eg meina norsk fotball må vere litt tøffare. Du kan bomme, og det er eit klart gult kort. Så kan ein diskutere om det er på grensa til raudt. Eg er usikker på om situasjonen til Furebotn også burde vore gult, i staden for raudt, fortalde Sogndaltrenaren, sjølv om «Mini» er uenig med Bakke i begge situasjonane.

Bakke meinte ikkje at Ramsland skulle hatt raudt, trenarkollega Nilsen meinte det motsatte. Offeret, Amin Nouri, er einig med sin eigen sjef.

– Han går ikkje ball i det heile tatt. Eg meiner at det er soleklart raudt kort. Eg synest dommaren er feig, tordner Amin Nouri i mixed sone.

– Det er pinlig da, ærlig talt. Sjå korleis han faller saman etterpå. Å rulle slik skal man halde seg unna, fortel Brannkaptein Demidov om Furebotn som gjekk ned etter ei hand i ansiktet.

Raudt kort og amper stemning på Fosshaugane Campus

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -