Det var klart for eit toppoppgjør mellom Kjelsås og Åsane i PostNord Ligaen. Åsane kom frå ein storseiger mot Senja der dei vant 6-0. Da skåra Joakim Vatle Hammersland 3 mål. Kjelsås hadde slått Asker 3-1 på bortebane. Det var to av favorittane som skulle spele.

Kampen var i gang. Kjelsås hadde god kontroll på kampen dei første 15 minutta. Men Åsane kom seg meir og meir inn i kampane. Og etter ei stund ropte heile Åsane på straffe. Det var Stian Nygard som blei felt. Men dommaren syntest ikkje det var godt nok til og kunne dømme straffe. Etter 31 minutt var det Kjelsås som fekk ein god muligheit. Og den utnytta dei godt. Det var Akinbola Akinyemi som sette inn 1-0 for Kjelsås. Åsane svarte med og skåre dei og, men dei blei avblåst for offside. Laga gjekk til pause med 1-0. Morten Røssland måtte gjere noko. Dei ville ikkje være fornøgd med tap her. Han sette innpå Marius Bildøy etter pause.

Åsane kom ut med ein ny glød. Dei ville vinne denne kampen. Og etter 58 minutt var det Åsane sin tur og juble. Det var Joakim Vatle Hammersland som skåra sitt fjære mål for sesongen. 1-1. Det var Håkon Lorentzen som kom med innlegget som Hammersland banka i mål. Men det varte ikkje lenge. 5 minutt etter var Kjelsås i føringa igjen. Det ein feil frå Åsane som gjore at Kjeslsås fekk ein kontring som Magnus Aasarød avslutta. 2-1. Men Åsane gav seg ikkje. Dei pressa på, og etter ei stund hadde Lorentzen ein avslutning mot tverrliggaren. Men det ville seg ikkje for laget frå Vestlandet. Dei klarte ikkje og sette ballen i mål. Kampen endte 2-1 til Kjelsås og dei gjekk opp på ein andreplass. Mens Åsane kom ned på ein tredjeplass.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

- Annonse -

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -