Klar for ny rolle i same klubb

307

Kampen på Fosshaugane Campus var den siste på toppnivå for Rune Bolseth. Midtbanespelaren har prega toppfotballen i Norge sidan 1999, stort sett for Sogndal, men også nokre sesongar i Hønefoss. Etter kampen var det ein prega Bolseth som prata med TV2, men sjølv var han mest opptatt av tapet mot Aalesund.

– Det er spesielt. Det har vore mange år, gode minner og gode opplevingar. No er eg mest irritert over at vi taper denne kampen her. Eg vil takke for all støtte og alt engasjemantet frå supportarane i alle år, fortalde Bolseth til TV2.

– Det beste minnet er å slå Vålerenga i kvalik, då vi sendte dei ned eit nivå. No skal eg jobbe med talenta i klubben, rollen er ikkje heilt bestemt, men det er noko vi skal sette oss ned med etterkvart, avslutta midtbanespelaren frå Sandane.

– «Bolli» hadde fortent ein betre avskjed enn detta, men det blir nok ei bra feiring i kveld likevel. No skal vi feire ein god sesong, fortalte Sogndaltrenar Eirik Bakke etter kampen.

- Annonse -

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -