Eliteserien Fantasy handlar om å ta ut eit lag med 15 ekte spelarar som du trur kommer til og få mest poeng. Alle mangerar får 100 millionar til å kjøpe spelarar for. Spelet er inspirert av det engelske spelet Fantasy Premier League (FPL), som er det offisielle spelet for den engelske Premier League, der over 6 millionar deltar. Dei ekte spelarane er prisgitt mellom 4 og 11,5 millionar, så det er ikkje lett og finne eit balansert lag med ein dyre og billigare spelarar.

Kva skal du gjere?
Først og fremst må du ta ut ein lag som du trur får mest mulig poeng. Du kan bytte inn og ut spelarar heile tida fram til Eliteserien begynner. Når runde ein begynner har du tatt ut dei 11 spelarane du forventar tar inn flest poeng første runde, mens fire av spelarane er plassert på benken. Benkespelarane må steppe inn dersom nokon i din førsteellevar ikkje speler kampen. Til kvar runde veljar du ein speler som skal være din kaptein, og ein som skal være visekaptein. Denne kapteinen får dobbelt opp med poeng. Vist ikkje han speler får visekapteinen din dobbelt opp med poeng. Før kvar runde kan du bytte ein speler gratis. Vil du bytte fleire, pådrar du deg minuspoeng. Spelarane synker og stiger i pris i løpet av sesongen ut ifrå etterspørsel. Altså f.eks Nicklas Bendtner (Rosenborg) kostar 11,5 millionar, vist han ein kamp skårar mål, så kommer mange til å kjøpe han til laget sitt, da vil prisen hans auke til 11,6 millionar og da kostar dei meir for dei andre og kjøpe han. Eller vist ein gjer det dårlig i nokon kamper og mange vil selje ein speler. Kan det være at han går ned i pris. To gongar i løpet av sesongen kan du bruke «wildcard», som gir deg retten til å bytte ut alle spelarane uten å måtte ta minuspoeng. Kvar manager får også tre chips, som kan spelast ein gang kvar i løpet av sesongen: «Rik onkel» (Gjør så mange bytter du ønsker med så mykje pengar du ønsker. Runden etter får du tilbake laget ditt sann som det var), «Spissrush» (Alle spissar får doble poeng) og «To Kapteinar» (Både Kaptein og Visekaptein får doble poeng).

Korleis får spelarane poeng? Her er litt av poengsystemet.

Spele kampar– Dersom spelarane dine speler kampar for sitt verkelige lag vil du få poeng for dette. Om han speler 60 min, eller meir, vil du motta 2 poeng. Speler han mindre enn dette vil du kun få 1 poeng.

- Annonse -

Scorar mål– Jo fleire mål spelaren din skårar for sitt verkelige lag, jo fleire poeng får du til ditt fantasylag. Her er det nokon forskjellar frå posisjon til posisjon. F.eks at Forsvarsspelarar får fleire poeng enn ein angrepspelarar for mål.

Ikkje sleppe inn mål– Om ein speler får 60 minuttar eller meir på bana, samtidig som laget hans helt nullen, vil dette gi fantasylaget ditt ekstra poeng. Ein keeper eller forsvarsspelar mottar 4 poeng ekstra, mens ein midtbanespelar får 1 poeng meir. Angrepsspelarar mottar ingen bonus for dette.

Målgivene– Dersom ein speler slår ein pasning som leder direkte til et mål vil du motta ekstra poeng for dette til ditt fantasylag.

Strafferedning– Når keeperen din reddar eit straffespark blir det heile 5 poeng på ditt fantasylag. Ein keeper vil også motta 1 poeng ekstra for kvar tredje redning han gjør i en kamp.

Men det går også an og få minus poeng.

Sleppe inn mål– Keepere og forsvarsspelar får -1 poeng pr andre mål som sleppest inn av laget. Midtbanespelar får ikkje denne straffa, men vil miste sin 1 poengbonus for å holde nullen.

Gule og røde kort– Ein speler som mottar kort for sitt verkelige lag vil få poengstraff for ditt fantasylag. Eit gult kort gir -1 poeng, mens et rødt kort gir -3 poeng. Kan være viktig å tenke på før du for eksempel kjøper inn Flamur Kastrati som fekk 6 gule kort på 8 kamper for KBK i fjor.

Sjølvmål– Svir både i det verkelige liv og i fantasyverdenen. Om ein av dine spelarar skårar sjølvmål straffast du med -2 poeng.

Bomme på straffespark– Eit straffespark skal være mål. Vist ikkje blir det -2 poeng på spelaren som bomma.

Vist du syntest dette var interessant så kan du registrere deg og lage eit lag hos Eurosport. Der kan du også bli med i Fotballnerd.no sinn Fantasy-liga, der du kan vinne drakt. Koden for og bli med i den er 338-2123. Gjerne tips venne dine om Eliteserien Fantasy og følg med på Fotballnerd.no for der kommer det tips og gode råd både før og under sesongen.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -