Her er dei angrepspelarane eg kjem til og vurdere før denne sesongen.

Bodø/Glimt
Det var knytta stor spenning til den nye spissen til Bodø/Glimt, Victor Boniface(5,5). Men han har røke korsbondet sitt og kjem ikkje til og spele noko. Da er det vanskelig og sei kven som skal skåre måla får Glimt. Dei har eit tøft kamppogram med og møte både Molde og Rosenborg så eg kjem til og holde meg langt vekke frå Bodø/Glimt offensivt.

Brann
I Brann er det spenning om det kommer inn ein ny offensiv spelar. Lars Arne Nilsen har sagt at han ønsker ein eller to til, men det spørst om Brann får hjelp av deira rike onkel Trond Mohn. Dei har eigentlig bare Daouda Bamba(9,0) som eg kjem til og vurdere. Men han har visst ikkje vert i sin beste form denne vinteren, og han har endå ikkje skåra nokon mål. Så eg kommer nok ikkje til og gå for han før eg ser at han leverer over tid. Visst ikkje Bamba har funne formen før seriestart kan det vere at Henrik Kjelsrud Johansen(5,5) er med og speler litt, men han vil eg ikkje anbefale.

Haugesund
I Haugesund er det bare ein du trenger og vurdere og det er Ibrahima Wadji(8,0). Han hadde 7 mål i fjor. Men har sett veldig bra ut i oppkjøringa. Men det kan vere dei er litt dårligare offensivt på grunn av at Akintola ikkje speler i Haugesund lenger.

- Annonse -

Kristiansund BK
I KBK er det Flamur Kastrati(7,5) og Bendik Bye(6,5) og Thomas Amang(6,0) som skal kjempe om å spele. Kastrati skårar mykje mål, men han får like mange kort. I fjor hadde han 9 målpoeng, mens han hadde 10 kort. Dette gir han mange miuspoeng pluss at han må stå over mange kamper i løpet av ein sesong. Det er ikkje ut til at Kastrati kommer til og spele dei første kampane for KBK på grunn av skade også. Bye hadde ein veldig god sesong i fjor med 12 målpoeng. Han kan vere spennande til den prisen i år. Amang kommer på eit lån i frå Molde, vist han får spele kvar kamp og skårar gjevnlig kan han bli eit røvarkjøp. Man bør nok ha ein av disse i runde 2 når KBK har to kamper.

Lillestrøm
Framme i Lillestrøm trenger man bare og vurdere Thomas Lehne Olsen(9,0). Han hadde 11 mål i fjor, og kommer nok til og skåre minst like mykje denne sesongen. Men han kostar like mykje som Smarason. Smarason får eit ekstra poeng når han skårar, og ekstra når LSK holer nullen. Så eg meiner at man da heller kan ha Smarason.

Mjøndalen
I Mjøndalen er det ikkje mykje og skryte av. Dei har Olivier Occean (5,5) og Sondre Liseth (5,5). Eg har ikkje noko tru på at det kjem mykje målpoeng frå desse to.

Molde
I Molde har dei Leke James(9,5) og Ohi(9,0). James har ikkje sett bra ut i oppkjøringa så eg ville venta og sett om han kommer i gang. Men vist han gjer det har han eit veldig bra topp nivå, så kan kommer nok til og skåre mange mål i løpet av sesongen. Ohi er den av dei to eg vurderer i runde 2. Han blei solgt til Molde for nokon dagar sida, og han har allereie skåra eit mål. Ohi kjempa om toppscorar tittelen i 2017 så det bur mykje i han.

Odd

Odd er nesten heilt uinteressant. Man kan vurdere Torgeir Børven(6,5). Visst han klarer og holde seg skadefri, men Odd skårar for lite mål.

Ranheim
Det er Michael Karlsen(7,0) man kan vurdere i Ranheim. Han hadde ein god sesong i fjor med 10 målpoeng og 72 poeng, sjølv om han ikkje spelte i nærheten av alle kampane. Det er ikkje sikkert at Ranheim kommer til og vere like god offensivt i år som i fjor, men han kan nok kjempe om og få opp mot 10 mål i år og. Ranheim har eit fint kamppogram dei første kampane.

Rosenborg
Det er ikkje godt og sei kven som startar den første kampen på topp for RBK. Er det Alexander Søderlund(10,5) eller Nicklas Bendtner(11,5). Eg ville nok ikkje gått med nokon av desse frå start. Det var Søderlund som spelte den forje kampen frå start. Men eg vill ikkje vert trygg på nokon av desse to.

Sarpsborg 08
I Sarpsborg speler dei med to spissar. I år blir nok det Steffen Lie Skålevik(8,0) og Jørgen Strand Larsen(6,5). Eg har veldig god tru på at Skålevik kommer til og gjere det bra i år. Men det er ein grunn for at eg ikkje skal ha han, og han heiter Jørgen Strand Larsen. Han har skåra ekstremt mange mål denne oppkjøringa, og til den prisen må han vere på dei fleste fantasy lag. Han har vert på lån til AC Milan, og har komet tilbake og spelt ekstremt bra.

Stabæk
Det var Frank Boli(10,0) som blei toppscorar i Eliteserien i fjor. Da skåra han 17 mål. Det er vanskelig og sei om han kommer til og skåre så mykje i år, men i fjor skåra han nesten alle måla om hausten så vist han kommer i gang tidligare kan han skåre meir. Stabæk har mista Ohi til molde. Så Boli blir hovudpersonen i angrepet til Stabæk. Det var kun Akintola som hadde fleire poeng enn Boli i fjor.

Strømsgodset
I Strømsgodset må du følgje med på Mos(9,5) og Markus Pedersen(10,5). Markus Pedersen har slitt litt med skade, så frå start er Mos best. Men kven skal spele når Pedersen er tilbake. Dei kan spele med begge, men det er ikkje sikkert dei gjer det. Markus Pedersen var gode den første halvdelen av fjoråret sesong, mens Mos var god den siste halvdelen. Vist eg skulle valet nå hadde eg valet Mos.

Tromsø
Med alle skadane til Tromsø kan Brayan Rojas Jimenez(6,0) bli ein nøkkelspeler. Han er ein billig førstelagspeler. Han hadde 12 mål på 18 kamper i den Costariakaske Premier League. Han tar kanskje straffer. Og han har skåra veldig mykje så langt denne oppkjøringa. Det er ikkje sikkert at Tromsø kommer til og skåre så mykje mål i denne sesongen uten Gjermund Åsen.

Viking

Det er Tommy Høiland(6,5). Han hadde 21 mål og 9 målgivende i fjor i OBOS ligaen. Han kommer ikkje til og skåre like mange mål i Eliteserien, som i OBOS. Men han kommer til og skåre ein del i eit offensivt Viking lag. Høiland tar straffer for Viking. Og han er den einaste som speler der, nesten ingen konkurranse. Han har sagt at han håper og skåre 15 mål denne sesongen.

Vålerenga
I Vålerenga er det Matthias Wilhjalmsson(9,5). Han hadde 11 målpoeng i 2017. Og har vert veldig god i oppkjøringa i år. Han hadde 3 mål mot Lillestrøm. Vålerenga har eit ganske bra program, så han kommer nok på og vere på mitt lag.

 

Visst du syntest fantasy er interessant så kan du registrere deg og lage eit lag hos Eurosport. Der kan du også bli med i Fotballnerd.no sinn Fantasy-liga, der du kan vinne drakt. Koden for og bli med i den er 338-2123. Gjerne tips venne dine om Eliteserien Fantasy og følg med på Fotballnerd.no for der kommer det tips og gode råd både før og under sesongen.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -