Norsk – Tipping ligaen. Avd.4:Intervju og kampfakta.

364

Så var Norsk – Tipping ligaen avd.4 sparka i gang. Det vart spelt 5 kampar i dag.  Runden blir avslutta i morgon med 2 kampar:Brann2-Fyllingsdalen og Fjøra-Aalesund2.

Brattvåg – Stord:
Ut i frå det eg har lese av kampfakta så var Brattvåg det beste laget i dagens kamp men dei maktar ikkje å scora. Det vart ikkje mål i serieåpninga av ligaen stillinga 0-0.
Assistent trenaren til Stord Jon Andre Røyrane har dette å sei om kampen:
Vi gjennomførte ein bra bortekamp. Spelarane følgte kampplanen, så all honnør til dei.

Haugesund – Lysekloster:
Bortelaget vann kampen 0-2. Måla vart scora av: Tommy Gause scora i det 19 minuttet av kampen og Dennis Ljubovic scora i det 72 minuttet av kampen.
Haugesund2 trenar Espen Bull – Tornøe har dette å seie om kampen:
Det var ein jamn kamp uten dei store sjansane.Kampen kunne ha vippa begge vegar. Lysekloster bedre der det blir avgjort,sett to av sine sjansa og vi setter ikkje våre.
Lysekloster trenar Ruben Hetnevik har dette å seie om kampen:
Det var ein veldig tøff og jamn kamp mot eit godt organisert haugesund2,som hadde mange gode og unge spelarar. Vi er fornøgde å reise heim med 3 poeng.

Os – Spjelkavik:
Det vart uavgjort i den kampen. Os låg under 0-2 men kom attende og scora 2 mål. Benjamin Skulstad Sunde og Trond Håkon Edøy scora måla for Spjelkavik, dei vart scora i det 31 minuttet og i det 36 minuttet av kampen.
Måla til Os vart scora av Christoffer Hafsås og Erik Kanestrøm, 1-1 scoringa  kom i det 48 minuttet og 2-2 scoringa kom i det 71 minuttet av kampen.
Spjelkavik sin trenar Frode Fagermoe har dette å seie om kampen:
Ok resultat. Skuffande sjølvsagt å gje vekk poeng når vi ledar 0-2 til pause.Men alt i alt eit rettferdig resultat.

- Annonse -

Sotra – Førde:
Heimelaget vant kampen 2-0. Måla vart scora av Jone Rugland og Kim Arne Brakstad, 1-0 kom i det 33 minuttet og 2-0 kom i det 76 minuttet.
Førde trenar Bjørn Totland har dette å seie om kampen:
Det var ein jamn krigekamp.Sotra var best i begge boksar. Det var Marginar og misbrukte sjansar for vår del.

Varegg – Herd:
det vart ikkje scora mål i den kampen Stillinga vart 0-0. Bortelaget hadde 3 i tverrliggaren.
Varegg trenar Hiep Huynh Tran har dette å seie om kampen:
Vi er fornøgde å koma oss i gjennom åpningskampen med 1p og null mål i mot. Det var ein jamn og spennande kamp,men bortelaget kunne fort ha reist avgårde med alle poenga dei hadde 3 i tverrliggaren.

Gulekort:
Stord:
Erling Hansen.
Brattvåg:
Hugues Wembangomo,Eirik Høivik.
Haugesund2:Kristoffer Gunnarshaug
Lysekloster:Ole Thomas Herrem.
Spjelkavik:Andreas Olsen.
Førde:Ruben Digernes Holsæter.
Herd:Vegard Bruland.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -