Norsk Tipping-ligaen avd.4:Kampfakta og intervjuer.

269

Litt om den 17 serierunden i Norsk Tipping-ligaen avd.4: 

Haugesund2-Herd: 

Måla til Haugesund2 vart scora av: 
Robert Kling,Kevin Martin Krygård,Eric Ndayissenga.
Sjølvmål av Haugesund2 spelar Raymond Skjelde. 
Slutt resultat:3-1. 

Haugesund2 trenar Espen Langøen Bull-Tornøe hadde dette å seie om kampen: 
Det var ein jamn kamp som kunne ha vippa begge vegar.
Herd er eit godt lag,men vi var meir effektive i kampen.

Stord-FK Fyllingsdalen: 
Målet til Stord vart scora av: 
Daniel Våge Nilsen.
Måla til FK Fyllingsdalen vart scora av: 
2*Simen Hopsdal,Eirik Kampenes.
Slutt resultat:1-3. 

FK Fyllingsdalen trenar Roar Fredriksen hadde dette å seie om kampen: 
Vi hadde initiativet gjennom store delar av kampen,Då Stord la seg bakpå for å satse på kontringar.Mot slutten av kampen åpnar det seg litt opp fekk vi 1-3.Kontrollerte inn ein vel fortjent siger.

- Annonse -

Brattvåg-Førde: 
Måla til Brattvåg vart scora av: 
Niklas Rekdal,Willy Zamble,Saihou Jagne.
Måla til Førde vart scora av:
2*vegard Savland,Carl Joakim Kvist,Johan Pasit Skorge.
Slutt resultat:3-4.

Førde trenar Bjørn Totland hadde dette å seie om kampen: 
Vi var det beste laget og skapte flest store sjansar.Gutta Følger kampplanen til punkt og brikke.
Alle er lojale og i god form.

Sotra-Spjelkavik: 
Måla til Sotra vart scora av: 
Nikolai Jensen,Fredric Doksæter Falk,Sjølvmål av Morten Grasmo.
Slutt resultat:2-1. 

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Sotra trenar Tommy Knarvik hadde dette å seie om kampen:
Det var ein tøff kamp,der Spjelkavik gjorde det vanskeleg for oss. Syns at vi vant fortjent til slutt der vi skapar dei største sjansane i kampen og at vi hadde meste parten av banespelet. Låg under godt ut i 2.omgang,det stod respekt i å koma tilbake å snu kampen. Det var noko å bygga vidare på.
Spjelkavik Trenar Frode Fagermo hadde dette å seie om kampen:
Det var kjipt i ein jamn kamp.Vi var gode i 1.omgang 2-4 store sjansar og burde ha leda.
Vi tok ledelsen fullt fortjent men vi slapp inn 2 mål ved å være ubesluttsom i vårt eige felt.

Varegg-Fjøra: 
Måla til Varegg vart scora av: 
Kristoffer Valsvik,Andreas Nanthawong Skurtveit,Marius Hodne Sivertsen.
Måla til Fjøra vart scora av: 
Malvin Gjerde,Kenneth Skjerven,Sixten Dalen Jensen,Eirik Stedje.
Slutt resultat:3-4.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Varegg trenar Hiep Tran hadde dette å seie om kampen: 
I denne kampen var vi ikkje gode nok etablert i angrep.Fjøra forsvarte seg godt og dei var giftige på kontringar. Det var ein fortjent siger til dei.
Assisten trenar Fjøra Sondre Skrede hadde dette å seie om kampen:
Veldig fornøgd med tre poeng og gutta levere ein prestasjon som viser at vi har noko å gjere i denne divisjonen. Mykje godt samhald og gode treningar der samtlege i klubben har lagt ned ein vanvittig god innsats for at vi tok tre poeng i kampen.
Vi skal jobba vidare og planen er 3 nye poeng neste helg.

Os-Lysekloster: 
Måla til Os vart scora av: 
4*Christoffer Hafsås.
Måla til Lysekloster vart scora av: 
Ole Thomas Herrem,Stian Dyngeland,Denis Ljubović.
Slutt resultat:4-3. 

Lysekloster trenar Ruben Hetlevik hadde dette å seie om kampen: 
Det var eit ineffektivt Lysekloster mot eit effektivt Os.

Brann2-Aalesund2: 
Måla til Brann2 vart scora av: 
Andreas Fantoft,Marius Bildøy,Håkon Gjæsvær Gjerstad.
Målet til Aalesund2 vart scora av: 
Valmir Berisha.
Slutt resultat:3-1.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Brann2 trenar Morten Kalvenes hadde dette å seie om kampen: 
Det var ein svak åpning av kampen av oss dei første 15 minuttane av kampen og vi vart straffa.
Det vart gradvis betre gjennom 1.omgang og det tok vi med oss inn i 2.omgang.
Snudde kampen med godt spel og inviduelle prestasjonar.
Aalesund2 trenar Erling Ytterland hadde dette å seie om kampen: 
Brann2 med større vilje og effektivitet!

Den neste runden blir spelt slik: 
Aalesund2-Haugesund2:     26.08 kl:12:00.
Førde-Stord:                        26.08 kl:13:00.
Herd-Brattvåg:                     26.08 kl:14:00.
Fjøra-Sotra:                          26.08 kl:14:00.
Varegg-Os:                            26.08 kl:14:00.
Spjelkavik-Brann2:                26.08 kl:14:30.
FK Fyllingsdalen-Lysekloster:26.08 kl:16:00.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -