Norsk Tipping-ligaen avd.4:kampfakta og reaksjoner.

348

Litt om den 21 runden i NT-ligaen avd.4: 

Haugesund2-Varegg: 

Måla til Haugesund2 vart scora av: 
Hans-Jacob Larsen Nesheim,Kristoffer Velde.
Raudtkort på Varegg spelar Thomas Ulvestad.
Slutt resultat:
2-0.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Haugesund2 trenar Espen Langøen Bull-Tornøe hadde dette å seie:
Det var ein viktig siger.God første omgang der vi burde ha leda meir til pause. Det var spenning i kampen til vi fekk 2-0.Alt i alt fortjent,men Varegg kjempa godt med 10 mann.
Varegg trenar Hiep Tran hadde dette å seie om kampen: 
Med ein utvisning allereie etter 15 minutt og 1-0 like etter så vart det ein blytung ettermiddag for oss. Dei kjøyrde oss heile første omgang,men vi klarar å endra kampbiletetein smule i andre omgang og var nær 1-1.Gutta gjorde eit tappert forsøk,men i stadenfor kontrar Haugesund2 inn 2-0.

Os-Førde: 

Måla til Førde vart scora av: 
2*Øystein Myrkaskog,2*Vegard Savland,Brage Sandvold.
Slutt resultat:0-5.

Spelande dagleg ledar Endre Brenne hadde dette å seie om kampen:
Det var elendig frå a-å. Kollektiv kollaps! Må heva oss betrakteleg for å halde plassen.
Førde trenar Bjørn Totland hadde dette å seie om kampen: 
Nok ein god kamp der vi vinn fortjent.

Brattvåg-Fjøra: 

Måla til Brattvåg vart scora av:
2*Sondre Sandnes Beite,Torbjørn Grytten,Daniel Stensøe,Willy Zamble,2*Håkon Bjørdal Leine.
Slutt resultat:8-0.

Fjøra trenar Knut Almås hadde dette å seie om kampen: 
Vanskeleg å skriva noko om kampen,dårleg av oss!

- Annonse -

Stord-Spjelkavik: 
Måla til Stord vart scora av: 
Viktor Smari Segatta,Petter Hilton.
Måla til Spjelkavik vart scora av: 
Knut-Idar Dalhus,Mathias Eikenes.
Raudtkort på Stord spelar Petter Hilton.
Slutt resultat:
2-2.

Spjelkavik trenar Frode Fagermo hadde dette å seie om kampen:
Det var ein slitekamp,sterkt å koma attende frå 2-0.

FK Fyllingsdalen-Herd: 
Måla til FK Fyllingsdalen vart scora av: 
2*Kjetil Skogen Kalve,2*Kaspar Bergset,Eirik Kampenes.
Målet til Herd vart scora av:
Ingolfur Örn Kristjansson
Slutt resultat:5-1.

FK Fyllingsdalen trenar Roar Fredriksen hadde dette å seie om kampen: 
Det var ein fortjent siger! Vi skapte flest sjansar og scorar mål i denne kampen.

Brann2-Sotra: 
Brann2 sitt mål vart scora av:  
Markus Sunde Fossnes.
Sotra sitt mål vart scora av:
Frederic Falck.
slutt resultat:1-1.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Brann2 trenar Morten Kalvenes hadde dette å seie om kampen: 
det var ein jamn åpning  av kampen men siste timen styrte vi og kunne fort ha scora fleire mål.Sotra forsvarar seg godt og var farlege på kontringar.
Sotra trenar Tommy Knarvik hadde dette å seie om kampen:
Det var ein veldig åpen kamp der de vart målsjansar begge vegar.Brann2 var gode ut i frå spel og sjansar.Godt fornøgd med 1p.Vi fekk ikkje  spelet vårt til å stemme,mangla ein del struktur både offensivt og deffensivt.Men uansett fornøgd med 1 poeng.

Lysekloster-Aalesund2: 
Lysekloster sitt mål vart scora av:
Kristoffer Østervold.
Slutt resultat:1-0.

Lysekloster trenar Ruben Hetlevik hadde dette å seie om kampen: 
Det var Botnsolid av oss mot eit godt Aafk2 lag.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -