Norsk Tipping-ligaen avd.4: Intervju av trenarar

457

No så er det like før Norsk tipping ligaen brakar laust. Den 17 april så er ligaen i gang igjen.
Eg tok å ringde til dei ulike trenarane i avdelinga for å høyre kva som er målet for sesongen og litt  andre spørsmål. Har snakka med 13 av 14 trenarar i avdelinga. Det var ikkje mogeleg å få ein kommentar i frå Herd sin trenar.

Brann2 trenar Morten Kalvenes har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?
Det er først og fremst å utvikle nye spelarar. Vi har vært ute for eit generasjonskifte.  Vi må være konkurranse dyktige. Mål for plassering har eg ikkje.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Vi har 5 seiere,ein uavgjort og 8 tap i treningskampane i vinter.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Marius som også har skrevet proffkontrakt.

- Annonse -

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Brattvåg eller FK Fyllingsdalen.

Brattvåg trenar Rune Ulvestad har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?

Målet med sesongen er å kome seg så høgt som mogeleg på tabellen,så får vi sjå korleis det går når vi kjem i gang.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Det har gått heilt greit med kampane.Vi begynte ganske tidleg med kampane. Vi Har hatt  ein bra stigning på kampane i vinter.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Det er vanskeleg å sei,vi er først og fremst eit lag. Som vi håper på å fungere bra sammen.
Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Brattvåg. Men det kan være nokre Bergens lag som håper på det samme.

Fjøra trenar Håvard Hatle har dette å seie til oss om Sesongen:
kva er målet for sesongen?

Målet vårt er å etablere oss i divisjonen,om vi blir nr 2 eller 10 er ikkje så viktig.
Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Vi har vunne 8 og tapt nokre. Vi har framleis ein jobb å gjere for å bli bedre rusta i divisjonen.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?

Eg er trenar eg,så eg bryr meg om laget og ikkje plukkar fram enkelt spelarar.

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?

Brattvåg eller Fyllingsdalen.

Fyllingsdalen trenar Roar Fredriksen har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?

Målet vårt er å rykkje opp og gjere det best mulig i divisjonen.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Det har gått opp og ned. Vi har Tapt nokre kampar mot antatt bedre lag og vunne nokre kampar.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Keeperen vår blir ein  avgjørande faktor

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Fyllingsdalen eller Brattvåg.Er usikker på dei andre laga.

Førde trenar Bjørn Totland har dette å seie til oss om sesongen:

kva er målet for sesongen?
å ha utvikling i positiv forstand. Har ikkje plasserings mål. Følar at vi kan slå godt i frå oss i divisjon.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
i har scora masse mål og slept inn masse mål. Det har gått  greit i kampane. Vi ser mest etter utvikling. Veldig fornøgd med kampane i vinter.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Då vil eg trekke fram 2 det er Ruben Holsæter som har spelt på Sogndal Fotball i mange år  og Øystein Myrkaskog som spelte i Obosligaen i fjor.

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Fjøra rykkjer opp til Postnord ligaen.

Haugesund2 trenar Espen Bull Tornøe har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?

Målet for sesongen er å spela jamt og bra. plukka poeng.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Vi har spelt jamt og bra. Spelt blant anna mot Sandnes Ulf2 og Odd2.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Vi har ein venstrekant som kan bli spennande å følgje med på.

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
No har eg ikkje så masse greie på avdelingen sida vi er vant til å spele mot Stavanger lag. Men har høyrt at Brattvåg satsar ganske høgt og Lysekloster kan være to som kan rykke opp.

Administrerende leiar i Lysekloster Svein Johan Kollen  har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?
Vårt mål for sesongen er å bli blant dei 3 beste og ligge i toppen av tabellen.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Vi har spelt masse treningskampar i vinter. tapte 0-1 mot Åsane.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Espen Birkeland sentral midtbane

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Brattvåg.

Os trenar Hassan El Fakiri har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?

Vårt mål for sesongen er  rykke opp

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Det har gått så som så. Vi har hatt masse skader på sentrale spelarar i vinter.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Høgrebacken vår Endre Brenne

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Os eller Brattvåg.

Sotra trenar Tommy Knarvik har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?

Vårt mål for sesongen er å etablere oss og sørge for å  ha den samme status neste sesong også i ligaen.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Det har gått bra.  vi har eit heilt helt nytt lag. Det har vært mange utskiftninger. Håpar på å være  godt forbredt på det som skal skje på mandag.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Det er vanskeleg å sei i grunn. Det kan være  Ivar Mykletvedt og Aleksander kan gjere ein god figur.

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Brattvåg eller  Fyllingsdalen.

Spjelkavik sin trenar Frode Formoe har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?

Vi er ny på dette nivået her så målet må være å holde seg i divisjonen

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
vunnet alle 9 av 9 kampa.  Treningsleir i Spania møtte spelarar som har spelt på høgare nivå i spansk fotball. Men treningskampar er ein ting og seriespel er noko anna.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Vi har ein bra kvalitet på laget,vi er  veldig solid. Vi har ingen store stjerner som trekker fram laget. Vi har jamt gode spelara. scora ca 69 mål i fjor og toppscoraren vår scora 8 så vi har fleire som melder seg på og kan score mål.

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Brattvåg brukar millionar  av kroner  i 3 div,det ville vært ein skandale om dei ikkje rykkjer opp. Ellers så har du  Lysekloster og Fyllingsdalen som blir sterk.

Stord assist trenar Jon Andre Røyrane har dette å seie til oss om sesongen:

kva er målet for sesongen?
vårt mål er å komme midt  på tabellen og holde oss i ligaen.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Det har gått litt opp og litt ned. Vi spelte vintercup og vi vant den. vunnet 6 kampar og har hatt nokre tap.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Vi har ein spiss som blir veldig viktig for oss Roger Ekeland. Han har scora 8% av måla vi scora i vinter.

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Brattvåg.

Aalesund2 trenar Erling Ytterland har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?

Det er å utvikle spelarar og holde oss i divisjonen. Vi brukar mest junior spelarar men har med 3 spelarar i frå alaget på kvar kamp.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
Det har gått greit,vi har eit veldig ungt lag. Spelte 0-0 mot Brattvåg i ein treningskamp.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Anders Våga han er ein 2000 model. Scora masse mål i fjor i 3 div så vi håpar at han kan holde oppe med det samme som i fjor.

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Brattvåg eller Lysekloster. Muligens Fylingsdalen.

Varegg kontaktsperson  Olav Gorseth har dette å seie til oss om sesongen:
kva er målet for sesongen?

Det er jo å etablere seg i den nye ligaen. Håpar på å holde oss på øvre halvdel på tabellen.

Korleis har det gått med treningskampane i vinter?
vi har spelt litt ujamt,vant vinterserien og har fått inn nye spelarar.

Visst du skal trekke fram 1 spelar på laget ditt som kjem til å herje i ligaen,kven er det?
Kristoffer Valsvik han spelar midtbane. Han er bror til Gustav Valsvik. Vi har eit  ganske ungt lag. vi er sterke på det  kollektive. I laget så er  vi  ein fin gjeng.

Kven trur du rykkjer opp til Postnord ligaen?
Lysekloster og Brattvåg.Det er  to klubbar som er veldig like.

Runde 1 for Norsk tipping ligaen avd4:
Brattvåg – Stord 17.04    kl 13.30.
Haugesund – Lysekloster kl 15.00.
Sotra – Førde                  kl 16.00.
Os – Spjelkavik               kl 16.00.
Varegg – Herd                 kl 16.00.
Brann2 – Fyllingsdalen 18.04 kl 18.00.
Fjøra – Aalesund          18.04 kl 19.00.

Så var det å ønskje laga,spelarane,støtteapparatet og supportarar lykkje til i sesongen.

 

 

 

 

 

 

 

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -