NT-ligaen avd.4: Kampfakta Sotra-Aalesund2 og intervju av trenarar.

167

Den siste kampen i 3.runde vart spelt i kveld. Aalesund2 tok  turen til Sotra.

Litt om kampen: 
Bortelaget som scora først i kveldens kamp på Sotra. Målscorar for Aalesund2 var Tero Mäntylä,målet vart scora i det 8 minuttet.
Aalesund2 gjekk opp til 3-0 på to minutter så har dei scora 2 mål!
Frispark til bortelaget i frå ca 20m og der står det 0-2 ved målscorar Joakim Barstad.
Den 3 scoringa vart scora av Kheirullah Ahmadzai.
Laga gjekk til pause ved stillinga 0-3 til bortelaget.
Heimelaget puttar 2 på rappen så no er det kamp igjen.
Stian Langeland satte inn 1-3 målet og Nikolai Jensen satte inn 2-3 målet.
Ai ai ai!

Sotra har snudd kampen no er stillinga 3-3 målet vart scora i det 90 minuttet. Arve Grøvan Walde satte det målet.
Heimelaget puttar på ny og har no komt tilbake etter og ha vore under med 3 mål.
Så snudde dei kampen til 4-3 ved målscorar Kim Arne Brakstad målet vart scora i det 93 minuttet.
Gulekort Sotra: 
Bendik Kristoffersen,Avan Warmely.
Gulekort Aalesund2:
Sebastian Andreassen.
Sotra vinn kveldens kamp 4-3.

Sotra trenar Tommy Knarvik har dette og seie om kveldens kamp:
Det vart ein fantastisk opphenting i frå oss i dag.
Vi låg under med 3-0 til pause.
Gutta viser moral og karakter i 2.omgang med å hente 3-0 ledelsen til Aafk2 opp.
Vinner fullt fortjent til slutt.

Aalesund2 trenar Erling Ytterland har dette å seie om kveldens kamp:
Vi var veldig gode i 1.omgang. kunne fort ha leda 4-5 null.
2.omgang så kjem dei med ny energi.
Dei får 2 raske mål i 68 og 69 minuttet.
Då blir vi redd for å tape og blir passive. Vi slepp inn to dødball mål på overtid.
Utrolig nok så legg dommaren til 5min! Dei scorar 15 sekund før slutt.
Dette skal vi ta lærdom av!
Vi tek med oss ein veldig god 1.omgang.

- Annonse -

Assistent trenar på Stord har dette og seie om gårsdagens kamp mot Lysekloster:
Kampen vart som vi hadde rekna med.
Ingen lag som tok sjansar på ei humpete grasmatte. Det var masse lange ballar og duellar.
Vi mistar konsentrasjonen i ein periode på 5 minutt i 1.omgang og Lysekloster scorar 3 mål.

Resultata i frå kampane i 3.runde er:
Brann2-Herd: 1-4.
Brattvåg-Fyllingsdalen:4-2.
Varegg-Spjelkavik:0-1.
Os-Fjøra:5-3.
Haugesund2-Førde:0-1.
Stord-Lysekloster:2-4.
Sotra-Aalesund2:4-3.

 

 

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -