NT-ligaen avd.4:Kampfakta og intervju trenarar.

172

Litt om kampane som vart spelt i helga i Norsk Tipping ligaen avd.4.

Sotra-Fjøra:
Stillinga vart 2-0 til heimelaget. Det var to kjappe mål heilt i startfasen av kampen.
Måla til Sotra vart scora av:
Fredric Doksæter Falck,Nikolai Jensen.

Sotra trenar Tommy Knarvik hadde dette å seie om lørdagens kamp:
vi vinner fortjent. får 2 kjappe scoringar tidlig i 1.omgang som legger premissene for resten av kampen. kontrollerar meste parten av det som skjer. slepp Fjøra lite til,samtidig så skapar vi ein del gode sjansar sjølv. Solid 3 poengar der vi hadde full kontroll.
Fjøra Trenar Håvard Hatle har dette å seie om lørdagens kamp:
Slepp inn 2 mål på dei 2 første angrepa.
Etter det så er det årsbeste spillemessig av oss.

Os-varegg:
Bortelaget tok seieren i land. Det vart 0-2 til Varegg.
Måla til Varegg vart scora av:
2*Torbjørn Aabrekk.
Varegg trenar Hiep Tran har dette å seie om lørdagens kamp:
Det var ein kamp der laga hadde kvar sin omgang. til tross for ein god inngang på kampen,tek Os over initiativet og dei hadde eit bra tak på oss resten av 1.omgang.Dei brant fleire store sjansar. Vi var nok heldige der vi kunne gå til pause ved stillinga 0-0.
I andre omgang så snudde vi kampbildet til vår favør og spelte Os lave.
Heldigvis så scora vi dei nødvendige måla for å dra i lang seieren.

- Annonse -

Stord-Førde:
Ved pause så leda Førde 1-3. Men Stord kom tilbake og snudde kampen.
Det vart tilslutt 6-3.
Måla til Stord vart scora av:
4*Roger Blokhus Ekeland,Einar Hjellestad Iversen,Malvin Ingebrigtsen.
Måla til Førde vart scora av:
2*Øystein Myrkaskog,Vegard Savland.

Spelande trenar Jon Andre Røyrane har dette å seie om lørdagens kamp:
Det var ein svak 1.omgang vi tapar litt for mange dueller. Vi er ikkje «on the front foot»
Spelar ein bra andre omgang der Førde kollapser.
Førde Trenar Bjørn Totland har dette å seie om lørdagens kamp:
Eg føler at vi har ein bra første omgang og god kontroll. I andre omgang så får Stord 2 kjappe scoringar og vi fell litt saman dessverre etter det. Uverkeleg å være vitne til ein sånn kamp.

Brann2-Spjelkavik:
Bortelaget leda 0-1 ved pause. Det vart poengdeling i kampen det vart 3-3.
Måla til Brann2 vart scora av:
Even Hepsø Vetås,Halldor Østervold Stenevik,Håkon Giæver Gjerstad.
Måla til Spjelkavik vart scora av:
Knut-Idar Skjelten Dalhus,Benjamin Skulstad Sunde,Trond Håkon Lie Edøy.

Brann2 trenar Morten Kalvenes har dette å seie om søndagens kamp:
Vi styrer kampen i frå start tilslutt. Er likevel stort sett heile tida på etterskudd resultatmessig etter 3 mål i mot på dødball.
Vi er fornøgde med å koma tilbake 3 gangar.
Spjelkavik trenar Frode Fagermo har dette å seie om søndagens kamp:
Det var ein tøff kamp. Surt å rote vekk 2 måls ledelse men alt i alt fornøgd med poeng.

Lysekloster-Fyllingsdalen:
Ved pause så var stillinga 1-1. Heimelaget vippa kampen i sin favør og vant 2-1.
Måla til Lysekloster vart scora av:
2*Kristoffer Østervold.
Fyllingsdalen sitt mål vart scora av:
Kjetil Skogen Kalve.

Lysekloster trenar Ruben Hetlevik har dette å seie om søndagens kamp:
Det var einn botnsolid gjennomføring av oss,som gir oss  fullt fortjent 3 poeng.
Fyllingsdalen sin trenar har dette å seie om søndagens kamp:
Det var eit forventa kampbilde med få sjansar begge vegar.Lysekloster utnytta sine mens vi klarde ikkje å scora på våre sjansar.
Kjedeleg å ikkje få med seg poeng i denne kampen.

Brattvåg-Herd:
Heimelaget leda 2-0 til pause. Det vart 5-1 til Brattvåg.
Måla til Brattvåg vart scora av:
Thomas Skog Martinussen,Emil Dale,2*Daniel Stensøe,Didrik Knudsen Fløtre.
målet til Herd vart scora av:
Andreas Brune Rekdal.
Det var ikkje mogeleg å få kommentar i frå laga sine trenarar om kampen.

Den neste runden blir spelt slik:
Fjøra-Brann2:19.05 kl:19:00.
Herd-Stord:20.05 kl:15:00.
Fyllingsdalen-Os:20.05 kl:15:00.
varegg-Sotra:20.05 kl:15:00.
Førde-Lysekloster:20.05 kl:16:00.
Spjelkavik-Haugesund2:21.05 kl:15:00.
Aalesund2-Brattvåg:22.05 kl:19:00.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -