NT-ligaen avd.4:Kampfakta og intervjuer.

259

Litt om rundens kampar i Norsk-Tipping ligaen avd.4.

Haugesund2-Fjøra:
Bortlelaget kom under etter 8 minutt spelt.
Målet til Heimelaget vart scora av:Robert Kling.
2-0 ved Kristoffer Velde,målet vart scora i det 54 minuttet.
Så tok Fjøra tak og begynte så smått å produsere sjansar og etterkvart så fekk dei hull på byllen. Torbjørn Oddenes scora for Fjøra i det 59 minuttet av kampen.
Mathias Flo auka på slik at det vart likt i målprotokollen.Vart scora i det 83 minuttet.
Fjøra tok med seg eit meget viktig poeng heim igjen til Sogndal.
Slutt resultat:2-2.

Brattvåg-Spjelkavik: 
dei 2 som scora for heimelaget var:
Destin Prince-Loic Mambouana,Aksel Bergen Skjølsvik.
Dei 2 som scora for Spjelkavik var:
Roald Andreas Knoph Runde,Markus Kampenes.
Slutt resultat:2-2.
Spjelkavik Trenar Frode Fagermo hadde dette å seie om kampen:
Det var full kok og akkurat like intens som vi antok. Vi likar å plage Brattvåg og det gjorde vi.
Ok med 1 poeng tross av at vi leda lenge 1-2.

Os-Sotra:
Målet til Os vart scora av:
Marius Haugland Mikkelsen.
Måla til Sotra vart scora av:
Bendik Kristoffersen,Arve Grøvan Walde,Stian Langeland.
Slutt resultat: 1-3.
Sotra trenar Tommy Knarvik hadde dette å seie om kampen:
Det var ein jamn og tettspelt kamp der vi vinn fortjent til slutt!
Os var nok det beste laget i førsteomgang,der dei trykte bra på med innlegg og trøkk i boks. Vi fekk justert oss i pausen og klarde å holde bedre på ballen også.
Fekk ein del kontrings moglegheiter i andreomgang som vi burde ta bedre vare på.
Men dette var ein kamp der laga hadde kvar sin omgang.
Eg er veldig fornøgde med at vi er tilbake igjen på vinnarsporet.

- Annonse -

Fyllingsdalen-Førde. 
Måla til heimelaget vart scora av:
Kasper Sælenmilde Bergset,2*Kjetil Skogen Kalve.
Måla til Førde vart scora av:
Øystein Myrkaskog,Rubel Digernes Holsæter,Daniel Grimset Kvalvågnes.
Slutt resultat:3-3.
Førde leiren:
Det var ein skuffa Førde gjeng som følte seg rana for 3 poeng men måtte ta til takke med 1 poeng.
Det var ikkje langt i frå at Førde kunne ha tatt med seg rubbel og bit. Fyllingsdalen sin keeper med eit tigersprang i omtrent det siste minuttet av kampen og redda mesterleg etter ein susar som var på veg opp i vinkelen!
Fyllingsdalen sin trenar Roar Fredriksen:
Førde tok oss litt på senga i kampen.

Lysekloster-Herd:
Måla til heimelaget vart scora av:
2*Kristoffer Østervold,2*Tommy Gaustad.
Måla til Herd vart scora av:
Audun Kåre Øvrelid,2*Patrik Dønheim Hjelmseth.
Lysekloster trenar Ruben Hetlevik hadde dette å seie om kampen:
Det var ein ordentleg slite kamp. seieren satt langt inne.

Stord-Aalesund2:
Måla til Stord vart scora av:
2*Jonas Hilt Stoknes,2*Roger Blokkhus Ekeland,Kristian Magnussen.
Målet til Aalesund2 vart scora av:
Joakim Barstad.
Slutt resultat:5-1.
Assistent trenar Stord Jon Andrè Røyrane hadde dette å seie om dagens kamp:
Vi var best i heile kampen.Vart satt på prøve i 10 minutt av andreomgangen.
Det er deilig å vinne igjen.
Aalesund2 trenar Erling Ytterland hadde dette å seie om dagens kamp:
Vi vart løpt og duellert i senk av eit lag som var mykje bedre enn oss i dag!

Brann2-Varegg:
Måla til Brann2 vart scora av:
2*Marius Bildøy,Håkon Giæver Gjerstad,Daniel Steenseth Tørum,Halldor Østervold Stenevik.
Det vart ikkje mål scora av Varegg i denne kampen.
Slutt resultat: 6-0.
Brann2 trenar Morten Kalvenes hadde dette å seie om dagens kamp:
Vi åpna klart best i første 15 minuttane.Så jamna det seg meir ut.Når vi fekk første scoringa så vart det einvegskjøyring som resultatet  viser.
Varegg Trenar Hiep Tran hadde dette å seie om dagens kamp:
Det var ein jamn kamp heilt til 1-0 midtvegs i andreomgang. Så gjere vi ein grov miss i angrep som fører til kontring og mål.Der i frå og inn så klappar vi i saman og regelrett kontra i senk.
Greit at vi tapar men er veldig skuffa over at sifrene blir så stygge.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -