Kva syntest du om sesongen så langt?
Eg er fornøgd med sesongen til nå. Vi har lært mykje på denne korte tida og vi har spelt bra. I dei fleste kampane har vi vert betre enn det resultatet tilseier. For eksempel mot Kjelsås borte når vi tapte 2-1, vi dominerte kampen og burde vunne med fleire mål i denne kampen. Så alt i alt det vi har levert som forventa men at vi fortent litt meir poeng enn det vi har fått.

Du snakkar om at dykk tapte for Kjelsås, er det dei du trur er den tøffaste konkurrenten om opprykket?
Ja, dei blir tøffe og slå, men det er flerie lag som kommer til og ligge jamnt i toppen. Grorud blir tøffe, Florø og Elverum også sjølv om Elverum er eit stykke bak til nå. Alta også, og ikkje minst Fram Larvik som har ein fordel på grunn av at dei speler på grass på sine heimekampar.

Åsane har ein veldig offensiv spelestil, men slepper inn veldig lite mål korleis henger dette samen?
Jo, eg vil sei at angrep er det beste forsvar. Vi har veldig mykje ball og da er det vanskelig for dei andre og skåre mål på oss. Jo mindre dei har ballen jo mindre tid har dei på og skåre, så det har nok mykje og sei det med ballinhav, men også dette med dei gode avstandane i laget. Vi har ein bra struktur i laget.

Kva kan bli betre framover med laget ditt?
Eg syntest at vi kan bli betre på den siste tredjedelen. Vi skårar mykje mål, men visst vi ser i forhold til det vi produserer burde vi ha skåra meir mål enn det vi har gjort. Når vi møter enda betre lag kan vi ikkje forvente og skape så mange sjansar som vi gjer og da må vi blir meir effektiv.

- Annonse -

Kva kamp er du mest og minst fornøgd med så langt?
Spelemessig vil eg sei at eg er mest fornøgd med kampen mot Kjelsås, der er vi veldig god og fortente meir enn null poeng. Den kampen eg er minst fornøgd med er kampen heime mot Florø. Vi hadde enormt mange sjansar men klarte ikkje og sette nokon i mål og kampen endte 0-0. Dei hadde 3 redningar på strek, og vi hadde mange andre sjansar vi burde ha skåra på.

Dykk har fått ein ny daglig leiar, kva tenker du om det?
Jo, det er selfølgelig veldig spennande. Han skal komme inn her og være med å bygge opp klubben igjen. Vi får inn god kompetanse frå ein som har vert i fotballen i mange år. Han kommer inn her for og jobbe med klubben i sin heilthet. Han skal også jobbe med ungdom og økonomi.

Kan du snakke litt om talenta du har her i klubben?
Vi har mange her som kommer har store potensial, Ole Martin Kolskogen som er kaptein på U18 landslaget, Viljar Birkland er bare 21 år, Ole Didrik Blomberg er ung, samen med belly som mange kjenner frå det kjent klippet som har gått verden rundt på sosiale medier. Også spissane Henrik Udhal og Håkon Lorentzen. Vi har eit ungt og godt fotballag.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -