Det var klart til eit stort oppgjør i Eliteserien. Det berykta oppgjøret mellom RBK mot Odd. Rosenborg kom inn i denne kampen med eit 2-0 tap mot Bodø/Glimt mens Odd hadde slått Brann på heimebane. Dei to lag har møttes 42 gonger sidan 1961. Odd har vunne bare 7 av desse 42 kampane, Rosenborg har vunne 26 og 9 av kampane har endt med uavgjort. Men vist vi ser på dei siste 6 kampane har dei vunne 3 kvar. Vist vi ser på målforkjellen sidan 1960 talet har RBK skåra 92 mens Odd har skåra 40.

Første omgang var i gang. Det var to lag som verkelig gjekk i duellane og ville vinne. Rosenborg pressa høgt og fekk Odd til og gjere ein del feil. Men vi fekk ikkje nokon avslutning på mål før i det 23. minutt ved Søderlund . Begge lag hadde to avslutning kvar før dette, ein som hadde blitt blokkert kvar og ein som gjekk utanfor. Dei delte på og ha ballen så i det 19 minutt hadde dei eit ballinnhav på 50-50. Men det var Odd som var farligast. Dei hadde tre farlige kontringar dei første 20 minutta. 3 kontringar som dei ikkje klarte og utnytte godt nok. I det 23 minutt var det ein avslutning frå Gjermund Åsen som gjekk i ein ODD speler og ut. Det blei hjørnespark. Hjørnesparket blei tatt og inne i feltet var det ein krig som Alexander Søderlund vant og fekk styrt ballen mot mål. Men tverrliggaren sto i vegen for Haugalendingen. Og det tok bare nokon minuttar før «Søder» var frampå igjen, men denne gangen gjekk ballen utanfor. Odd hadde eit skot som blei blokkert før det gjekk på mål.

Men i det 43 minutt var ballen i mål. Det var Sondre Rossbach som måtte ta ballen ut av nettet. Fordi Pål Andre Helland hadde avfyrte eit skot på rundt 25 meter. Ballen gjekk mot lengste kryss og Rossbach fekk akkurat ikkje dytta ballen vekk. 1-0 RBK og ein drømmeavslutning på omgangen for RBK. Det var Helland sinn tredje avslutning denne sesongen, så alle gode ting er tre for han. Dei kunne gå i garderoben med trua på tre poeng og komme ut uten stress.

Andre omgangen var i gang. I det 53 minutt var det ODD som fekk dytta ballen i mål. Det var Espen Ruud som skaut ballen i frå den høgre enden av sekstenmeteren. Det såg ut som om ballen skulle gå ut, men på bakarste stolpe sto Torgeir Børven og sette ballen i mål. 1-1 og laga var like langt. Det var Børven sitt 3 mål på to kamper denne sesongen. Det såg lyst ut nå for ODD med tanke på om dei skulle få med seg eit poeng heim til Skien.

- Annonse -

Det blei etter kvar mykje pasningar og lite sjansar. ODD ville ikkje ta for store sjansar, mens RBK ikkje klarte og skape noko. Men etter 70 minuttar var ODD nærme og sette inn 2-1. Det kom eit innlegg inn til Torgeir Børven som prøvde og sette ballen i lengste kryss, men ballen entre 20 cm utanfor. Men det var det einaste. Ingen av laga var i nærheten av og skape noko, før i det 80. minutt når Torgeir Børven fekk avslutta frå 25 meter, men ballen gjekk rett utanfor stolpen. Og det var den siste store sjansen. ODD hadde vert soleklart best i andreomgang, så det var fortjent at det blei poengdeling.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -