Det var mange som håpte på ein spennande og målrik kamp mellom Real Betis og Rennes. Stillinga var 3-3 mellom dei to laga frå møte i Frankrike. Rennes hadde tapt 2-0 mot Reims sidan det. Mens Real Betis hadde spelt 1-1 mot Alavés. Real Betis var storfavourittar. Norsk Tipping hadde sett ein odds på 1.55 på at Real Betis skulle vinne denne kampen. Rennes hadde 5.00 i odds. Real Betis skulle gå ut i ein 3-4-3 formasjon, Rennes prøvde seg på ein sikker 4-4-2.

Kampen var i gang, det var Real Betis som tok avspark. Rennes måtte score mål så dei gjekk ut med stort press. Vist kampen ende 0-0 hadde Betis gått vidare på bortemål. Men det var ikkje mange sjansar i starten. Rennes hadde eit nesten ufarlig skot som gjekk utanfor mål. Noko som var det nærmaste nokon av laga var før det var spelt 20 minuttar. Det var eit skot som blei blokkert og gjekk ut til hjørnespark. Hjørnesparket blei tatt, Betis keeperen var på veg ut men skjønte fort at han ikkje ville nå ballen, så han stoppa mitt i mellom ballen og mål og klarte ikkje og redde ballen når den traff hovudet til Ramy Bensebaini. 1-0 til Rennes, nå måtte Real Beits score for og kunne gå vidare. 5 minuttar etter var Betis frampå. Jesé var igjennom men han klarte ikkje og få ballen i mål.

Etter 29 minuttar kunne Rennes kontre, og det gjore dei. Ballen kom fram til Ismaila Sarr, han hadde ein pasning fram til Adrien Hunou som sto på bakarste stolpe og sette ballen i mål. Det var 2-0 til Rennes, og 5-3 samanlagt. VI kunne sjå dei mållause, tomme ansiktsuttrykk til Real Betis fansen. Blikket til Quique Setién, som kunne tatt live av halve Frankrike. Det gråe håret hans hadde på 10 minuttar blitt 10 gongar så mykje grått. Dei hadde hatt god kontroll dei første 20 minutta og nå var det dei som måtte opp og score 2 mål. Men både Setién, Betis fansen og alle Betis spelarane viste at dei hadde klart og ta igjen ein 2-0 leiing på bortebane mot Rennes.

Og der var ballen i mål for Betis. Det var ein kontring i det 42. minutt. Sergio Canales blei spelt nydelig igjennom og var forbi heile forsvaret, på motsatt side av sekstenmeteren sto Giovani Lo Celso åleine og kunne sett ballen i mål. Det var han som hadde scora 2-1 målet i Frankrike, og nå var det han som scora 2-1 målet i Sevilla. Han scora sitt tredje mål på tre kamper. Det var nytt håp i Sevilla, og dei kunne ta med seg positiv energi inn i garderobe.

- Annonse -

Andre omgang var i gang. Det var vanskelig for Rennes og vite om dei skulle gå for det tredje målet eller prøve og ikkje sleppe inn eit mål til. Vist dei scora det tredje målet ville dei vært likt på bortemål vist dei slapp inn fleire mål. Men vist dei slapp inn eit mål utan og score måtte dei angripe for og prøve og vinne. Og Betis klarte og skape mange gode sjansar, både Sergio Canales og Loren Moron hadde gode avlutninngar som gjekk på mål. Rennes klarte ikkje og holde følg med Real Betis, som sprang meir, sprang fortare og sprang smartare. Rennes blei pressa langt bak og dei fekk ikkje kvile, for før dei viste ordet av det så var Betis i angrep igjen. Det var som å bli kvelt. Real Betis dikterte kampen, dikterte tempoet. Dei gjore som dei ville, og det einaste Rennes kunne gjere var og forsvare seg, og håpe på ei kontring. Når 70 minuttar var passert var det likevel 2-1. Dei klarte ikkje og få ballen i mål, og det viste seg at dei begynte og slite etter det hare kjøret. Det blei fleire og fleire nervøse grimasar på tribunen i Sevilla. Setién gjore fleire endringar for og prøve og score mål. Han tok innpå både Sergio Leon og Diego Lainez. Julien Stephan sette inn to forsvarsspelarar i Jeremy Gelin og Medhi Zeffane. Det var tydelig at dei gjekk for å prøve å ikkje sleppe inn mål.

Tida gjekk så alt for fort for Real Betis, klokka var tikka over 85 minutt, og dei låg enda under. Dei hadde skapt mindre og mindre utover andre omgang. Dei var tomme for kreativitet og energi. Forsvaret til Real Betis var nå så offensive at kvar gong Rennes fekk ein kontring kom dei i overtall. Dei hadde ingen val, dei måtte score. Dei tok inn den 20 år gamble angriparen Emerson som eit siste forsøk. Men det hjelp ikkje. Dei klarte ikkje og sette ballen i mål. I staden for kom Rennes på ein kontring og fekk sett ballen i mål og sett eit punktum på kampen. Og da endte kampen 3-1, 6-4 sammenlagdt til Rennes og dei gjekk vidare i Europa Ligaen.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -