Det er var klar for ein kul kamp mellom Real Sociedad og Real Betis. Det var to lag som måtte vinne vist dei skulle henge med og ha ein sjanse til og komme ut i Europa. Sociedad kom ut i ein 4-4-2 formasjon, mens Betis skulle spele med ein 3-5-2 formasjon. Real Betis låg på 9. plass før sesongen, mens Sociedad var på 11. plass. Betis hadde skåra 33 mål før denne kampen, Sociedad hadde skåra eit meir. Dei siste 5 kampane hadde Sociedad spelt uavgjort 3 gonger og tapt 2. Betis hadde vunne 2, ein uavgjort og 2 tap dei siste 5.

Kampen var i gang. Det var gjevntspelt dei første 10 minutta. Real Betis hadde ballen for det meste av tida, men dei skapte ingen store sjansar. Giovani Lo Celso hadde ein avslutning frå rett utanfor sekstenmeteren, men keeperen hadde ingen problem med den. Det kom eit innlegg inn til Loren Moron også men det var ikkje noko farligare en Lo Celso sitt skot. Etter 15 minutt kom det eit innlegg som landa på hovudet til Juanmi, men han klarte ikkje og styre ballen undre tverrliggaren.

Og etter 17 minuttar var ballen i mål. Det var Real Sociedad som fekk eit hjørnespark. Inne i feltet sprang Juanmi seg fri i feltet og fekk stå åleine og bare skyte ballen i mål. 1-0 til Real Betis og presset var nå på Real Betis. Det var Mikel Oyarzabal som fekk sin første målgivande pasning sidan 9. November 2018.

Det skjedde ikkje så mykje meir før i det 29. minutt. Det var Real Betis som hold på ballen men dei klarte ikkje og skape den store spenninga. Men etter 29. minutt fekk Willian Jose stå utanfor sekstenmeteren til Real Betis og skyte. Avslutninga var ikkje så veldig farlig, men Pau Lopez måtte ut i full strekk for og holde ballen utanfor mål.

- Annonse -

Det kom ingen fleire store sjansar denne omgangar. Sociedad kunne vere godt fornøgd med denne omgangar, dei hadde skåra og dei hadde ingen problem med å forsvare seg mot Real Betis. Noko måtte gjerast for Betis visst dei skulle ha ein sjanse til å komme tilbake.

Andre omgang var i gang. Og etter 10 minutt var Real Betis frampå. Det var Cristian Tello som dribla seg innover på venstre side av sekstenmeteren før han gav ballen til Sergio Canales som sette ballen i mål. 1-1 og nytt håp for Real Betis. Det var andre ganga at Canales skåra mot gammleklubben denne sesongen. 3 minutt etterpå vant Real Sociedad ballen i farlig posisjon på Betis sin banehalvdel. Willian Jose blei spelt igjennom, men Real Betis blei redda av Pau Lopez.

Etter 69 minutt fekk Joaquin ballen innafor sekstenmeteren. Han skulle bare legge ballen fint i lengste, men han gjekk for kraft. Og ballen blei redda av ein ekstremt god redning frå Gerónimo Rulli. Begge lag tok større sjansar nå. Dei innsåg at eit poeng ikkje var godt nok for nokon av laga.

Etter 82 minutt var det mål i igjen. Det var Real Sociedad som sette ballen i mål og gjekk opp i ledelse igjen. Det var Lainez som mista ballen til Juanmi som slo ein perfekt pasning igjennom til Oyarzabal som sette ballen i mål. 2-1. man kunne sjå skuffelsen i augene til Betis spelarane. Og det var dette som var sluttresultatet. Betis hadde ingen skikkelig spurt på slutten av kampen og Real Sociedad vant fortjent.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -