Superveteran redda kjærkoment poeng

166
Foto: Anders Grydelan, grydis.no

Superveteran redda kjærkoment poeng

Til tross for å ligge under med to mål, viste Steinar Pedersens mannskap stor moral.

Sogndal måtte leve med eit soleklart favorittstempel og gjekk aggressivt ut frå start. Etter ti minutt fekk Jukka Raitala moglegheiten til å svinge inn hjørnesparket med sin presise venstrefot, inne i feltet stanga høgreiste Psyché inn eit tidleg 1-0 mål for vertane. Presset til sogndølene vedvarte og det var berre trevirket som hindra Ole Amund Sveen frå å doble leiinga like etter. Start kom til nokre små farligheiter, men backfiraren og sisteskanse Mathias Dyngeland hadde stort sett kontroll på sørlendinganes framstøt.

Andre omgang starta som den første slutta, Sogndal styrte kampen og kom til fleire farligheita og åtte minutt ut i omgangen måtte Opdal sjå seg slått, igjen. Hjørnespark, denne gong frå Koomson vart slått knallhardt inn mot Starts femmetar, der raga ingen høgare enn Franske Psyché som kontant stanga inn sin andre for dagen. Birkelund kunne også ha lagt på til 3-0, men viste at hurtigheita ikkje er hans varemerke, då han like før mål vart løpt opp av de gulkledde sitt forsvar.

Det såg ut som at lufta var gått ut av Pedersens mannskap, men etter eit flott hjørnespark frå Nwakali og eit like flott hodestøt frå De John våkna gjestene. Bakke tok nokre defensive grep, men i staden for å mure igjen vart Sogndal baktunge, noko som førte til eit enormt Startpress. Men der Bakke bytta seg defensivt, gjorde Steinar Pedersen offensive trekk. På eigen banehalvdel rota Sogndal rota vekk ballen, Salvesen serverte innbyttar Hoff som drog seg fint forbi Psyché og sat ballen sikkert i nettet. Sluttminuttane vart prega av hawaiifotball, men med iherdig oppofring frå Startspelarane og ei frykteleg avslutning frå veteran Bolseth enda kampen med 2-2.

- Annonse -

Sogndal (4-4-1): Mathias Dyngeland, Taijo Teniste, Christophe Psyché, Bjørn Inge Utvik, Jukka Raitala – Lars Christian Kjemhus, Babacar Sarr, Eirik Birkelund, Gilbert Komsoon – Ole Amund Sveen – Mahatma Otoo

Start (4-4-1-1): Håkon Opdal – Alex De John, Tapio Heikkila, Rolf Daniel Vikstøl, Henning Robstad – Daniel Aase, Kristoffer Ajer, Gudmundur Kristjansson, Espen Børufsen – Mathias Rasmussen – Chidiebere Nwakali

Tilskodertal: 2770

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -