Molde bukka under for hardtarbeidande sogndøler

Martin Ramsland leverte to målgivande då Sogndal fekk ti poeng klaring ned til kvalik.

738

Sogndal hadde ikkje tapt sidan bortekampen mot Brann i april. Poengsvoltne Molde kom på besøk, men dei kvitkledde sogningane lot seg ikkje skremme.

Sogndal gjekk til med sin hardtarbeidande spelestil og berre etter tre minutt satt den for vertane. Babacarr Sarr stussa hjørnesparket bak i feltet og der kom kaptein Hannu Patronen og tuppa Sogndal i ledelsen.
Eit kvarter etterpå fekk Molde frispark på rundt tretti meter, Joona Toivio lada opp venstrebeinet og dunka det mot keeperhjørnet, Dyngeland gjekk tidleg, men desverre for Sogndal gjekk han feil veg. Ballen suste i mål og laga var like langt.
Som om ikkje finspelet til Sogndal var nok, så drog «Saftkokaradn» i gong det islandske kampropet og gjentok det utover kampen.

Kunst

Martin Ramsland har fungert som rivjern på topp for Sogndal så langt i sesongen. Mandalitten jobbar og slit i samtlege minutt, og i dag viste han også prov på offensive kvalitetar. Først spelte han gjennom Lars Christian Kjemhus som på vakkert vis dunka ballen i krysset bak Horwath før han like etter påtok seg rolla som servitør på ny. I duell med Toivio spelte han gjennom Ole Amund Sveen, den offensive midtbanespelaren sprang i frå Vegard Forren og avslutta, litt heldig, mellom beina på Molde sin sisteskanse.

- Annonse -

I pausen tok Solskjær grep, to offensive bytter vart gjort for å snu kampbilete, men den gang ei.
Nok ein gong vart Lars Christian Kjemhus spelt fri, denne gong av Ole Amund Sveen, bergenseren valde like gjerne å smelle til ein gong til, nok eit kremmarhus heilt bort ved nermaste stolpe, 4-1 til Sogndal.

Singh-dobbel

To minutt før slutt smalt det for Molde, etter eit hjørnespark landa ballen på høgrefoten til Harmeet Singh som dunka den kontant inn bak Mathias Dyngeland. Då vart det fyr i teltet for gjestane. Alle vart sendt i angrep, og det vart uttelling. Harmeet Singh dunka til, nok ein gong og den suste inn i nettmaskene frå over tjue meter, men det vart for seint for Solskjærs menn. Sogndal som fram til tre minutt før slutt hadde full kontroll, slapp med skrekken etter ein ufatteleg sluttspurt.

Etter kampen tok TV2 ein prat med Joona Toivio og Lars Christian Kjemhus. Hos Toivio var stemninga laber.
«Dette var ein merkeleg kamp, alt går inn i mot oss. Vi gjer ein dårleg kamp igjen, det må vi slutte med, fortel finske Joona Toivio
Tonen var derimot ein heilt anna hos tomålscorer Lars Christian Kjemhus:
«Det er utruleg sterkt det vi gjer, men samtidig så sitter vi i garderoben og trur vi kan slå dei.»

Kampfakta:

Sogndal IL – Molde FK 4-3 (3-1)

 

Stadion: Fosshaugane Campus
Tilskodarar: 3217
Dommar: Tore Hansen
Gule kort: Taijo Teniste, Kristian Fardal Opseth, alle Sogndal IL.
Målscorarar: Hannu Patronen 3 min, Joona Toivio 21 min,Lars Christian Kjemhus 24 min, Ole Amund Sveen 31 min, Lars Christian Kjemhus 51 min, Harmeet Singh 88 min, Harmeet Sing 90 min.

Sogndal (4-4-1-1): Mathias Dyngeland, Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyche, Jukka Raitala – Gilbert Koomson(Bjørn Inge Utvik, Eirik Birkelund, Babacar Sarr, Lars Christian Kjemhus – Ole Amund Sveen(Kristian Fardal Opseth 76) – Martin Ramsland(Mahatma Otoo 78)

Molde (4-3-3): Ethan Horwath – Joona Toivo, Ruben Gabrielsen, Vegard Forren, Knut Olav Rindarøy – Eirik Hestad(Sander Svendsen 46), Harmeeth Singh, Fredrik Aursnes – Petter Strand, Pape Pate Diouf(Thomas Amang 46), Mathias Moström

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -