Tilkowski og linjemannen

126
Hans Tilkowski Foto: Wikimedia

Hans Tilkowski er korkje mellom dei mest kjende eller mest meritterte av alle dei fantastiske tyske fotballspelarane verda har sett opp gjennom historia. Likevel: han har – heilt ufrivillig – skaffa seg ein plass i fotballhistoria som gjer at han aldri vil bli gløymt. Frå aller næraste hald opplevde han nemleg det som truleg er den mest dramatiske hendinga i heile fotball-VM-historia fram til i dag: Det som hende i VM-finalen mellom Tyskland og England Wembley stadium 30. juli kl. 16.41 (norsk tid) har for all ettertid skrive seg inn i historiebøkene:

1. ekstraomgang går mot slutten. Då skjer dette: Nobby Stiles får ballen inne i midtsirkelen. Han sender ein lang ball ned langs høgresida, og Alan Ball må ut i enno eit sugande løp. Han når ballen og får slått eit innlegg. På straffemerket møter Geoff Hurst ballen. Han bruker ei berøring for å få kontroll før han hamrar til med høgrefoten. Ballen fyk over hovudet på den tyske keeperen, Hans Tilkowski, som ikkje greier å få opp armane før ballen treffer tverrliggaren sprett rett ned og inn att på banen.Den tyske backen Weber kjem til og nikkar ballen over tverrliggaren til det dei fleste trur er eit hjørnespark . Men Hurst skrik ut og strekkjer armane i veret. Han meiner heilt tydelig at ballen har vore over streken. At det er mål. Så blir han usikker. Hurst let armane falle ned att medan den sveitsiske dommaren spring mot sidelinja og konfererer med den sovjetiske linjemannen Tofiq Bahramov. Etter ein kort konferanse peikar sveitsaren mot midtstreken. MÅL. England går opp til 3-2 og vinn til slutt den dramatiske finalen 4-2.

I all ettertid er det målet til Hurst som huskast frå denne kampen. Det er mellom anna gjort fleire vitskaplege undersøkingar med moderne teknologi for å prøve å slå fast om ballen var inne eller ikkje. Dei fleste konkluderer med at det aldri skulle ha vore dømt mål. For Hans Tilkowski hjalp denne forskinga svært lite. Han var sølvvinnar og ikkje verdsmeister.

Tilkowski enda den internasjonale karriera si året etter, da legendariske Sepp Maier tok over som burvoktar for tyskarane. Denne hendinga følgde sjølvsagt Tilkowski gjennom livet.  Han jobba ei tid som trenar, og han brukte også mykje tid på arrangere kampar med gamle stjerner for å samle inn pengar til veldedige formål.

- Annonse -

I ettertid har det og vore lagt fram konspirasjonsteoriar omkring den avgjerande hendinga i 1966. På dette tidspunktet var det berre 20 år sidan andre verdskrig var over, og det har vore hevda at linjemannen Tofiq Bahramov var jøde, og at han på denne måten hemna seg på tyskarane. (Sovjetarar kunne for den saks skuld også tenkjast å ønskje seg hemn dersom ein er ute på slike spekulative vegar).

I all ettertid levde Hans Tilkowski i vissa om at han og lagkameratane vart robba for ein mogleg verdsmeistertittel av en linjemann frå Aserbajdsjan i Sovjetsamveldet.

Ei hending frå 2009, då den gamle målmannskjempen hadde fylt 74 år, reflekterer kva betydning det kontroversielle målet til Geoff Hurst framleis har i mange krinsar. Samstundes fortel ho mykje om kva karaktertrekk som kjenneteikna Tilkowski, og om korleis han levde vidare med uretten.

I desember det året vart Tilkowski invitert til Aserbajdsjan i samband med avdukinga av ein statue av linjemannen Tofiq Bahramov, som vart reist utanfor nasjonalanlegget for fotball i hovudstaden i Aserbajdsjan, Baku. Sidan 1993 har dette anlegget faktisk bore namnet ”Tofiq Bahramov stadion”. Saka er nemleg den at linjemannen Tofiq Bahramov har hatt kultstatus i heimlandet heilt sidan den famøse godkjenninga av målet til Geoff Hurst i 1966. I tillegg til at han vart kjend for dommarkarriera, var han i fleire år også generalsekretær for fotballforbundet i Aserbajdsjan, og då han døydde i 1993, fekk nasjonalanlegget namn etter han.

Under avdukinga av statuen i 2009 heldt Tilkowski ein tale der han innleiingsvis gjorde det krystallklart at han meinte ballen aldri hadde vore inne den gongen i 1966, men deretter formulerte han seg i varme og rosande ordelag både om vertskapet og om det lokale ikonet Bahramov på ein slik måte at ingen likevel vart støytt, og på den måten fekk han vist kva slags gentleman han var. Tilkowski er i dag 84 år gammal.

 

 

 

 

 

 

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -