Tottenham-siger etter litt flaks og kliniske avslutningar mot Leicester

Leicester skapte massevis av sjansar på Wembley, men Tottenham var meir effektive og kliniske, noko som gjorde at dei gjekk ut av kampen som sigersherrar.

144

Søndag ettermiddag var det duka for nok eit Premier League-oppgjer på Wembley. Tottenhams nye stadion er framleis ikkje klar, og vil nok ikkje vere det på ei god stund. Leicester gjesta hovudstaden og gjorde seg absolutt ikkje vekk mot dei liljekvite frå Nord-London.

Det var nemleg bortelaget som skapte sjansar i byrjinga. Harry Maguire sette Hugo Lloris på prøve med ei heading frå ein corner, og Harvey Barnes sette ballen såvidt utanfor den lengste stolpen.

I det 16. minuttet oppstod det ein kontroversiell situasjon som skapte furore på sosiale medier. Heung-Min Son vart tilsynelatande felt av Maguire innanfor 16-meteren, men Michael Oliver dømte frispark favør Leicester og gult kort for filming. Straffe er det usikkert om det skulle vore dømt, men gult kort var strengt å gi i den situasjonen.

Nokre minutt seinare var Danny Rose svært nære scoring etter at Tottenham rulla opp og fann engelskmannen ute på venstresida. Kasper Schmeichel stod stødig og blokkerte forsøket. Etter dette hadde Leicester fleire sjansar til å ta leiinga. James Maddison og Wilfred Ndidi hadde kvar sitt forsøk, men Barnes hadde den aller største sjansen då han fekk skyte ganske fritt frå kort hald.

- Annonse -

Sanchez med sitt første Tottenham-mål

I det 33. minutt skulle kampens første mål kome. Kieran Trippier slo ein kort corner til Christian Eriksen som hadde posisjonert seg i nærleiken av hjørnet på 16-meteren. Han slo eit millimeterpresist innlegg som traff ein stupande colombianar sin pannebrask. Davinson Sanchez heada ballen kontant i mål frå skrått hald og gav heimelaget ei sårt trengt, og nokså ufortent leiing.

Tottenham kontrollerte kampen og banespelet i perioda inn mot pause. Nyervervinga Youri Tielemans sette likevel Lloris på prøve med ein aldri så liten frekkis før pause. Frå området rundt cornerflagget forsøkte belgiaren å replikere Roberto Carlos, men den franske landslagskapteinen var med på notane og slo ballen ut til corner.

Etter pause heldt Leicester fram med å skape sjansar. Demarai Gray fekk skyte ikkje ein, men to gongar, men ballen ville framleis ikkje i mål.

Kontroversiell straffe og Eriksen-mål

I det 58. minuttet spelte Leicester seg farleg fram inne i 16-meteren til Tottenham, og etter litt kontakt mellom James Maddison og Jan Vertonghen, dømte Michael Oliver straffespark. Denne situasjonen såg ganske lik ut som det Son fekk gult kort på i 1. omgang, men her vart det dømt straffe. Jamie Vardy vart byta inn og hans første touch var straffesparket. Det enda dårleg og Lloris redda ei ganske dårleg straffe. Framleis 1-0 til Tottenham.

Berre fem minutt seinare skulle Tottenham doble leiinga. Ungguten Oliver Skipp vann tilbake ballen og Fernando Llorente fann Christian Eriksen rett utanfor 16-meteren. Han plasserte ballen langt ute i sida på målet, og Schmeichel nådde ikkje fram. 2-0 Tottenham!

Vardy-revansje, men Son punkterte kampen

Harvey Barnes fekk nok ein kjempesjanse rett etter 2-0-målet, men sette ballen rett på Hugo Lloris i storslag. Leicester skulle derimot endeleg få uttelling ti minutt seinare. Ricardo Pereira fann Jamie Vardy, som hadde lurt seg framfor midtstopparane til Tottenham og kunne sette inn reduseringa. Ein skikkeleg «fox in the box».

Etter dette malte Leicester på og pressa Tottenham tilbake. Men blåtrøyene klarte ikkje å setje inn utlikninga. Heilt på overtid klarerte Moussa Sissoko ballen på strålande vis fram til Son. Sørkoreanaren sprang frå Leicester-forsvaret og var sikker åleine med Schmeichel. Game, set, match!

Alt i alt må Tottenham vere storfornøgde med å få med seg alle poenga frå denne kampen. Leicester hadde fortent meir, sjølv om dei hadde nokre dommaravgjersler som gjekk i deira favør. Tottenham er framleis med i kampen om tittelen, og legg press på Manchester City i deira kamp mot Chelsea.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -