Treningskamp Sogn og Fjordane: Sogndal2 – Årdal.

402
Google.

Dagens kamp på Fosshaugane Campus er Sogndal2 – Årdal kl 13.00.
Begge desse laga spelte i kvar sin avdeling i 3 divisjon i fjor, i år så skal dei spela i samme avdeling i 4 divisjon.

- Annonse -

Sogndal2 sin tropp til dagens kamp er: 
Fartein Bøyum, Ørjan Sørflaten, Adrian Solberg, Jens Hundere Øvreseth,Eirik Stokkenes, Andreas Lerheim Olsen, Eivind Helgesen, Ulrik Fredriksen, Anders Nord, Eirik Lereng, Sondre Loftesnes, Emil Harloff, Kenneth Skjerven,Adam Khamurzayev.

Årdal sin tropp til dagens kamp er:
Nicolai Laberg, Vegard Aafedt Bukve, Sander Bjørkum Øvstetun, Simen Mannsverk, Brede Stedje Ylvisåker, Kjetil Karlsen, Andreas Natvik, Christian Stedje, Anders Lereng, Marius Loftheim, Joachim Furset, Ole Gunnar Kjødnes,Sivert Larsson, Fredrik Sørli.

Førsteomgang:
Det er Årdal som tar avspark. Frispark til Sogndal2 det blir ikkje det store ut av det. Fartein er langt ute og det oppfattar ein Årdalspelar som chippar ballen over Fartein og inn i målet til Sogndal2. 0-1 til Årdal målscorar ukjent.
I grunn ikkje det store som skjer her utpå no. Heimelaget har vært farleg frampå med 2 skudd i stolpen!
Straffe til Sogndal2. Det er Ulrik Fredriksen som skal ta det, sønn av tidligare Sogndalspelar Roar Fredriksen. Han setter den inn i målet til Årdal. Då var vi likt i målprotokollen 1-1 straffen scora av Ulrik Fredriksen.
Laga går til pause ved stillinga 1-1.

Andreomgang:
Det er Sogndal2 som skal sparke i gang omgangen. Starten av omgangen er prega av ein stygg skade på ein årdalspelar, Dommaren signaliserar for båre. Ambulansepersonell må komme å hente den skada spelaren.
Liten stillingskrig no men det har vært sjansa til begge laga.
Corner til Sogndal2. Adam ruvar høgast i feltet og heada den ballen inn i målet til Årdal. Stillinga er no 2-1 til Sogndal2, målscorar Adam .
Straffe til Årdal, keeperen til Sogndal2 reddar mesterleg heilt nede ved stolperota og får slått ut til corner.
Bortelaget pressa litt på slutten men det blir med det. Sogndal2 sin keeper har vært god i buret i dag.
Dommaren bles av kampen og Sogndal2 vinner dagens kamp 2-1
Målscorarar for Sogndal2: Ulrik Fredriksen,Adam Khamurzayev.
Årdal sin målscorar er ukjent.

 

Kommentarer

kommentarer