Utskjelte Llorente vart matchvinnar for Tottenham

Det såg lenge ut som om Tottenham skulle tape poeng på "heimebane" mot Watford, men mål frå Heung-Min Son og Fernando Llorente gjorde at Tottenham tok med seg alle poenga frå oppgjeret.

52

På den nest siste dagen i januar var det duka for eit Nord-London-derby mellom Tottenham og Watford på Wembley Stadium. Eit Watford-lag som ikkje hadde tapt på dei fire siste i Premier League møtte eit Tottenham med to tap på rad i Ligacupen og FA-Cupen.

- Annonse -

Tottenham starta kampen best og la press på Watford heilt frå start av. Heung-Min Son, Christian Eriksen og Fernando Llorente skapte alle sjansar, men uttelling vart det ikkje.

I staden var det Watford som skulle ta leiinga. Ein corner vart slått inn i farleg område i det 38. minuttet, Hugo Lloris kom ut i ingemannsland og Davinson Sanchez tapte duellen mot Craig Cathcart. Dette gjorde at ballen gjekk i mål og bortelaget hadde teke leiinga. Eit mål som burde vore avverga av Tottenhams sisteskanse.

Tottenham sleit med presisjonen på den siste tredelen av bana, spesielt på innlegga, og når dei først klarte å skape sjansar så vart det ikkje mål ut av det. Den største sjansen kom etter at ballen hamna på kneet til Llorente. Spanjolen hadde ope mål frå tre meter, men klarte å sette ballen over. Det såg vanskelegare ut å bomme enn å score frå den posisjonen.

I det 68. minuttet skulle Tottenham mest sannsynleg hatt straffe etter at Daryl Janmaat dundra inn i ryggen på Lucas Moura, men dommaren blåste ikkje i fløyta si.

Men 12 minutt seinare skulle målet kome for Tottenham. Ballen fekk ei retningsforandring frå beina til Llorente og fann heimattkomne Heung-Min Son. Han banka inn utlikninga og tende håpet om siger for Spurs.

Og som i alle andre kampar denne sesongen, så spelte ikkje Tottenham uavgjort her heller. Danny Rose fann Fernando Llorente, som hadde hatt ein svært dårleg kamp hittil, med eit godt innlegg og spanjolen stanga inn sigersmålet på svært bra vis. Comeback!

Dermed ligg Tottenham no berre to poeng bak Manchester City på 2. plass og heile sju poeng ned til Arsenal på 4. plass. Dette var ein viktig siger for “dei liljekvite” i kampen om Champions League-plassane. På laurdag ventar høgtflygande Newcastle på Wembley.

Kommentarer

kommentarer