Det var klar for semifinale i Copa Del Rey. Det var kampen om finalen, kampen om og møte sjølvaste Barcelona som hadde vunne 3-0 over Real Madrid på onsdag. Det var 2-2 mellom laga etter første kamp i Sevilla. Valencia skulle starte med ein 4-4-2 formasjon mens Real Betis skulle spele med ein 3-5-2 formasjon. Valencia hadde slått ut både Sporting Gijon og Getafe for å komme til semifinalen. Real Betis hadde slått Real Sociedad og Espanyol. Det var Valencia som var favoritt. Hos Norsk Tipping var oddsen for heimesiger 1,72, mens 4,25 for bortesiger. Real Betis måtte score, mens Valencia var vidare visst dei holdt nullen. Valencia var det laget i La Liga son er nest best defensivt, då det skulle bli spennande om Betis skulle klare og score.

Kampen var i gang. Real Betis tok avsparket. Det var ikkje mange sjansar i begynnelsen. Valencia hadde eit skot frå utanfor sekstenmeteren men Real Betis keeper Joel Robles kunne konstatere at ballen gjekk langt utanfor. Etter 8 minutt fekk Joaquin ein avslutning som gjekk rett på Valencia keeper Jaume. Det var tydelig at ingen av laga ville ta for store sjansar Det var mykje som sto på spel. Begge laga viste korleis det var og være i finalen, og korleis det var og vinne den. Valencia var sist i finalen i 2008, då vant dei 3-1 over Getafe. Real Betis var i Copa Del Rey finale i 2005, dei vant da cupen med ein 2-1 siger over Osasuna.

Etter 20 minutt, fekk Real Betis frispark. Det var Lo Celso som tok det, det såg ut som om det var eit innlegg men det endte med at ballen gjekk mot det lengste krysset, Jaume måtte ut i full strekk for at ballen ikkje skulle gå i mål. Det var det nærmaste nokon av laga hadde vert dei første 20 minutta. Men det kom ikkje fleire store sjansar før i det 38. minutt. Det var Jesé som blei spelt igjennom og fekk avslutta, men avslutninga gjekk rett på keeperen. Men det skjedde ikkje så mykje meir den første omgangen. Det hadde vert ein jamn første omgang, utan dei største sjansane. Det var Real Betis som hadde styrt kampen med 64% ballinnhav og var nærmast og score.

Andre omgang var i gang. Real Betis måtte score vist dei skulle ha eit håp om og kunne gå vidare, dei måtte ta større sjansar. Og det gjore dei, dei pressa meir og stupte i angrep vist dei fekk sjansen. Men når dei var meir offensive økte dei og sjansen for og sleppe inn mål. Og det var akkurat det dei gjore. Dei gav i frå seg ballen på sin egen banehalvdel, ballen blei spelt igjennom til Kevin Gameiro, han fekk ballen over Robles og ballen endte hos Rodrigo som sette ballen i mål. Det var 1-0 til Valencia. Nå måtte Real Betis score 2 mål vist dei skulle gå vidare.

- Annonse -

Real Betis måtte gjere noko, og det fort. Og det skjønte også Quique Setién, han sette inn Loren Moron for Francis Guerrero. Og Marcelino García svarte med og ta inn VM stjerna Denis Cheryshev og tok ut målscoraren Rodrigo Moreno, og ut med danske Daniel Wass og inn Carlos Soler. Men det blei ikkje mykje betre for Real Betis. Dei klarte ikkje og få ballen forbi Jaume, det var bare nesten, men i fotball er ikkje nesten bra nok. Dei sette også inn Cristian Tello for Andres Guardado. Etter 83 minuttar kom det eit innlegg frå Sergio Canales som traff Moron, han fekk styrt ballen mot mål menn ballen barberte utsida av stolpen. Det kom to nye bytter, Betis sette inn Zouhair Feddal, mens Valencia ville ha Mouctar Diakhaby innpå bana. Tida holdt på og renne ut for Betis. Dei fekk ingenting ut av sjansane sine. Og eter 94 minutt og 1 sekund blåste dommaren i flyta og kampen var over. Valencia var i finalen og var sikra Champions League spill.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -