Før runden: OBOS-ligaen, runde 1

418

Før runden: OBOS-ligaen, runde 1

10.04.2016
Strømmen – Fredrikstad, 15:30, Strømmen stadion (Tv2 Sport Premium 5)

Strømmen fekk det, som forventa tungt borte mot opprykksfavoritt Sandefjord forrige helg. Espen Olsen sine menn er tippa langt nede på tabellen i år og mot Sandefjord greide dei ikkje å motbevise nokon som helst. Strømmen stadion var høgt oppe på kåringa over verste opplevingar på bortebane i fjor og det er her dei må håpe å ta flest tre-poengarar i år. Fredrikstad var favorittar mot Levanger i forrige runde, men tapte til slutt 3-2 i ein høgdramatisk kamp i plankebyen. Jan Halvor Halvorsens menn kjem til Strømmen med eit mål for auge – tre poeng og dei kjeme til å presse på for nettopp dette.

Tips: B – @2.25

- Annonse -

KFUM-Oslo – Åsane, 17:00, KFUM-arena (Tv2 Sumo)

«Kåffa» viste klare prov på kvalitet i serieopninga mot opprykkskollega Raufoss. Dei dominerte banespelet og det såg ikkje ut som at dei har tenkt å bli kasteball i årets OBOS-liga. Det største problemet deira mot Raufoss virka å være effektiviteten foran mål, når den utfordringa blir løyst kan det bli gøy å følge Oslo-laget i år. Åsane på si side bekjempa Kongsvinger med tre mål i årets første kamp på Myrdal gress. Det som var ein grusom fotballkamp, med mykje lange ballar i lengderetning uten adresse. Sidan den gang har Peter Aase blitt satt ut av ein strekkskade, ellers er det status quo.

Tips: U -@3.20

Kristiansund BK – Jerv, 17:00, Kristiansund stadion (TV2 Sumo)

Kristiansund tapte 3-1 i Mjøndalen i serieopninga og det med rette. Til tross for eit lite overtak midtveges i andre omgangen var det klasseforskjell på laga. Nonchelant forsvarsspel og store hol mellom back og stoppar burde ført til fleire baklengs, men bruntrøyene frå Krogstadelva greide ikkje å utnytte det i større grad. Jerv på si side fekk med seg tre poeng i ein jevn kamp på Levermyr. Antwi starta året som han avslutta fjoråret – med nettkjenning og godt spel. Jerv verkar skarpe, men har nokre svakheiter defensivt som dei beste laga kjem til å utnytte, det kan Kristiansund klare, men oddsen på B vert for fristande.

Tips: B -@3.30

Levanger – Sandefjord, 17:00, Moan stadion (TV2 Sumo) 

Kokkosligaen vart OBOS-ligaen kalla i fjor, i første serierunde mellom Levanger og Fredrikstad såg vi kvifor. 3-2 og spel som Jostein Grindhaug for eit par år sidan ville omtalt som»hiaka-hoaka». Sandefjord si serieopning var langt ifrå like spennande. Lars Bohinen sitt mannskap vann overbevisande over Strømmen på Komplett-arena og tok favorittstempelet til opprykk med ein gong. På Moan trur vi blir hakket sterkare enn dei kvitkledde Nord-trøndarane.

Tips: B -@2.12

Bryne – Ullensaker/Kisa, 18:00 – Bryne stadion (Tv2 Sumo)

Det minst «sexy» oppgjeret denna runden. To av kandidatane til nedrykk i årets divisjon møtast til dyst på Jæren. Bryne fekk med seg poeng frå Ullsteinvik forrige helg, der lagets store stjerne Oddbjørn Skartun utlikna ein halvtime før slutt. Nyopprykka Ull/Kisa fekk også med seg eit poeng i serieopninga med 1-1 heime mot Sandnes Ulf. Espen Standal sendte det nyopprykka laget i leiinga, utan at det holdt heilt inn. Vi trur dette blir eit jamnt oppgjer, men at Skartun og Kastrati blir tungen på vektskåla.

Tips: H -@1.78

Kongsvinger – Raufoss, 18:00, Gjemselund stadion (Tv2 Sumo)

To nyopprykka lag i aksjon. Kongsvinger kjem frå eit tungt 0-3 tap borte mot Åsane. Ein kamp der dei raudkledde ikkje imponerte nokon. Dårleg spel og lite kreativitet offensivt likna ikkje på det Kongsvinger laget vi såg både i fjoråretssesongen og i oppkøyringa. Raufoss halte i land eit poeng mot «Kåffa» forrige helg. Utanom Rocky Leckaj var det lite underhaldning frå Espen Haug sitt lag. I fjor var Gjemselund eit synonym med H på kupongen, det blir det nok i helga også.

Tips: H -@1.75

Ranheim – Hødd, 18:00, Ranheim arena (Tv2 Sumo)

Ranheim med tap i første serierunde, 1-2 mot Jerv borte. Det vart ein jamn kamp mellom to lag som jaktar kvalik til Tippeligaen også denne sesongen. Målscorer for Ranheim? Robert Stene, sjølvsagt. Spissen som tar både frispark og straffer er målgarantist for dei blåkledde frå Trondheim. Hødd skuffa stort i serieopninga. 1-1 mot Bryne på Høddvoll er rett og slett ikkje godt nok for sunnmøringane og det blir ikkje lettare i Sør-Trøndelag.

Tips: H -@1.90

Sandnes Ulf – Mjøndalen, 18:00, Sandnes stadion (Tv2 Sumo)

Ulf skuffa stort med uavgjort borte mot Ull/Kisa i serieopninga. Litt varierande sesongoppkøyring med blant anna ein 0-0 kamp mot Mjøndalen på vindfulle La Manga. Det å bli klok på Sandnes Ulf er ikkje lett, men det at svenske Pontus Engblom blir viktig er det ingen tvil om. Mjøndalen leverte ein svært god første omgang mot Kristiansund i tillegg til ein god avslutning på den andre. Etter pause mista derimot bruntrøyene presset og intensiteten i spelet sitt, det går ikkje i dagens bortekamp.

Tips: B -@2.95

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -