Her er dei midtbanespelarane eg kjem til og vurdere før denne sesongen.

Bodø/Glimt
I Bodø/Glimt er det mange billige spelare med stort potensiale. Eg kan begynne med Amor Layouni(6,5), han hadde ein god sesong i fjor og fekk 112 poeng. Han hadde 3 mål og 8 målgivende. Dei har Ulrik Saltnes(6,0) som også var god i fjor og kostar ein halv million mindre. Saltnes hadde 4 mål og 6 målgivande, han endte på 103 poeng. Philip Zinckernagel(6,5) som var viktig for Glimt i fjor, men han fekk ikkje like mange poeng som dei to andre med 93. Vegard Leikvoll Moberg(5,0) kan bli ein spennande type til den prisen. Det er vanskelig og sei kven som er best, men vist eg skulle valgt hadde eg nok gått for Layouni.

Brann
Brann har veldig mange midtbanespelar. Så det er ikkje lett og sei kven som skal spele der. Lars Arne Nilsen har sagt at dei kjem til og rullere mykje og det er ikkje eit bra tegn for vi som speler fantasy. Dei som spelte mest på midtbana i fjor var Kristoffer Barmen(6,5), Fredrik Haugen(9,0) og Ruben Yttergård Jensen(5,0) som spelte mykje på slutten av fjoråret. Barmen har 16 målpoeng på to sesongar. Men eg meiner at det er betre alternativer. Haugen var god i 2017 med heile 149 poeng. Men han var ikkje vert prisen i fjor med 97 poeng. Jensen er ikkje god nok offensiv han hadde ingen målpoeng i fjor. Gilli Rolantsson(6,5) var forsvarsspelar i fjor men han er i år sett fram på midtbana. Han spelar kant men han skårar ikkje mykje mål. Gilbert Koomson(8,5) kan vere ein kul speler og ha, men kanskje ikkje det tryggast valet og ha. Kristoffer Løkberg(6,5) hadde ein god sesong i fjor, men eg er ikkje sikker på om at han kommer til og spele fast. Samme med Petter Strand(6,5) han er spennande, men det er ikkje sikkert at han spele kvar kamp. Eg trur det er Haugen som tar det meste av døballer i brann.

Haugesund
I Haugesund er det spesielt to spelere eg vil gå nærmare inn på. Det er Martin Samuelsen(7,5) og Christian Grindheim(7,0). Samuelsen har vert i både West Ham og i Nederland før han nå er på lån i Haugesund. Det er vanskelig og sei kor god han er i forhold til norsk fotball, men han har vert inne på det norske landslaget så nivået er høgt. Grindheim hadde ein god sesong i fjor, med 110 poeng. Eg trur vi kan forvente noko av det samme i år. Ein siste speler som kan overraske mange er Niklas Sandberg(6,5).

- Annonse -

Kristiansund BK
I Kristiansund er det ikkje så mange som er med høgt potensial. KBK har mista Stian Aasmundsen til Mjøndalen før denne sesongen, så det vil nok gjere at det er litt dårligare framover. Dei har Liridon Kalludra(6,0) som fekk 94 poeng i fjor, man kan nok ikkje forvente så mykje meir av han. Dei har Torgil Gjertsen(7,0). Vist han finner tilbake til formen han hadde høsten 2017 kan han bli ein nøkkelspeler for KBK, og for mange andre Fantasylag.

Lillestrøm
Den største feilprisinga i fjor skjedde med Arnor Smarason(9,0). Han kosta 5,5 millionar. Noko som viste seg og vere altfor billig. Smarason hadde eit rundesnitt på 5,7 poeng. Han skåra 7 mål på dei få kampane han spelte. Han kommer nok ikkje til og få så mykje poeng i snitt som i fjor. Men eg har tru på at Lillestrøm kommer til og blir eit bra lag med Smarason som ein nøkkelspeler. Eg kommer nok til og ha han. Han fekk spørsmål i podcasten Toppfotball om folk burde han han på Fantasy, han svare eit klart ja. Det er ikkje så mange andre i Lillestrøm, Kanskje Kristoffer Ødemarksbakken(6,0), men det blir nok ein for stor risiko. Smarason tar det meste av døballer i LSK.

Mjøndalen
I Mjøndalen er det spesielt 3 midtbanespelarar som er meir spennande enn andre. Da tenker eg på Tonny Brochmann(6,0), Stian Aasmundsen(6,5) og Fredrik Brustad(6,5). Brochmann har vert god i fantasy før. I 2017 var han inne i mange lag. Men i i 2018 tok han steget ned i OBOS der han storspelte. Nå er han tilbake i Eliteserien og er ein spele dei fleste kan vurdere. Aasmundsen hadde ein fantastisk sesong i fjor med 105 poeng, spørs om han klarer og levere det samme i år. Fredrik Brustad er ein spennande kantspeler, vist han finne storformen bør han inn på mange fantasy lag.

Molde
I Molde kan man bare velje og vrake. Man kan nesten ta alle. Visst vi begynner med Eirik Hestad(9,5). Han skåra 8 mål og han hadde 8 målgivende i fjor, noko som endte med 143 poeng. Fredrik Aursnes er eit nesten like bra valg til ein lavere pris. Han hadde 9 mål og 6 målgivende, han fekk 131 poeng i 2018. Vist du vil ha ein du er sikker på leverer, kan du velje Eirik Ulland Andersen(10,0). I 2017 fekk han 147 poeng, da hadde han 11 mål og 8 målgivende. Det var ikkje mykje dårligare i 2018. Da hadde han 128 poeng, med 6 mål og 7 målgivande. Nå har han blitt solgt til Molde, eit lag som er enda betre offensivt. Erling Knudtzon(7,5) kan vere ein god speler og ha i 2019. Han har vert god i Lillestrøm før, og han har vert god i Molde nå. Vist du skal ha ein skikkelig joker kan du vurdere Mathis Bolly. Men den dyraste og den som eg vurdere sterkast er Magnus Wolf Eikrem. Han kom inn i fjor sommar og tok Eliteserien med storm. Han hadde 6,4 i poengsnitt. Han kommer ikkje til og klare og holde det samme snitte i år, men vist han er i nærheten av det samme bør folk ha han.

Odd
Odd har ikkje den beste midtbana i Eliteserien, men dei har ein skikkelig spennande speler i Elba Rashan(8,0). Han fekk 117 poeng i fjor, da hadde han 7 mål og 6 målgivande. Han kommer til og bli ein ekstremtviktig speler for Odd i år også.

Ranheim
I Ranheim er det ikkje så mange interessante spelere. Eirik Tønne(6,5) var forsvarsspelar på spelet i fjor, men er flytta fram på midtbana. Han hadde 11 målpoeng så han kan man vurdere. Ein annan man kan vurdere er Mads Reginiussen(7,5). Han skåra 9 mål i fjor, og han hadde 19 bonuspoeng. Dei har forsterka seg med Mateo Lopez(5,5) som også kan vere ein kul speler. Ein siste speler som kan få sitt gjennombrudd i år er Ola Solbakken(5,0).

Rosenborg
Rosenborg har veldig mange alternativet. Dei har henta inn David Akintola(10,5) som fekk heile 154 poeng i fjor, han hadde 9 mål og 7 målgivende i Haugesund. Dei har også henta inn Gjermund Åsen. Visst han får ein fri offensiv rolle. Kan han bli ein juvel. Han hadde 10 målgivende og 2 mål i fjor, sjølv om han ikkje spelte heile sesongen. Pål Andre Helland(11,0) og Samuel Adegbendro(10,0) kan også vurderast. Dei har eit veldig høgt toppnivå, men begge dei er veldig skadeutsatt. Eirik Horneland er veldig glad i Akintola så han kan nok bli viktig, det er litt meir usikkert med dei andre. Dei har også Mike Jensen(8,5). Han hadde 6 mål, men ingen målgivende i fjor. Men han hadde heile 10 målgivende i 2017.

Sarpsborg 08
Det er ingen Sarpsborg spelere eg vurderer sterkt. Den midtbanespelaren som fekk mest poeng hos dei i fjor var, Kristoffer Zachariassen(7,5) med 99 poeng. Dei har ein spennande speler i Jonathan Lindseth(6,5). Men dei har ingen trygge poengplukkere.

Stabæk
I Stabæk er det nokon speler som kan overraske. Dei har Ola Brynhilsen(5,5) som hadde ein god periode i fjor med gode resulterer. Han har blitt eldre og det vil nok gjere at han er enda betre enn i fjor. Dei har Hugo Vetlsen(4,5). Han speler fast og kostar bare 4,5.

Strømsgodset
I Strømsgodset er et mange spørsmål og få svar. I løpet av det siste året har spelere som Besel Jradi og Eirik Ulland Andersen solgt. Vist eg skal trekke fram to spelare som kan levere denne sesongen er det: Martin Spelmann(6,5) og Amahl Pellegrino(7,0). Men eg vil ikkje anbefale nokon her.

Tromsø
Tromsø har mista sinn viktigaste midtbanespelaren til RBK med Åsen overgangen. Men dei har andre som nok kommer til og levere. Dei har Daniel Berntsen(6,0) som fekk 107 poeng i fjor. Dei har Mikeal Ingebrigtsen(5,5) som kan levere veldig bra denne sesongen. Er det tips og gode råd både før og under sesongen.

Viking
I Viking er det ein del spelere eg vurderer. Samuel Kari Fridjonsson(5,0), Kristian Thorstvedt(6,0), Zlatko Tripic(6,0) og Jonny Furdal(6,5). Tripic er ganske spennande, han hadde 7 mål og 7 målgivende i fjor i Viking. Fridjonsson hadde 3 målpoeng på 17 kamper for Vålerenga i år, men det kan nok bli mykje meir visst han får spele fast i Viking. Kristian Thorstvedt hadde ein veldig god sesong for Viking i fjor. 20 åringen hadde 9 mål og 4 målgivende i fjor for eit veldig offensivt Viking. Jonny Furdal blei kåra til årets speler i OBOS- ligaen i fjor. Han skåra 12 mål og hadde 14 målgivende, på 29 kamper. Det er han eg har mest tru på i Viking.

Vålerenga
I Vålerenga er det spesielt to spelarar eg vurdere sterkt. Bård Finne(9,5) og Herolin Shala(8,5) Begge var gode i fjor, og er ganske klinke i startoppstillinga til Vålerenga. Bård finne fekk 114 poeng i fjor, mens Shala kom til Start i fjor og fekk 60 poeng på sine kamper. Ein liten ting som kan være ein god ting for Shala er at han er blitt ein fast speler på Kosovo sitt landslag, det kan gi han ein ekstra lyst til og levere. Eg kommer til og ha ein av desse to på lage frå start i år. Vist du vil gå litt utanfor boksen kan både Deyver Vega(6,5) og Chidera Edjuke(8,0) vere morosame valg. Edjuke hadde bare 8 målpoeng i fjor.

 

Visst du syntest fantasy er interessant så kan du registrere deg og lage eit lag hos Eurosport. Der kan du også bli med i Fotballnerd.no sinn Fantasy-liga, der du kan vinne drakt. Koden for og bli med i den er 338-2123. Gjerne tips venne dine om Eliteserien Fantasy og følg med på Fotballnerd.no for der kommer fleire tips før og under sesongen.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -