NT-ligaen avd.4:Kampfakta og intervjuer.

236

Litt om den 16 serierunden i Norsk Tipping-Ligaen avd.4: 

Førde-Haugesund2: 
Måla til Førde vart scora av: 
Brage Sandvoll,Vegard Savland.
Slutt resultat: 2-0.

Litt om kva trenarane syns om kampen: 
Førde trenar Bjørn Totland hadde dette å seie om kampen: 
Vi forsett framgangen.Held tett bak og produsera masse framover.
Gutta er lojale. Det var ein fortjent siger.
Haugesund2 trenar Espen Langøen Bull-Tornøe hadde dette å seie om kampen: 
Vi spelte ein god første halvtime,men så tok Førde over og er knepent betre resten av kampen.
Alt i alt så vant dei fortjent.

Herd-Brann2: 
Måla til Herd vart scora av: 
Jon Andrè Ingebrigtsen,Audun Kåre Øvrelid,Vegard Bruland,Kristian Hjelvik Halvorsen,2*Ingolfur Örn Kristjansson.
Måla til Brann2 vart scora av: 
Normann Misje Roman,Even Hepsø Vetås.
Slutt resultat:6-2.

- Annonse -

Brann2 trenar Morten Kalvenes hadde dette å seie om kampen: 
Vi tok ledelsen 0-1 på ein corner og har ein ok start. Forferdeleg forsvarspel gjere at Herd ledar 4-1 til pause.
2.omgang vart noko betre,men vi leverar årsverste.

Spjelkavik-Varegg: 
Måla til Spjelkavik vart scora av: 
Benjamin Skulstad Sunde,Roald Andreas Knoph Runde.
Måla til Varegg vart scora av:
2* Manuel Victor Almeida De Carvalho.
Slutt resultat:2-2.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Spjelkavik trenar Frode Fagermo hadde dette å seie om kampen: 
2-2 utan at Varegg ein einaste målsjanse,2 enorme keepertabbar med 3 minutt mellomrom.
Det var årsbeste av Vika,einvegskjøyring i store delar av kampen.
Varegg trenar Hiep Tran hadde dette å seie om kampen: 
Det vart ein skikkeleg knokkelkamp på ein tung grasmatte. Vi sleit med å etablera eige angrepspel mot eit lag som spelte på det fysiske.
Fekk problemar med både motspelet og baneforholdet. I tillegg at dommaren gjorde mange rare avgjørelsar som skapte mykje frustasjon hos spelarane.
Er fornøgd med uavgjort sånn som kampen utvikla seg.

Fjøra-Os: 
Måla til Fjøra vart scora av: 
Arild Underdal,Per Eirik Lunde.
Måla til Os vart scora av: 
2*Erik Kanestrøm.
Slutt resultat:2-2.

Fjøra trenar Knut Almås hadde dette å seie om kampen: 
Første omgang så vart vi springande ein del i mellom. Spesielt så hadde vi problem med bevegelsane til indreløparane.
Men vi hadde nokre giftige og farlege overgangar som vi kunne ha utnytta betre.
I pausen fekk vi justert presshøgda og strukturen defensivt. Dette gjorde til at vi kom meir med i kampen.
Lagmoralen,gløden som spelarane viser er imponerande!!
Før kampen hadde vi fokus på dødballar både for og mot.
Spelarane løyste dette på ein svært god måte. Null baklengs på dødball og 2 scoringar på dødballar. Godt jobba.
Dei to kampane som vi har spelt etter ferien viser at vi er eit hardtarbeiande lag,der vi er heilt på høgde med begge laga.

Aalesund2-Sotra: 
Målet til Aalesund2 vart scora av:
Markus Seehusen Karlsbakk.
Måla til Sotra vart scora av: 
Frederic Falck,Øyvind Nilsen.
Slutt resultat:1-2.

Trenarane hadde dette å seie om kampen: 
Aafk2 trenar Erling Ytterland hadde dette å seie om kampen: 
Det var nok ein god kamp av oss. Det var ein heilt jamn kamp som vart avgjort i begge boksar.
Sotra trenar Tommy Knarvik hadde dette å seie om kampen: 
Aalesund2 starta kampen bra og var gode første 15-20 minuttane dei ledar fortjent kampen.
Klarar å få oss inn att i kampen igjen med scoring midtvegs i 1.omgang.Etter det så syns eg at vi hadde god kontroll på resten av kampen.
Styrte mykje av banespelet. Flott scoring av Øyvind Nilsen som vart avgjerande.

FK Fyllingsdalen-Brattvåg: 
Målet til FK Fyllingsdalen vart scora av: 
Thor Kristian Økland.
Måla til Brattvåg vart scora av: 
Niklas Rekdal,3*Torbjørn Grytten.
Slutt resultat:1-4.

FK Fyllingsdalen trenar Roar Fredriksen hadde dette å seie om kampen: 
Det var dårleg start på begge omgangane,øydela kampen for oss.

Lysekloster-Stord: 
Måla til Lysekloster vart scora av: 
Thorvald Trætteberg,Espen Birkeland.
Målet til Stord vart scora av: 
Malvin Ingebrigtsen.
Slutt resultat:2-1.

Lysekloster trenar Ruben Hetlevik hadde dette å seie om kampen: 
Det var spel mot eit mål gjennom heile kampen,2-1 burde ha vore 6-0!

Den neste runden i Norsk Tipping ligaen avd.4 blir spelt slik: 
Haugesund2-Herd:   17.08 kl:14:30.
Stord-Fyllingsdalen: 18.08 kl:19:00.
Brattvåg-Førde:       19.08 kl:13:00.
Sotra-Spjelkavik:     19.08 kl:14:30.
Varegg-Fjøra:          19.08 kl:16:00.
Os-Lysekloster:       20.08 kl:15:00.
Brann2-Aalesund2:  21.08 kl:18:00.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -