Obosligaen: Sogndal – Sandnes Ulf

236
Sogndal
Sogndal logo

Sogndal sin startsellver: 
Mathias Dyngeland,Eirik Birkelund,Stefan Antonijevic,Per-Magnus Steiring,Tomas Olai Totland,Eirik Schulze,Steffen Ernemann,Ulrik Fredriksen,Joachim Soltvedt,Sigurd Haugen,Martin Ramsland.
Benk: 
Kristian Bergheim Rutlin,Ole Martin Rindarøy,Eivind Helgesen,Sixten Dalen Jensen,Akor Jerome Adams,Ulrik Flo,Alioune Ndour.

Sandnes Ulf sin startsellver: 
Pål Vesly Heigre,Hermann Kleppa,Jasmin Bogdanovic,Akinbola Akinyemi,Bjørnar Holmvik,Simòn Colina,Christian Landu Landu,Johannes Laaksonen,Vegard Erlien,Sanel Kapidzic,kent Håvard Eriksen.
Benk: 
Tapio Heikkilä,Adrian Berntsen,Ingvald Sandvik Halgunset,Markus Vassøy Nilsen,Kachi.

Det er første serierunde på Fosshaugane Campus. Sogndal skal ut i strid mot Sandnes Ulf. Laga møttes også i Fjorårssesongen då vart det poengdeling og stillinga vart 2-2.

Førsteomgang: 
Sandnes Ulf som skal sparke i gang kampen. Bortelaget trilla ball mens Sogndal ventar på sin eigen banehalvdel.
Det gjekk ikkje mange minuttane før Sandnes Ulf var i føringen:
Kent Håvard Eriksen testar ut skotfoten, skuddet går via ein Sogndalspelar og ballen går i boge over ein utspelt Mathias Dyngeland. Stillinga er no 0-1 til bortelaget.

- Annonse -

Eirik Schulze legger ut til Sigurd Hauso Haugen som prøver å tre skuddet inn på lengste men Pål Vesly Heigre reddar.
Tomas Olai Totland prøver å sende Soltvedt igjennom med ein stikkar, Men han får eit litt for langt touch så ballen trillar inn til sisteskansen til Sandnes Ulf.
Sanel Kapidzic testar ut skotfoten men skuddet sender han midt på Mathias Dyngeland som har god kontroll på det skuddet.

Sandnes Ulf sin kaptein Kent Håvard Eriksen pådrar seg eit gultkort når han ikkje er heilt samd i at det skulle være frispark til Sogndal i den duellen.
Joachim Soltvedt er heilt fri når han sender av gårde eit skudd som går via ein Sandnes Ulf spelar til Corner. Det blir ingenting ut av den corneren.
Tomas Totland løper ned Kent Håvard Eriksen, dommaren bles frispark til Sandnes Ulf og gir det gulekortet til Totland.

Bjørnar Holmvik går tøft inn i ein duell med Eirik Birkelund. Det blir frispark og gultkort til Holmvik.
Martin Ramsland testar ut skotfoten men skuddet setter han til sides for mål. Corner til bortelaget, det blir ingenting ut av det for Totland beiner ballen vekk.
Ramsland blir sandwich mellom to spelarar og dommaren bles frispark. Det er Joachim Soltvedt som skal svinge den inn i boksen, men Sandnes Ulf forsvaret ryddar unna.
Christian Landu Landu riv og slit i Sigurd Haugen som er på veg framover. Landu Landu får det gulekortet og frispark til Sogndal.

Laga gjekk til pause ved stillinga 0-1 til Sandnes Ulf. 

Andreomgang: 
Laga er komt på bana igjen og vi gjer oss klare til ein spennande andreomgang.
Sogndal som skal sparke i gang omgangen.
Akor Adams testar ut skotfoten men han setter skuddet til side for mål. Ikkje så veldig mykje som har skjedd her utpå til no spelt 10 minutt av andreomgang. Akor Adams legger inn til Martin Ramsland som er feil vendt med mann i ryggen, men han får alikavel sendt avgårde eit skudd som går til side for mål.
Corner til Sogndal den er bra slått, ballen treffer pannebrasken til Alioune Ndour som heada ballen knall hardt i mål. Så var vi likt i målprotokollen 1-1.
Sogndal får ein kjempe sjanse like før slutt til å gå opp til 2-1 men Heigre vil det anleis og får med nød og neppe slått ballen over tverrliggaren.
Kampen ebber ut 1-1 og poengdeling på Fosshaugane Campus i kveld.

Fotballnerd fekk følgande videointervju:

 

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -