Det var store forventningar til kampen mellom Real Betis – Alavés. Det var kampen om topp 6, kampen om Europa League. Før kampen var det Alavés som var på 6 plass. Mens Betis låg berre 3 poeng bak på ein åttande plass, og ville gå forbi Alavés med siger. Det var to lag med to forskjellige typar spelestilar. Real Betis spiller med mykje ballinnhav mens Alavés speler heilt anderledes. Eit veldig bra heimelag med Real Betis som hadde vunne 10 poeng meir heime enn bort. Alavés hadde berre vunne 4 av 12 bortekampar, så det var tydelig at det var Real Betis som var favoritt. Real Betis hadde spelt ein kamp mot Rennes 3 dagar før kampen, mens Alavés hadde hatt 6 dagar og kvile og gjere seg klar til kampen.

Det var ein rolig start på første omgang. Høg temperatur mellom spararane, men ingen sjansar før etter 8 minuttar. Det var Jese som hadde ein avslutning som gjekk rett på mål. 5 minutt etter var det Alavés som sette farten framover. Jony skaut ballen i ein Betis spiller og avslutninga blei ganske farlig. Alavés fekk hjørnespark, hjørnesparket blei tatt og ballen blei slått ut. William Carvalho fekk ballen og stupte i angrep, når han hadde tatt med seg ballen over halve bana gav han ballen til Jese. Skotet hans blei blokkert men ballen endte hos Giovani Lo Celco som sette ballen i mål. 1-0. Han scorte i sin andre kamp på rad. Kampen trengte eit mål, og det fekk han. Nå måtte Alavés fram og angripe.

Det såg ikkje ut som om det var Alavés som måtte ha mål for det var Real Betis som forsette og styre kampen. Og etter 25 minuttar var Jese igjennom etter ein strålande pasning frå Canales. Jese fekk tok ballen ned med eit silkemjukt nedtak. Han tok ein skuddfinte og runda keeper. Han fekk avslutta men ballen blei redda på streken av ein Alavés spiller. Jese var bare centimeter i frå og sett inn sitt førte mål for Real Betis.

Så var det Alavés sin tur. Det kom eit innlegg inn i feltet, ballen blei heada at og fram i feltet men rett før keeper Pau Lopez skulle ta ballen blei ballen styrt i mål frå Guillermo Maripan. Det var 1-1 og Alavés var tilbake topp 6. Det var Alavés sitt 11. mål dødball denne sesongen. Det var ikkje den siste avslutninga frå Alavés. Plutseleg fekk var Mubarak Wakaso igjennom og fekk avslutta, men Pau Lopez klarte og hindre at ballen gjekk i mål. Det var ikkje så mykje meir som skjedde den første omgangen. Andres Guardado hadde ein avslutning som gjekk langt over Alavés keeper Fernando Pacheco. Pacheco har holde nullen 7 gonger på 21 kamper for Real Betis, men hadde ikkje ein god kamp forgje gang han møtte Betis, da slapp han inn 3 mål, ein kamp dei tapte 1-3.

- Annonse -

Andre omgang var i gang. Ingen av laga var heilt fornøgd med 1 poeng i denne viktige kampen. Real Betis kom ut med mykje energi og mykje viljestyrke. Det var tydelig at dei ville ha 3 poeng. Etter 51 minutt fekk Real Betis hjørnespark. Ballen kom inn og Zouhair Feddal fekk stå heilt åleine og stange ballen rett i tverrliggaren. 3 minuttar seinare var Antonio Barragán igjennom, han kom åleine med keeper, han vippa ballen til venstre for keeperen mens han sprang på høgreside. På veg forbi keeperen falt han og alle Real Betis fansen ropte på straffe, men det blei ingenting. Real Betis forsette og presse på, men dei klarte ikkje og sette ballen i mål. Både Jese og Sergio Canales var nære med og få ballen forbi Alavés keeper Pacheco, men det såg vanskelig ut.

Etter 75 minutt såg det ikkje ut til at det skulle komme fleire mål. Tida hold på og renne ut. Ingen av laga klarte og holde oppe aggressiviteten. Real Betis prøve og bygge opp angrep på angrep men Alavés var gode til og forvare seg. Dei hadde nokon muligheiter men ikkje av dei største. Ein avslutning Carvalho som gjekk over mål og nokon frispark i farlig posisjon. Dei fortente meir, men fekk ingenting. Alavés hadde ikkje skapt mykje i andreomgang.

I det 90. minutt kom det eit innlegg frå Lo Celso som kom inn i feltet. Der sto Loren Moron heilt åleine på seksmeter og stanga ballen rett på keeperen. Ein gedigen muligheit for Betis til og ta alle poenga. Dette car den siste store sjansen Real Betis fekk til og score, for kampen endte 1-1.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -