No får vi moglegheiten til å teste oss

150

Ein skuffa Sogndaltrenar etter tomåls-tapet på Brann stadion. 

Tidligare Brannspelar og noverande Sogndaltrenar Eirik Bakke har hatt nok å stri med den siste veka. Tap mot Strømsgodset, tap mot Odd og no seinast tap mot Brann. Dette hadde Bakke å sei om kampen. «Vi tar ikkje tak i kampen og når du er på Brann stadion må du ta tak. Brann legg seg ned, men vi skapar ikkje nok med ball. I fjor tok vi den, då gav Brann oss sjansen, det gjorde dei i år óg, men vi utnytta ikkje det.» Til tross for tre tap på rad, meinar Bakke at det ikkje er grunn til bekymring. «No får vi muligheiten til å teste oss sjølv, prestasjonane i dei to foregåande kampane har vert bra, men ikkje i dag. Hadde vi spelt som mot Odd i dag, hadde vi nok gått seirande ut.»

-No får vi sjå om ikkje vertfall vi greier å slå Førde

I tillegg til lite poeng er forsvaret tynnslitt. Frå før av er venstreback Victor Grodås ute med langtidsskade, finske Jukka Raitala skulle utjamne savnet frå Grodås, men no er også finnen ute med skade. «Jukka slit med lyske og er nok ute i tre-fire veker. Offensive backar er sentralt i spelet vårt, so det blir ei utfordring med spelarar i uvante posisjonar» fortel Bakke som no står uten venstrebackar i stallen. Som erstattar vart midtstoppar Bjørn Inge Utvik flytta ut på backen, men haugalendingen måtte ut med skade i pausen mot Brann. «Eg er litt bekymra, for det kan fort være ein hjernerystelse på Bjørn Inge.». Inn i laget kom debutant Magnus Pedersen, dansken imponerte Bakke og ligg nok an til å starte dei neste kampane. På torsdag ventar Førde i cupen før dei første mai tar i mot Rosenborg på Fosshaugane Campus, men Bakke er klar på at fokuset ligg på cupkampen. «No får vi sjå om ikkje vertfall vi greier å slå Førde.» – Fortel Bakke med eit smil.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -