Tottenham tok første stikk i semifinalen

Tottenham 1-0 Chelsea

195

Tottenham tok første stikk i semifinalen

 

Chelsea var det beste laget i mesteparten av kampen, men dei klarte ikkje å finne vegen til nettmaskene. Dette gjorde at Tottenham gjekk sigrande ut av det første oppgjeret i semifinalen av Ligacupen.

 

VAR i aksjon og to stolpeskot for bortelaget

 

- Annonse -

Begge lag kom ut av startblokkene med svært høg intensitet, noko som gjorde at det vart høgt tempo frå start av. Tottenham verka farlege og skarpe, medan Chelsea hadde det beste spelet i den oppbyggande fasa. Heilt i starten av kampen ropte «Dei liljekvite» på straffe etter ein situasjon mellom Heung-Min Son og Andreas Christensen, men utan å få gehør hos dommar Michael Oliver. Det skulle dei derimot få med VAR etter 25 minutt spelt.

 

Harry Kane vart spelt gjennom i eit enormt bakrom, og det såg ut som om han kom frå ein offsideposisjon. Han passerte Kepa Arrizabalaga og vart tydeleg felt, men linjedommaren hadde flagget oppe for offside. VAR tok ein titt på situasjonen og såg at Kane var akkurat onside. Det vart dermed dømt straffespark og engelskmannen skulle sjølvsagt ta det sjølv. Han sette den hardt, kontant og lågt til høgre for Chelsea-keeperen. 1-0 til heimelaget!

 

Etter målet skapte Chelsea fleire farlege moglegheiter. I det 40. minuttet slo Marcos Alonso eit godt innlegg som fann N´Golo Kanté på fremste stolpe. Franskmannen styrte ballen vidare i stanga og ut til 5-meter. Nokre minutt seinare trefte Chelsea treverket nok ein gong. Den spennande og hurtige kantspelaren Callum Hudson-Odoi, som er linka til Bayern München, prøvde å slå eit innlegg, men ballen streifa innom Danny Rose. Endringa i ballbana gjorde at Spurs-keeper Paulo Gazzaniga vart overraska, men han fekk ei hand på ballen, noko som gjorde at den gjekk i stonga. Den hadde nok fort gått i mål dersom han ikkje hadde fått fingertuppane på ballen.

 

Chelsea-dominans i 2. omgang, men ikkje uttelling i form av mål

 

«Dei blå» frå Vest-London heldt fram med å dominere kampen også etter pausen. Harry Kane sette Kepa Arrizabalaga på prøve i det 52. minutt, men etter det køyrde Chelsea kampen. Den største av dei alle kom berre sju minutt seinare. Ein corner vart stussa vidare og fann Andreas Christensen på bakerste stolpe. Det såg ut som om han skulle sette ballen i mål, men på utruleg vis gjekk ballen utanfor. Ein enorm sjanse for Chelsea å utlikne til 1-1!

 

Chelsea heldt fram med å presse. Nokre longskot og farlege innlegg var det dei hadde å kome med, men dei fekk ikkje skapt store sjansar inne i 16-meteren til Tottenham. Tottenham låg djupt og absorberte mykje av presset, men Chelsea hadde definitivt fortent å få med seg noko meir frå denne kampen. Spurs tek dermed med seg ei eittmålsleiing inn i returoppgjeret mot Chelsea på Stamford Bridge 24. januar. Lat oss håpe på ein kamp med like stor kvalitet og tempo.

[pro_ad_display_adzone id=»45146″ info_text=»- Annonse -» info_text_position=»above» font_color=»undefined» font_size=»11″]

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -