Halvdusinet fullt for Barcelona

279

Halvdusinet fullt for Barcelona

Fortsatte sigersrekka med kalassiffer

Barcelona hadde før dagens oppgjer elleve kampar på rad med siger og fullførte dusinet med målshow mot hjelpeslause Getafe. Allereie før kampen var det klart at Luis Suarez skulle spare krefter, difor satt storscoraren på benken.

Straffemiss av Messi

Barcelona tok oppskriftsmessig kontroll frå start og allereie etter sju minutt satt den første for dei regjerande mestarane. Messi spelte gjennom Alba som slo hardt inn foran målet til Guaita, der stod Getafe sin midtbanespelar Rodriguez som tuppa ballen i eige mål. Tre minutt seinare kunne det fort blitt dobling i målprotokollen. Ei klønete og sein takling på Neymar førte til straffespark til heimelaget, men Messi si straffe var av det svake slaget og Guaita redda enkelt.  Barcelona fortsatte det sterke presset og det skulle ikkje ta lang tid før det nok ein gong vart uttelling for heimelaget. Messi vart spelt gjennom, der argentinaren  slo vidare inn til Munir som stanga inn sitt andre mål på to kampar. Luis Enrique sitt mannskap gav Getafe lite tid med ballen og høgreiste Scepovic fekk lite å jobbe med på topp. Til tross for vedvarande press mot Guaitas mål var det lite sjansar å melde om før Neymar auka til tremålsledelse etter halvtimen spelt. Fem minutt før halvtid fastsatte Messi pauseresultatet til 4-0.

- Annonse -

Brassespark og soloraid

Getafe gjekk rett i angrep i andre omgang og eit skot utanfor målet til Bravo vart gjestane sin første sjanse for kvelden. Dog var det Barcelona det skulle dreie seg om dei siste førtifem, etter femtifire spelte minutt vart Neymar på ny spelt gjennom og brasilianaren trilla lærkula sikkert inn til 5-0. Berre to minuttar seinare var vertane på farten igjen, eit hjørnespark vart slått inn, stussa av Munir og Pique, før Arda Turan smell til med eit brassespark frå kloss hald. Guaita vart fullstendig tatt på senga og tyrkaren kunne notere seg for sitt andre mål på dei siste tre kampane i La Liga. Så var det duka for Messi-magi. Som mot Getafe i 2007 sprang den lille argentinaren ifrå halve Getafe-laget før han kom seg i avslutningsposisjon, til motsetning frå målet i 2007, gjekk dagens skot utafor den lengste stolpen til Guaita. Den siste halvtimen vart ei heller roleg affære der det kunne sjå ut som begge lag sparte krefter fram mot kommande kampar.

Barcelona (4-3-3): Claudio Bravo – Aleix Vidal, Gerard Pique (Marc Bartra 68) , Jeremy Mathieu(Thomas Vermaelen 60), Jordi Alba – Arda Turan, Sergio Roberto, Andres Iniesta( Sergi Semper 60) – Munir El Haddadi, Lionel Messi, Neymar jr.

Getafe (4-2-3-1): Vicente Guaita – Emiliano Buendia, Santiago Vergini, Emilliano Velazquez, Alvaro Pereira – Wanderson Wamberto(Bernard Mensah 77), Juan Rodriguez – Pedro Leon (Moi Gomez 54), Alvaro Medran, Abdoul Karim Yoda – Stefan Scepovic (Victor 54)

Gult kort: Pedro Leon, Alvaro Medran, Emiliano Velazquez. Alle Getafe.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -