Fortent siger til Levanger

206

Fortent siger til Levanger.

Til tross for sjansesløseri tok Levanger sigeren i sin siste kamp på La Manga.
(Bilete henta frå Johan Arnt Nesgård, t-a.no)

To veker før seriestart i Obosligaen har laga samla seg på La Manga for siste finpuss. Åsane tapte sin første kamp 2-0 mot Strømmen, medan Levanger tapte 2-1 for Bryne.

Tidvis godt spel frå begge lag og småaggresive meldingar frå spelarane viste at seriestarten i Obosligaen ikkje er langt unna.
Levanger starta første omgang positivt og dominerte banespelet. Før halvtimen var spelt hadde Bendik Bye og Benjamin Stokke kome til fleire målsjansar. Etter ein svak start heva Åsane seg betrakteleg inn mot pause, og kun ei god redning av Levangers sisteskanse hindra Herrem mål.

- Annonse -

I andre omgang var det større forskjell på laga. Åsane var nest sist i det meste og produserte svært lite foran målet til Jacob Storevik, som heller fekk ein roleg dag på jobb dei siste førtifem. Levanger på si side kunne -og burde ha scora fleire mål, den største sjansen misbrukte Bendik Bye då han satt ballen over frå kort hald. Fem minutt før slutt fekk Levanger hjørnespark, Peterson slo inn langs bakken, Voll forlenga ballen til innbytter Espen Berger som kontant satte inn sigersmålet.
Åsane FK(3-5-2): Eirik Østgaard Eirik Steen, Fredrik Knudsen, Simen Hatlebrekke – Joachim Soltvedt(Mathias Raum 65), Peter Aase(Simen Lassen 65), Vegard Moberg, Stian Nygaard, Senai Hagos – Geir André Herrem(Martin Sanchez Olsen65), Niklas Lerpold
OBS: Kan være feil både på innbytte og lag, då grafikken på La Manga ikkje var heilt korrekt.

Levanger FK(4-3-3): Jacob Storevik, Bent Sørmo, Per Verner Rønning(Tom Erik Nordberg 46), Espen Berger,  Rikard Nilsson(Lars Emil Flakk 69) – Marcus Astvald, Ørjan Hopen(Vegard Voll 46), Andreas Peterson – Benjamin Stokke(Erik Skeie 69), Jo Sondre Aas, Bendik Bye

Gult kort: Senai Hagos, Mathias Raum, begge Åsane.

Mål: Espen Berger, Levanger (84)

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -