Her er dei forsvarsspelarane eg kjem til og vurdere før denne sesongen.

Bodø/Glimt
Eg vurderer eigentlig ingen frå Bodø/Glimt. Dei mista sin viktigaste speler i Bjørnbak til Molde, Han blir det nok litt for vanskelig og erstatte. Dei har signert Vegard Bergan, men han er ikkje like god. Bodø/Glimt har vert gode i oppkjøringa så langt. Men det er ingen eg er trygge på der.

Brann
I Brann er det mykje som er usikkert. Det er ikkje godt og sei kven som skal spele på venstrebacken. Det er fire midtstoppar som alle kan spele. Vist vi begynner på venstrebacken, dei har Thomas Grøgaard(5,5) og Ruben Kristiansen(5,5). Det er ikkje bestemt kven som skal spele der. Eg holder ein knapp på Kristiansen. Men uansett er ingen av dei gode nok offensivt. På høgrebacken er Taijo Teniste(6,0) storfavoritt til og spele der, men Emil Kalaas(4,0) har spelt bra når han har fått spele i treningskampane til Brann. Den tryggaste midtstopparen er Vito Wormgoor(6,5). Han tar straffer og får masse bonuspoeng, han fekk heile 142 poeng i fjor. Men kven skal spele ved sidan av han. Bismar Acosta(6,0), Christian Eggen Rismark(5,5) eller Jesper Löfgren(5,0). Det blir nok neppe Löfgren, men om det blir Acosta eller Rismark veit eg ikkje. Acosta spelte mesteparten av sesongen i fjor. Men plutseleg var det Rismark som var fast. Det gjekk rykte om at Acosta skulle forlate Brann, men så i vinter skreiv han under med ny kontrakt i Brann. Så eg kommer nok for og gå for Wormgoor.

Haugesund
Haugesund har forsterka seg mykje. Dei har fått inn både Mikkel Desler(5,5) og Benjamin Tiedemann Hansen (5,0). Visst du har bestemt deg for at du skal ha ein defensiv frå Haugesund og du har mykje pengar bør du velje Alexander Stølås(6,5) Han fekk heile 150 poeng i fjor, og 115 poeng før det. Han hadde 4 mål og 8 målgivende. Elles så har dei Fredrik Pallasen Knudsen(5,5) som kan vere litt spennande. Han hadde 2 mål i år, men vist dei klarer og tette igjen bak, kan han bli ein viktig speler på lage ditt, utan at han kostar for mykje.

- Annonse -

Kristiansund BK
I Kristiansund er det to spelere eg vurdere. Christoffer Aaabak(4,5) og Dan Peter Ulvestad(5,0). Ulvestad har tilsaman på sine siste to sesongar 177 poeng. Mens Aasbak hadde 151 fordelt på to sesongar. Ulvestad skåra heile fire mål i fjor, mens Aasbak hadde 3 målgivende. Eg trur at 5 millionar blir for dyrt for ein KBK bak, og eg trur ikkje Aasbak kommer til og vere god nok offensivt.

Lillestrøm
I Lillestrøm er det ikkje så mange eg vurderer. Dei har henta inn Tobias Salquist(4,5) som kan gjere at dei holder litt meir nullen i år enn i fjor men eg trur fortsatt at dei ikkje er så alt for gode defensivt.

Mjøndalen
I Mjøndalen kan man nesten vurdere heile forsvarslinja. Men den eg har størst tru på er Joachim Olsen Solberg(5,0). Han hadde 3 mål og 5 målgivende i fjor. William Sell(4,0) kan også vere spennande. Det kan være at han skal spele som ein kantspeler. Han har 1 mål og 2 målgivende denne oppkjøringa. Men også Quint Jansen(4,5 kan man vurdere. Han hadde heile 4 mål i fjor, og han kan potensielt få mykje bonuspoeng.

Molde
Det er mange kule forsvarsspelarar i Molde. Die har fått inn både Haralseid(5,5) og Bjørnbak(6,0). Dei har også Haugen(6,0) og Forren(6,0) som nok kommer til og spele, kanskje Remmer(5,0) og Gabrielsen(5,5) kommer til og spele litt også. Eg trur at Bjørnak er den mest sikre i Molde laget, han skåra 5 mål i fjor for Bodø/Glint. Men det bur mykje spennande i Haugen og i Haralseid også.

Odd
I fjor var Espen Ruud (6,5) heilt sjuk i nokon rundar. Han skåra 8 mål og hadde 3 målgivende i fjor. Vi kan ikkje forvente det samme av han i år. Eg trur at han blir dessverre litt for dyr. Men dei har Birk Risa(5,5) som kan komme til og overraske mange. Dei har også midtstopparen Steffen Hagen (5,5), men med bare to målpoeng sist sesong har eg ikkje heilt trua på han.

Ranheim
Eg har ikkje vurdert nokon frå Ranheim. I fjor var Eirik Tønne forsvarsspelarar på Eliteserien Fantasy, men i år er han Midtbanespelar. Ranheim har mista både Aslak Fonn Witry og Christian Eggen Rismark.

Rosenborg
I Rosenborg er både Birger Meling(7,0) og Vegard Eggen Hedenstad(6,5) høgaktuelle. Hedenstad fekk 125 i 2017 og 117 i 2018. På Desse to åra har han 14 målpoeng. Men han har bare tatt 3 bonuspoeng. Birger Meling hadde 70 poeng i 2017 og 135 poeng i fjor. Han har 10 målpoeng på desse to sesongane. Meling var den som fekk 4 mest poeng av forsvarsspelarane i fjor. Man kan også vurdere Tore Reginiussen(7,0), Evend Hovland(6,5) og Gustav Valsvik(6,0). Men eg trur ikkje nokon av desse kommer til og gjere det like bra som Meling og Hedenstad.

Sarpsborg 08
Det er vanskelig og sei kva vi skal forvente av Sarpsborg i år. Man kan sefølgelig vurdere: Jon-Helge Tveita(5,5), Nicolai Næss(5,0), Joachim Thomassen(5,5). Men eg kommer nok ikkje til og bruke nokon av desse.

Stabæk
I Stabæk er det ikkje mykje gøy og finne. Den einaste eg vurderer i Stabæk er Ronald Hernandez(4,0) Det er bare fordi han kostar 4,0 og det kan sjå ut som at han skal spele litt.

Strømsgodset
Eg trur ikkje eg kjem til og ha nokon frå Strømsgodset defensivt i mitt lag. Det er konkurranse på begge backane, og dei er ikkje alt for gode defensivt. Sist sesong var dei veldig offensive noko som gjore at dei slapp inn veldig mykje mål. Det kan vere at dei har jobba mykje med dette, men eg føler meg ikkje trygg på nokon her. Vist det er nokon eg skal vurdere her så er det Jonathan Parr(5,0) og Lars-Christoffer Vilsvik(5,0). Men vist dei har klart og stramma opp bakover kan det være spennande og ha ein Godset defensiv.

Tromsø
I Tromsø er det eigentlig Lasse Nilsen man trenger å vurdere. Dei holt berre nullen 6 gonger i fjor. Men Nilsen kan man absolutt vurdere. Han hadde 91 poeng, Han skåra 4 mål og hadde 3 målgivende. Men Tromsø har henta inn Juha Pirinen(4,5) og Artem Sokol(4,5) begge dei kan være med og gjere Tromsø betre defensivt. Dei har også Simen Wangberg(5,0) som for to sesongar sidan fekk heile 126 poeng.

Viking
Viking var for dårlig defensiv i fjor. Det er ingenting som skal tilsei at dei skal bli betre på dette når dei kjem opp eit hak. Men dei har to spelarar som kan være spennande og ha bakarst på benken. Dei er Adrian Nilsen Pereira(4,0) og Tord Johnsen Salte(4,0). Det er ikkje sikkert at dei kommer til og spele. Men det er eit pluss vist du har ein til 4,0 som speler.

Vålerenga
Vålerenga defensivt er spennande, dei hadde 10 cleen sheet. Dei var veldig ujamne heile sesongen. Vist dei klarer og bli litt meir gjevne denne sesongen så kan det bli skikkelig bra. Dei har fått inn Johan Lædre Bjørdal som kan gjere at dei blir endå betre defensivt. Dei har Sam Adekube som har vert bra denne oppkjøringa, han til 5,0 kan bli veldig spennande. Bjørdal er også prisa til 5,0 samme som den motsette backen Efrain Juarez. Jonathan Tollås Nation kostar. Eg trur ikkje noko av stopparane kommer til og vere gode nok offensivt. Men Adekube og Juarez er spennande, Juarez hadde ein målgivende på 16 kamper i MLS. Adekube hadde ein målgivende 27 kamper i fjor, han endte på 70 poeng. Det som er litt skummelt er at dei slapp inn 4 mål siste treningskamp mot Lillestrøm.

Ein oppsummering til slutt. Det er mange spennande forsvarsspelar i år. Men vi du skal tenke på dei sikre er Vito Wormgoor bra, samme med RBK backane. Både Vålerenga, Odd og Molde trur eg kan blir betre bakover i år enn det dei var i fjor.

 

Visst du syntest fantasy er interessant så kan du registrere deg og lage eit lag hos Eurosport. Der kan du også bli med i Fotballnerd.no sinn Fantasy-liga, der du kan vinne drakt. Koden for og bli med i den er 338-2123. Gjerne tips venne dine om Eliteserien Fantasy og følg med på Fotballnerd.no for der kommer det tips og gode råd både før og under sesongen.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -