Marcus Rashford og David de Gea sørga for Manchester United- og Solskjær-siger

Ingress

650

Marcus Rashford og David de Gea sørga for Manchester United- og Solskjær-siger

Pogba + Rashford = mål

Kampen starta i eit heidundrande tempo der det bølga fram og tilbake i typisk «Hawaii»-stil. I det 9. minuttet kom den første store sjansen. Heung-Min son spelte gjennom Harry Winks som kom skrått på David de Gea. Midtbanedynamoen klarte ikkje å setje ballen på mål, og sjansen vart avverga.

I dei komande minutta var det derimot bortelaget som skulle skape dei farlege sjansane. Jesse Lingard var svært nære etter at eit innlegg vart stussa vidare mot lengste stolpe, og Anthony Martial og Marcus Rashford hadde begge moglegheiter frå skrått hald. Men det vart ikkje mål, endå.

I det 31. minuttet hadde Harry Kane ballen i mål for heimelaget, men det vart korrekt avvinka for offside. Litt seinare måtte den revitaliserte Moussa Sissoko ut med skade, noko som kan verte svært skjebnesvangert for laget frå Nord-London.

Vondt vart til verre då Kieran Trippier gav vekk ballen heilt upressa. Paul Pogba snappa den opp og fann Marcus Rashford med ei strålande pasning i bakrom. Han sprang frå Vertonghen og sette den i det lengste hjørnet. 0-1 stod det til pause.

- Annonse -

Sjansesløseri av Tottenham

Andre omgang heldt fram i eit forrykande tempo. Kane og Alli var nære for Tottenham, medan Pogba hadde to moglegheiter til å doble leiinga. Etter Pogba-sjansane tok heimelaget heilt over sjanseskapinga og banespelet, medan Manchester Uniteds spanske målvakt viste seg frå si aller beste side.

Dele Alli kom heilt åleine med David de Gea, men målvakta gjorde seg stor og Alli sette avslutninga redd på spanjolen. Toby Alderweireld hadde eit godt forsøk på ein corner, men de Gea stoppa ballen med ei praktfull beinparade, noko som etter kvart har vorte varemerkeredninga hans. Alli hadde nok eit farleg forsøk, medan Kane og Eriksen hadde kvar sine frispark, men ingenting kunne overliste David de Gea.

Seiersrekka held fram for Solskjær

Harry Kane hadde fleire svære moglegheiter rett før slutt, og Fernando Llorente hadde også eit forsøk, men det vart ikkje fleire mål på Wembley denne søndagsettermiddagen. David de Gea stengte buret totalt, medan Tottenham sløste vanvittig med sjansane sine. Dermed held sigersrekka fram for Ole Gunnar Solskjær & co. Dei ligg likt med Arsenal og seks poeng bak Chelsea på 3. plass, så her er moglegheitene for Champions League-spel neste sesong absolutt tilstades.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -