Dei første åra 

Real Betis blei danna den 12. september 1907, det var ein gjeng med ungdommar som grunnlagt klubben. Dei bestemte at klubben skulle heite Sevilla Balompié. To år seinare bytta dei namn til Betis Balompie. I 1914 fekk alle lag i Spania lov til og kalle seg for «Real» som betyr kongelig på spansk. I 1915 spelte dei sin første kamp. Da brukte dei grønne og kvite drakter, på grunn av at rådgivaren deira hadde vært og sett på Celtic som også har det. Men det var ikkje bare derfor, Real Betis kommer frå Sevilla som ligger ved sidan av store områder med grønn natur. Men Real Betis kom ikkje så godt i gang. Dei var nærme og bli opplaust fleire gonger i løpet av 1920 talet. Men det kom seg i 1929 når dei blei etablert i det spanske ligasystemet.

Frå siger til nedrykk 

Det gjekk bare tre år før dei vant Segunda División og kom opp i toppdivisjonen, det vi i dag kallar Primera división eller La Liga. Og bare tre år etter, altså i 1935 vant dei sin første og einast Ligatittel. Men dei klarte ikkje å etablere seg som eit topp lag i Spania. Når borgarkrigen kom rykka dei ned til 3. divisjon. Og dei klarte ikkje å rykke opp til den øverste divisjonen før i 1958. Mykje pga. av at Francisco Franco brukte Betis-stadionet som en militær skueplass. Men i 1958 gjekk det betre. Benito Villamarin kom inn i Real Betis og snudd heile klubben på hovudet. I 1964 tok dei bronse i Primera división. I 1966 døde Benito Villamarin av kreft, og stadion til Real Betis blei kalla opp etter den tidligare presidenten. 11 år etter tok laget frå Real Betis sin andre tittel. Denne gangen var det i den spanske cupen Copa del Rey. Dette betydde at Real Betis skulle få sjansen i Europa i cupvinner cupen. Der var dei gode og kom heilt til kvartfinalen. Men etter dette var det ein nedadgående kurve. Dei rykka ned og heldt igjen på å gå konkurs.

- Annonse -

Europa 

Utover på 1990 talet fekk Real Betis inn trenaren Lorenzo Serra Ferrer som stabiliserte dei i toppen. Han klara å styre Real Betis til to tredjeplassar og han var også nærme å vinne cupen igjen. Og i 2005 tok Real Betis sin siste tittel. Det var også denne gang cupen. Da var det deira tur og prøve seg i Mesterligaen. Der dei fekk bryne seg mot mange store lag. Dei slo for eksempel Chelsea 1-0. Men så fekk dei økonomiske problem igjen i 2010. Men heldigvis for laget frå Sevilla klarte dei og rydde opp i det.

Ein ny start i Sevilla 

I mai 2017 kom den tidligare trenaren Lorenzo Serra Ferrer tilbake til Real Betis som sportsdirektør. Sesongen før Ferrer kom endte «de grønnhvite» på ein 15 plass. Ikkje mange poeng ned til nedrykk. Sommaren etter at Ferrer blei sportsdirektør skjedde det mykje med stallen til laget frå Sevilla. Han kvitta seg med 9 spelarar og kjøpt 8. Og han annaste Manageren Quique Setién. Alt for og spele den lite direkte, men offensive spelestilen. Han signerte gode spelarar som Cristian Tello som hadde mange år I Barcelona, og spelaren Sergio León som sette 11 mål den sesongen i serien.

2017/2018 sesongen begynte ikkje så veldig bra for «Los verdiblancos» som bare fekk 3 poeng på dei tre første sesongen. Men etter 3 ligakampar såg dei ut som eit lag som kunne henge med I toppen med 3 strake sigre på rad. Siger over Real Madrid og dei vant den siste av dei tre kampane 4-0 over Levante. Dei 2 neste kampane forsette dei med å være veldig gode offensivt med da var ikkje forsvare like bra, med resultat som 4-4 mot Real Sociedad og 6-3 tap mot Valencia. Men etter 2-0 seier mot Alavés den 30. Oktober gjekk det dårligare får Betis. Dei gjekk nesten to månader uten seier. Dei vant Ikkje før den 18 Desember 2017, når dei vant 2-0 over Málaga på bortebane. Men det blei den siste sigeren for Real Betis i 2017. Dei kunne sjå tilbake på eit bra år. Dei hadde klart seg greit i ligaen så langt. Dei spelte offensiv fotball uansett kven dei møtte, om det var Real Madrid eller Barcelona.

Real Betis fekk ein enormt god start på 2018 med ein god 5-3 seier over Sevilla på bortebane og 3-2 seier mot Leganés. Men dei kom seg god ned på jorda igjen med eit 5-0 tap mot Barcelona. Og eit nytt tap mot Celta Vigo. Med 15 mål i mot på dei fem siste kampane var det tydeleg at det ikkje var godt nok, så dei bestemte seg for å kjøpe Marc Bartra frå Borussia Dortmund. Noko som virka med ein gang, med at dei berre slapp inn eit mål på dei neste to kampane. Men sjølv om at spanjolen Barta var på plass blei det eit stor tap mot Real Madrid.

12. Mars vant Real Betis mot Alavés. Det var starten på noko heilt spesiell. Dei vant 6 kampar på rad. og dei spelte 8 kamper utan tap. Dei hadde eit sterkt uavgjort resultat mot Atlético Madrid. Og alle desse 8 kampane var med på gjere at Betis klatra mykje på tabellen og plutselig var dei med i kampen om topp fire og Champions League. Men dei klarte ikkje å få meir enn 1 poeng på dei siste 3 kampane. Så dei endte på ein veldig sterk 6 plass. Som betydde at dei skulle ut i Europa League kvalifisering.

Etter er veldig sterk 17/18 sesong viste Real Betis at dei satsa på å gjøre det enda betre i 18/19 når dei signerte den enormt gode spelaren William Carvalho frå Sporting CP. Han var linka til fleire store klubber som for eksempel Manchester United. 14 månader etter at Lorenzo Serra Ferrer blei sportsdirektør i Betis var det bare 6 speler som igjen som også var der når han kom. Men det var ikkje bare den overgangen som viste kva dei ville. Dei signerte også: Diego Lainez, Sidnei, Sergio Canales og Giovani Lo Celso på lån som alle var gode spelarar.

Ny sesong 

Men det blei ingen drømmestart på sesongen, 3-0 tap mot Levante og 0-0 mot Deportivo Alaves. Men så vart det betre. Dei spelte 5 kamper i serien utan tap. Og dei spelte uavgjort mot Olympiacos, og vant mot Dudelange i Europaligaen. Men så gjekk det litt dårligare i ligaen. 3 kamper med tap, mot Atlético Madrid, Real Valladolid og mot Getafe. Sjølv om det gjekk litt dårligare i ligaen forsette dei og prestere i Europa. Dei slo Milan og Olympiakos, som gjore at dei gjekk vidare til sluttspelet der dei skulle møte Rennes nokon måner seinare. Og dei kom seg opp på hesten igjen i ligaen og, der dei overraska og vant 4-3 mot Barcelona på Camp Nou. Dei kunne feire jul med ein god følelse. Dei var med i Copa Del Rey, Europaligaen og med i kampen om topp fire i Ligaen.

Men våren var litt meir ustabil. Dei måtte spele 5 kamper i 2019 før dei klarte og vinne ein kamp. Men dei tapte heller ikkje så mykje. Dei møtte Rennes i Europaligaen i Frankrike der dei spelte 3-3. Men dei tapte 3-1 på heimebane og rauk ut der. Dei rauk og ut for Valencia i Copa Del Rey. Dei vant bare fem kamper dei tre første månane. April vart ikkje noko betre. Dei spelte seks kamper og dei vant bare ein av desse. Men Mai vart litt betre. Det var klart at dei ikkje kunne kjempe om Mesterligaen. Den første kampen var mot Eibar, men den tapte dei 1-0. Den andre kampen deira i mai vant dei 2-1 over Huesca. Også var det klart for den siste kampen for sesongen. Real Madrid på bortebane. Og det skulle bli ein god avslutning, for dei vant 2-0 over Madrid laget. Men tiltross for den gode avslutning fekk dei bare ein 10 plass. Og etter dette fekk Quique Setién som har vert med på å dette prosjektet heilt sidan 2017 sparken. Man kan sei at dette er slutten av eit stor og spennande kapittel i Real Betis boka. Så blir det spennande og sjå på neste side kva som vil komme der.

Fakta om Real Betis

45 sesongar I Primera Division
27 sesongar I Segunda Division
7 sesongar i Segunda B (tilsvara tredje divisjon)
1 sesong i UEFA Champions League
6 sesongar i UEFA-cupen
2 sesongar i Cup vinner cupen

 

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -