Harry Kane ute i to månadar

257

Etter tapet mot Manchester United for to dagar sidan har vondt blitt til verre for Tottenham i dag. Etter å ha scanna Kanes venstre ankel, som fekk gjennomgå heilt på slutten av søndagens oppgjer, så kan klubben frå Nord-London bekrefte at han har skada leddbanda i ankelen. Landslagskapteinen er venta å vere tilbake i trening i første halvdel av mars.

Dette betyr at han er ute i mange viktige kampar. To bortekampar på Stamford Bridge mot Chelsea, der den eine er kamp nummer to i semifinalen i Ligacupen, Champions League-oppgjera mot Borussia Dortmund, Nord-London-derbyet på «heimebane», og ei potensiell Ligacup-finale ser ut til å måtte gå utan talismanen til «dei liljekvite». Dette er i tillegg til mange ligakampar og minimum eitt FA Cup-oppgjer.

Dette er ikkje første gangen Kane har skada ankelane sine. I 2016/17-sesongen mista han 14 kampar p.g.a. ankelskade, medan to kampar gjekk utan Kane p.g.a. dette i 2017/18-sesongen. Det nye med denne skaden er at det er den venstre ankelen som har fått gjennomgå, medan det dei føregåande gongane var den høgre ankelen som fekk svi.

Dette kjem på eit svært dårleg tidspunkt for Tottenham og Mauricio Pochettino. Ikkje nok med at kampane i næraste framtid er svært viktige, men sørkoreanske Heung-Min Son, som mest sannsynleg hadde vore «caretaker» i posisjonen, har no reist til Asiameisterskapet og er vekke i underkant av ein månad dersom han og Sør-Korea kjem langt i turneringa. Lucas Moura har slite med ei skade, men ser ut til å vere tilbake snart, noko som er gode og viktige nyheiter for Tottenham-fansen, sidan han kan vikariere som spiss. Pochettino er ikkje stor fan av å starte med spanske Fernando Llorente på topp, men heller at han kjem inn som innbytar på tampen av kampane, så det er usannsynleg at han får starte ei stor mengde av dei komande kampane.

- Annonse -

Harry Kane er kjend for å kome tilbake tidlegare enn venta frå skadene sine. Då han vart skada for andre gong i 16/17-sesongen var han venta å vere ute i åtte kampar, men kom tilbake etter berre tre kampar utan han. Tottenham-fansen må håpe på at noko liknande skjer, sjølv om det er usannsynleg, sidan det er den andre ankelen det er snakk om. Det gjer at skadeomfanget vert litt uvisst, og vanlegvis større.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -