NT ligaen avd.4: Intervju trenarar. 2.runde: fokus på Spjelkavik-Fjøra og Førde-Brann2.

217

Kontramelding i frå Fjøra leiren  på det gulekortet som fekk ein anna eigar enn Per Eirik Lunde,Det var Henrik Navarsete som fekk det på Fjøra under Fjøra-Aalesund2.

Då er det dags for 2.runde i NT ligaen avd.4.
Vårt fokus på denne runden vil være Spjelkavik-Fjøra 22.04.
men også Førde-Brann2 men den kampen skal spelast på måndag 24.04.

Aalesund2-Varegg:
Varegg trenar Hiep Tran har dette å seie om morgon dagens kamp:
Eg forventar å møte eit ungt og veltrena lag som spring masse.Mens vi har kanskje ein fordel i duellspelet vårt.
Derfor trur eg at det blir ein jamnspelt kamp,Som eg håpar endar i vår favør.
Aalesund2 trenar Erling Ytterland har dette å seie om morgon dagens kamp:
Kjenner veldig lite til Varegg. Men dei er heilt sikkert eit lag som holder 3 divisjon nivå.
Uansett heimebane og vi er ute etter å revansjere tapet tidlegare i veka.

Fyllingsdalen-Haugesund2:
FKF sin trenar Roar Fredriksen har dette å seie om kampen i morgon:
Kampen blir ein tøff og jamn batalje. Vi stiller med skadefritt mannskap og vi ønskjer å styre kampen mot eit sannsynlegvis eit ungt Haugesund2 lag.
Haugesund2 sin trenar Espen Bull-Tornøe har dette å seie om kampen i morgon:
Forventer ein tøff ksmp mot eit lag som slo brann2 sist.
Vi skal gi dei ein god kamp og vi vonar at vi reiser heim med alle tre poengene.

- Annonse -

Stord-Os:
Stord sin assisten trenar Jon Andre Røyrane har dette å seie om morgon dagens kamp:
Vi har trua på ein ny god kamp.Vi ser føre oss at me kjem til å ha ballen meir,enn det vi hadde sist mot Brattvåg.
Os er eit lag vi skal ha bak oss på tabellen! Så det er ein viktig kamp.

Lysekloster-Brattvåg:
Heimelaget sin trenar Ruben Hetlevik har dette å seie om morgon dagens kamp:
Eg trur at det blir ein jamn og underhaldande kamp mot divisjonens soleklare opprykksfavoritt.
Dei ser veldig sterke ut med mange spelarar som har prestert på eit mykje høgare nivå tidlegare.

Spjelkavik-Fjøra:
Fjorårets kampar mellom laga:
Fjøra-Spjelkavik:2-0 Mathias Flo scora begge måla for Fjøra.
Spjelkavik-Fjøra: 1-3 Målet til Spjelkavik vart scora av Knut Idar Dahlhus.
Fjøra sine mål vart scora av:Per Eirik Lunde.
Gøran Wigum.
Espen Outzen.
Heimelaget sin trenar Trond Fagermo har dette å seie om morgon dagens kamp:
Det blir ein spennande kamp mellom 2 fysisk solide lag. Vi er meir spelande lag enn eit veldig direkte Fjøra,så det blir 2 forskjellige stilartar.
Jamn,tøff affære,der vi sjølvsagt går for 3 poeng.
Fjøra sin trenar Håvard Hatle har dette å seie om morgon dagens kamp:  
Det er ein vanskeleg bortekamp,Spjelkavik er eit robust godt fotballag.Så vi får testa oss mot eit av avdelingens beste heimelag.

Førde-Brann2:
Førde sin trenar Bjørn Totland har dette å seie om kampen på måndagen:
Tøff kamp. Vi møter ein Bra motstandar med masse unge gode fotballspelarar i Brann.
Vi satsar på ein god prestasjon der vi får til vår kampplan og eg vonar at det held til 3 poeng.

kampane for 2.runde er:
Spjelkavik-Fjøra.22.04              KL:14:00.
Stord-Os 22.04                         KL:14:00.
Aalesund2-Varegg 22.04            KL:14:00.
Fyllingsdalen-Haugesund2 22.04 KL:15:00.
Lysekloster-Brattvåg22.04          KL:16:00.
Herd-Sotra 23.04                       KL:14:00.
Førde-Brann2 24.04                   KL:18:00. 

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -