Det var rolig start på første omgang, ingen store sjansar før etter 14 minuttar når Iker Muniain frå Athletic avslutta, men han traff dessverre for Bilbao ikkje mellom stengene. Men det tok bare 7 minuttar før han var frampå igjen. Og denne gangen traff han betre. Det var ein feil pasning frå Real Betis som førte til at det kom eit innlegg frå Oscar De Marcos inn til Muniain som sette ballen i mål.

Så nokon rolige minuttar. Real Betis hadde kontroll på ballen men klarte ikkje og skape nokon store sjansar før i det 32 minutt. Denne gang var det Sergio Canales som avslutta for Real Betis, men avslutninga gjekk utanfor. Bare to minuttar etterpå var det Athletic som var frampå, Oscar De Marcos som sette ballen utanfor mål. Men det var ikkje slutt på sjansane, fordi eit minutt etter var det Real Betis som skapte spenning i kampen. Nykommaren Diego Lainez som fekk avfyrt eit skott som dessverre for Betis fansen blei redda av Iago Herrerin.

Ikkje mange minutt etter var dei frampå igjen. Det var Betis spelaren Zouhair Fedda som brukte hovudet for og stange ballen i stolpen. I det 42 minutt var det Inigo Martinez som fekk fyrt av ein avslutning mot Real Betis keeperen Pau Lopez, men ballen gjekk så vidt utanfor. Noko av det siste som skjedde i første omgang var at Real Betis fekk ein avslutning med hovudet til Sidnei, men det sto fortsatt 1-0 etter den avslutninga.

Andre omgang starta med mykje fart og mykje dueller. Athletic Club hadde ein nesten ufarlig avslutting som Pau Lopez hadde god kontroll på. Noko måtte gjerast vist Real Betis skulle få med seg noko her. Så Quique Setién måtte bytte ut Antonio Barragan som blei erstatta av Cristian Tello. Men det såg ikkje ut til og hjelpe. Athletic forsette og styre kampen og i det 62 minutt fekk dei ein stor sjanse. Det var Yuri Berchiche som avslutta på mål, men han greidde ikkje å score sidan Lopez sto i vegen.

- Annonse -

Etter 69 minuttar kom det eit defensivt byttet frå Gaizka Garitano som sette inn Mikal Balenziaga for Inigo Cordoba. I det 74 minutt fekk Real Betis frispark, det såg ikkje ut til og være noko farlig men Sergio Canales hadde eit strålande skot så det var bare så vidt at keeperen fekk redda ballen. Quique Setién svarte på Garitano bytter og gjore eit dobbelt bytte. Han tok inn Sergio Leon og Andres Guardado, utan at det gav noko umiddelbar virkning. Det såg ut for at alle poenga skulle bli igjen i Athletic, dei hadde god kontroll på kampen og det var for lite bevegelege i Real Betis laget. Dei klarte ikkje og skape dei store sjansane. Athletic trenaren gjore eit nytt bytte. Denne gangen var det målscoraren Muniain som skulle ut og Ibai Gomez som skulle inn.

I det 84 minutt blei det dramatisk, det var William Carvalho som tok med seg ballen framover. Rett bak han kom Oscar De Marcos, De Marcos takla Carvalho bakfrå og fekk direkte rødt kort. Dette skapte ny tro hos Betis fansen. Korleis skulle Athletic klare seg med bare 10 spelarar? Det siste bytte kom frå Athletic det var Gorka Guruzeta som kom inn mens Inaki Williams gjekk ut. Den siste sjansen som kom var frå William Carvalho, men det var ingen god sjanse, 26 åringen blåste ballen langt over mål.

Athletic vant kampen fullt fortent. Dei hadde dei største sjansane og var mest effektiv framfor mål. Athletic Club er nå på 11 plass og bare 3 poeng bak Real Betis på tabellen.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -