Det var klart eit spennande oppgjør mellom Real Betis og Barcelona. Det var to lag som begge er glad i og holde på ballen. Det var dei to laga som har mest ballinnhav i La Liga som skulle møtes. Forgje gang dei møttes endte det 4-3 til Real Betis. Real Betis gjekk ut i ein 3-4-3 formasjon. Mens Barcelona spelte med ein 4-3-3 formasjon. Det var to lag som ikkje var redd for kvarandre, dei ville spele på sinn måte uansett kven dei møtte. Laga hadde møttes 97 gonger før denne kampen. Barcelona hadde vunne 59 gongar, det hadde blitt uavgjort 21 gongar, og Real Betis hadde vunne 17 gongar. Det var forventa mykje mål i denne kampen, dei siste 7 kampane var det skåra 30 mål. Og vi må heilt tilbake til 25. Februar 1996 for og finne forgje gang det blei skåra mindre en to mål.

Kampen var i gang. Det var ikkje dei store sjansane dei første 10 minutta. Men det var høgt tempo og høgt press frå begge laga. Cristian Tello hadde eit skot etter 11 minutt men det endte rett på mål. Etter 15 minutt var Barcelona i angrep. Arthur blei felt rett utanfor sekstenmeteren. Spenningen økte i Sevilla når dei såg at det var Messi som skulle ta det. Alle trudde at han skulle skyte over muren og i nærmaste hjørne. Men det gjore han ikkje, han gjekk for lengste kryss og der endte ballen, i mål. Pau Lopez måtte kapitulere og sjå at ballen endte i nette bak han. 1-0 til Barcelona.

Etter 24 minutt fekk Barca frispark 5 meter lengre vekke. Det var igjen Lionel Messi som skulle ta den. Kor skulle han skyte nå, over muren eller i lengste hjørne. Denne gangen gjekk han for og skyte over muren, men Betis keeperen var med på notane og klarte og halden ballen utanfor målet. 32 minutt ut i kampen blei Tello spelt igjennom av Jese, han fekk avslutta, men Ter Stegen slapp ikkje ballen inn. Rett etter fekk Jese ein sjanse men avslutninga hans gjekk rett utanfor.

5 minutt før pausen spelte Marc-André ter Stegen ballen ut, ballen endte hos Alba som fossa framover. Han sentra til Vidal som slo ballen vidare til Messi. Han kunne skyte men valgt og legge ballen til Suarez som ved ein god avslutning kunne sette ballen i mål. Men det klarte han ikkje, og ballen endte rett i hendene til Pau Lopez, som på fredag blei tatt ut til Spania sin landslagstropp som skal møte Noreg neste helg.

- Annonse -

På slutten av overtida av førsteomgang var plutselig Suarez igjennom. Han tok med seg ballen innover bana og når han var framme ved sekstenmeter streken brukte han hælen til og spele igjennom Messi som trilla ballen enkelt i mål. 2-0 til Barca rett før pause. Dette såg ikkje bra ut for Betis. Så var det pause. Barca var godt fornøgd med første omgang. Dei leda og trengte ikkje stresse i andre omgang.

Andre omgang var i gang. Real Betis måtte ta sjansar nå, dei måtte risikere meir vist dei skulle klare og få nokon poeng ut av denne kampen. Og dei kom ut og tok styringa i den andre omgangen. Det var dei som var nærmast og skåre mål dei første minutta i andreomgangen. Når rundt 60 minutt av kampen spelte Ter Stegen ballen ut, Bartra prøvde og heade ballen vekk, men han haeda ballen bakover og da var Suarez åleine med keeperen. Men Suarez klarte ikkje og få ballen på mål. 2 minutt etter var Suarez frampå igjen. Han dribla seg forbi 4 Betis spelte så lett så det såg ut som om dei var kjegler. Etter dette klarte han og lurt ballen i mål. 3-0 til Barcelona og kampen var avgjort.

I det 81. minutt var det Real Betis sin tur. Real Betis var i angrep og ballen endte hos Diego Lainez. Han prøvde og drible seg forbi Barcelona spelarane, men han skjønte fort at han ikkje kom seg forbi. Så han gav balle til Loren Moron som fekk avslutta og ballen gjekk i mål. 3-1. 3 minutt etter var ballen i mål igjen. Det var Lionel Messi som var målscoraren. Han hadde skåra hat-trick. Det var ein avslutning på ca. 20 meter som gjekk i tverleggeren og inn. 4-1 til Barcelona. Det var han som var forskjellen på laga. Og det var ikkje bare at han skåra mål. Han skåra ekstremt fine mål.

Og kampen endte 4-1 til Barcelona. Real Betis hadde ingen god sluttspurt etter dette. Dei gav opp. Dei hadde ingen Messi som kunne skåre 3 mål for dei. Dei hadde ingen som kunne avgjere ein kamp åleine.

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -