Det blei ein solid siger for Leganés over Real Betis

Youssef En-Nesyri senka Real Betis med tre mål

99
Foto: LaLiga logo

Det var ein kanonstart på første omgang. Etter bare ti sekunder kom det ein lang pasning fram til En-Nesyri som skaut, men ballen gjekk utanfor. Det var tydelig at han var påskrudd og klar for å score mål. Real Betis sleit med å spille av det store presset til Leganés som vant ballen igjen etter 2 minuttar. Denne gangen var det også Youssef En-Nesyri som sette fart framover og fekk avslutta men ballen gjekk utanfor. Det var heilt tydelig frå start at Real Betis skulle ha ballen mens Leganés ikkje ville ha ballen, noko som er naturlig sidan Real Betis er det laget i La Liga som har mest ballbesittelse, mens Leganés har nest minst ballbesittelse.

Etter 8 minuttar var Leganés frampå igjen. Det var Óscar Rodríguez Arnaiz som vant ballen innanfor sekstenmeteren til Betis og fekk ein avslutning, men det blei for dårlig vinkel så den gjekk rett på keeper Pau Lopez. Rett etter fekk Betis ein kontring. Det var Giovani Lo Celso som slo ein pasning til Jesé Rodríguez Ruiz som fekk avslutta på mål. Leganés svarte med og gå rett i angrep, men avslutninga frå Jonathan Silva gjekk så vidt utanfor. Det hadde vert gode ti minuttar. Leganés hadde hatt mange avslutningar men det var fortsatt 0-0. Real Betis som hadde store vanskar med å spille av det enorme presset til Leganés.

I det 21 minutt fekk Leganés eit hjørnespark. Det var Silva som skulle ta det. Han slo hjørnesparket og balle datt ned hos Youssef En-Nesyri som fekk stå heilt åleine og score sitt første mål for kampen. 1-0 til Leganés. Nå blei det vanskelig for Real Betis som ikkje hadde vært i nærheten dei første 20 minutta. Dei såg sliten ut noko som har ein samanheng med at dei spelt kamp mot Valencia i Cop Del Rey semifinalen forgje torsdag. Dei skal også spele i Europaligaen mot Rennes neste torsdag.

Etter 35 minuttar var En-Nesyri frampå igjen. Det var eit strålande innlegg frå Óscar Rodríguez og En-Nesyri sette ballen lett i mål. På dette tidspunkt hadde han scora sitt 5 mål på 3 kamper. Det skjedde ikkje så mykje meir den først omgangen. Det kom eit skot frå Unai Bustinza som gjekk utanfor mål. Det hadde vert ein tung omgang for Real Betis som hadde slitt med og skape dei store sjansane, og det såg ut til at Leganés hadde god kontroll.

- Annonse -

Her måtte Quique Setién gjere noko. Så han sette innpå Diego Lainez og tok ut Zouhair Feddal. Andre omgang starta ikkje like bra som første omgang. Men dansken Martin Braithwaite fekk ein avslutning som gjekk utanfor. Men så var det rolig ei stund. Lite med sjansar til begge lag.

Etter litt over en time var 21 åringen frå Marokko foran mål igjen. Det var ein kontring der Martin Braithwaite sendte En-Nesyri igjennom, og hat-tricket var i boks. 3 poeng var i boks. Det var veldig usannsynlig at Real Betis skulle score 3 mål på 25 minutt. Men Quique Setién gav ikkje opp, Han sette inn Loren og Guardado. Men han måtte også gi opp når han såg at Javi Garcia fekk rødt kort etter 80 minuttar, han kom inn med knottane og fekk direkte rødt.

Kampen endte 3-0 til Leganés

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -