Eliteserien: Sogndal – Brann 2-3

506

Før kampen så vart det minneord om Sead Sabanovic som har jobba for Sogndal Fotball i eit årrekke som måtte gje tapt for sjukdommen. Det vart avslutta med eit  halvt minutt med applaus for Sead.

Litt om kampen:
Sogndal gjekk opp i 1-0 når det var spelt 10 minutt. Etter ein retur på Piotr så kunne Eirik Schulze putte den enkelt i mål. Brann hadde ballen mest i 1.omgang. Men sleit med å komme seg til dei store sjansane.
Pause ved stillinga 1-0 til heimelaget.

Mykje det samme som i 1.omgang at det var Brann som hadde ballen mest.
Sogndal opp til 2-0 ved Per-Magnus Steiring.
Brann svarde med ein gang og gjekk opp til 2-1 så vart det kamp igjen. Målscorar:Peter Orry Larsen.Han fekk pipekonsert i frå han vart bytt inn til han hadde ballen i føttna. Ettersom at han var så og seie klar for Sogndal i vinter. Men han gjorde heilvending og reiste til Bergen i stadenfor.
Sogndal gjorde eit Defensivt bytte ut med Koomson og inn med Furebotn. Mange rista på hovudet etter det byttet av dei på tribuna!
Så smalt det i frå 25m Fredrik Haugen ladar opp skotfoten og sett den inn i målet bak Dyngeland.Brann har snudd det!
Sogndal klarde aldri å svara på 2-3 målet til Brann. Bortelaget har ikkje vunne på Fosshaugane Campus på 15 år!
Sogndals spelar Espen Næss lund seie dette om gårsdagens kamp på Fosshaugane Campus:
Det var for mange duellar tett på vår eigen boks. Vi lot dei holde på med sitt spel når vi vart veldig lave. Måla som vart slept inn bærer preg av akkurat det.
Eller så var det mykje trøkk og duellar slik eit vestlandsderby skal ha.
Brann spelar Peter Orry Larsen seie dette om gårsdagens kamp:
Det er alltid tøft å koma til Sogndal,spesielt når vi kom under 2-0.
Men vi held oss til kampplanen og visar ein fantastisk mentalitet.
Vi visste på forhånd at det kom til å bli ein tøff kamp og det smakte veldig godt å få reisa heim med 3poeng etter ein slik kamp.

 

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

- Annonse -

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -